Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juli, 2020

Har du koskräck?

Ein populær figur på åttitalet, både i Sverige og Norge var Lasse Brandeby sin karakter Kurt Olsson som med karakteristisk Elvis-sveis og storruta jakke hadde sitt eige lille tvselskap Kurt Olssons television , som sende frå svigermora si kolonihytte. Med sin kompis Arne (Hans Wiktorsson) bak kamera, og eit dameorkester i stova, kjørte dei på med utrangerte hits frå tidlig sekstital med Siw Malmkvist og Lill-Babs. Men det mest populære innslaget var nok kjendisintervjua han gjorde frå ein kjempesofa på taket av ein møbelbutikk*.  Han innleda alltid med å spørja om vedkommande hadde kuskrekk, og veldig mange vil fremdeles huska hans uforliknelige intervju den legendariske (persen på 2.42 var verdensrekord i 1986, og er fremdeles europarekord. Han er bare slått av ein mann, kubaneren Javier Sotomayor) svenske  høgdehopparen Patric Sjöberg . Eg klarte ikkje embedda dette klippet, men du kan sjå det her p

Ikkje rare greiene

Eg legg no ut eit klipp som ikkje egentlig høyrer heime her. For det første fordi det ikkje er i nærheten av å vera morsomt og for det andre fordi det grenser opp mot både rasisme og sexisme. Så kanskje du må sjå på dette som eit debattinnlegg. For litt sidan la eg ut posten Ikkje snakk om krigen!   som handlar om ein episode frå Fawlty Towers som vart kritisert for rasisme. Og eg kan forstå ka kritikarane meiner, for det er ikkje alltid greit å la ein karakter ausa ut rasistiske og hatefulle ytringar. Når er det egentlig greit? For å svara på det må ein sjå på både på konteksten og hensikten. I tilfellet Fawlty Towers, så hadde vi ein gjennomgåande karakter (Major Gowen) som var både senil og rasistisk. Og (meiner eg) det var tydelig at det var majoren sjøl som vart gjort til latter. Majoren var ein latterlig type med latterlige meiningar. Serien er derfor langt frå rasistisk, snarare tvert om. Så dette er

Røykestopp med Dirch Passer

Nok ein klassisk sketsj, denne gong med danske Dirch Passer . Ein kan kanskje sei at med eit utsjåande som hans, så var det komikar han måtte bli. Hans eineste seriøse rolle på teateret var i 1961, der han spelte den tilbakeståande Lenny i Mus og menn av John Steinbeck. Men på det tidspunkt var hans image som komikar så grunnfesta, at folk brast i latter, så snart han viste seg på scenen. Passer skal ha tatt seg nær av dette, og forestillingen stoppa etter 11 framføringar. Passer spelte inn omkring 100 filmar med blanda mottakelse frå kritikarane, men han var elska av publikum. Ofte var Passers navn med størst skrift på plakaten, også når han bare hadde ein liten rolle. Men det var som revyartisk han slo gjennom, og dette er eit typisk revynummer som Dirch Passer har gjor mange gonger*. * Her kan du sjå same sketsjen på dansk saman med ein dansk konfirmant med slike latterlige bukser som vi gjekk i på den

Oslolosen

Før Harald Eia vart seriøs og faktaorientert, så var han Norges morsommaste mann. Det er nok å nevna "Lille lørdag", "Åpen post", "Uti vår hage", "Team Antonsen" og "Tre brødre som ikke er brødre", så vil veldig mange kunna ramsa opp sketsjar og sitera morsomheter frå Eia og hans medkomediantar. Ein av hans beste karakterer er Oslolosen, eller Kjell Aronsen, som sjøl hevdar at han er ein sertifisert guide for Oslo. Ifølge statuttane (seier Aronsen) skal det "værra en person som er unnfanga, født, oppvokst – samt misbrukt – i indre Oslo by". Men kvaliteten på hans "fakta" er høyst diskuterbare. For eksempel hevdar han at Akerselva tidligare rann oppover, då den vart skubba av15-20 mann med lange stakar, eller stag. Fleire eksempel kan du finna på lokalhistoriewiki.no . Oslolosen vart lansert i TV-programmet Uti vår hage 2 , og i dette klippet se