Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra april, 2020

Store meloner

Nu skal vi ha litt 'Allo 'Allo! Denne sitcomen gjekk frå 1982 til 1992 og handlar om den franske kafeeigaren René Artois og alt det som foregår i kafeen hans under andre verdenskrig. Her jobbar mellom anna den svært så imøtekommande Yvette Carte-Blanche som, av uforståelige grunnar, er ute etter René, til tross for at kona hans Edith også jobbar der. Dessuten opptrer ei rad uforgløymelige karakterar som politimann ("Goodmoaning!") Crabtree , den påtagelig homofile løytnant Huber Gruber , Roger ("it is I") LeClerc , kaptein Hans Geering , Michelle (of the Resistance) Dubois og andre. Det å beskriva denne sketsjen er omtrent det same som å oppsummera heile serien. Men det er jo egentlig ikkje så vanskelig. Så here goes: Vi møter Herr Otto Flick (Richard Gibson) frå Gestapo, og hans assist Engelbert* von Smallhausen (John Louis Mansi). Herr Flick er stadig veldig opptatt av å finna

Opera Borge

Dei som er gamle nok, og interessert i slikt, vil huska Victor Borge . Dåke andre har gått glipp av nåke. Så la oss bøta på det, her og no. Borge var ein dansk humorist og pianist som gjorde karriere med å miksa disse to kunstartane. Han begynte som konsertpianist men det glei etter kvart over i stand up. Og det ganske bokstavelig sidan han sit svært lite i ro ved klaviaturet. Som jøde, fant han det best å rømma fedrelandet i 1940 og kom seg til USA. Der gjorde han karriere med sine einmansshow. Han hadde likevel ofte med seg ein sopran han kunne mobba , eller ein fløytespelar som han kunne driva til vanvidd, slik han gjer med den danske fløytisten Michala Petri . Men i det klippet som eg har valgt ut her er han åleine. Men likevel framfører han - når han omsider kjem til saken - ein heil liten opera av den danske komponisten Hans Christian Mozart.

Inne i mannens hove

Forrige post Hellas - Tyskland 1972 , handla om fotball. Og det er sjølsagt mange standopparar som brukar det i sitt materiale. Ein av disse er John Bishop som sjøl spelte halvprofesjonelt for klubbar som Southport, Hyde United og Winsford United. Det du ellers treng vita om John Bishop er at han er ein ekte scouser *. Han er fødd og (delvis) oppvaksen i Liverpool, og dermed sjølsagt også Liverpoolsupporter på sin hals. Men no bur han i Manchester og har fått ein son som er "blandingsrase" sidan mora er av ManU-rasen. Så du kan tenkja deg kor vanskelig det var då den ungen mannen ville ha ManU-trøye! Men det ordna seg ... I dette klippet forklarar John Bishop litt av det som foregår inne i mannes hove når han går på fotballkamp, og sjøl om han er skalla og godt oppe i åra, fremdeles er iført drakta: * Ein av forklaringane på dette ordet er at Liverpoolianarane et det dei kallar lobscouse ,

Hellas - Tyskland 1972

Vi som har levd ei stund huskar med glede den brasilianske fotballspelaren Sócrates . Men her skal vi møta den verkelege Sokrates som midtspiss i den vidgjetne fotballkampen* mellom dei greske og dei tyske filosofane på Olympiastadion i München i 1972. På dette knallsterke greske laget # hadde Sokrates med seg Platon, Epiktetus, Aristoteles, "Chopper" Sofokles, Empedokles, Plotin, Epikur, Heraklit, Demokrit , og Arkimedes . Mot disse stilte tyskarane med følgande lag: Gottfried Leibniz, Immanuel Kant, Georg "Nobby" Hegel, Arthur Schopenhauer, Friedrich Schelling, Franz Beckenbauer ("bit of a surprise there"), Karl Jaspers, Karl Schlegel, Ludwig Wittgenstein, Friedrich Nietzsche og Martin Heidegger. ( Marx kom inn for Wittgenstein på slutten). Hvis du ikkje huskar resultatet, så skal vi ikkje røpa det, bare sei at det var spenning til siste minutt: * Dette

Gjensyn med Jerry

Jerry Seinfeld har ikkje lege heilt på latsida sidan showet Seinfeld slutta i 1998. Etter ti års arbeid med serien gjorde han først ein turne 1998 kalla I'm Telling You for the Last Time . Men sjøl om vi frykta at dette verkelig var den siste gongen, så har han heile tida putla med ting. For eksempel starta han i 2012 webserien Comedians in Cars Getting Coffee , der han i kvar episode tar med ein kjent komikar i bilen og snakkar tull.  Mange av gjestene er folk som naturlig høyrer heime på komiklipp, som Dave Chappelle, Eddie Murphy, Steve Martin, Tina Fey, Chris Rock, Mel Brooks og Jerry Lewis. Serien går no på Netflix, og kan anbefalast! Men det var med stand up det begynte, og her er han på The Late Show with Stephen Colbert, og gjer det han kan best, nemlig å snakka om holet i smultringane og liknande:

Tenåringen Kevin

Harry Enfield er nok ikkje så kjent for tida. Men på nittitalet, då han slo gjennom, var han hot. På eit blunk gjekk han frå å vera ein deltids melkemann til å vera ein av Englands mest populære komikarar. Med show som Harry Enfield's Television Programme og Harry & Paul, nådde han over 13 millionar sjåarar i veka. Så forsvant han plutselig, meir eller mindre, frå skjermen, og deretter gjekk det bortover og bortover. Men i dag, dvs. så snart koronaen gir han lov, er han igjen på veien. Ka meir bør vi sei om Harry Enfield? Jo - han elskar opera! Dei som har sett Griff Rhys Jones sin vidunderlige John McEnroe , vil også kjenna igjen Harry Enfield sin karakter Kevin the Teenager . Og slik mange av oss(?) kan kjenna oss igjen i McEnroe sin oppførsel, slik kjenner også Enfield seg igjen i Kevin. "Eg  var eit snillt barn, men som tenåring var eg ganske forferdelig ... Eg var avgjort mykje verre enn K

Dara spelar data

Forrige post, Agnes in a sticky situation , var reinspikka underbuksehumor. Og det trengs jo i kvardagen! Men vi treng også intelligent humor. Så derfor foreskriv eg no ein god dose med Dara Ó Briain .

Agnes in a sticky situation

Her kjem ein ny post frå våre abonnentar. Den er frå Ruth Johanne Stokkedal , som var utfordra av Margrete Rugtveit. (Som sende inn Steve Jobs på Madtv ). Ruth skriv: Då eg overtok stafettpinnen, var Mrs. Brown's Boys the første eg tenkte på. Det er ein engelsk sit-com laga av Brendan O'Carroll som og spelar hovudrolla som Agnes Brown. Han er heilt fantastisk! Resten av gjengen i serien er nære vener og familiemedlemmar. Det heile starta rundt 1990, men på fjernsynet frå 2012. Det er berre å håpe at det kjem fleire program og filmar med denne gjengen her. Veit ikkje kor barnevennleg dette er, men sidan det ikkje er teksta, bør det vel gå greitt. Her har eg valt ein av favorittepisodane mine, og då vil eg sitere reaksjonen til Gunnar*: - Agnes! It says here that you need a visa to enter Jordan - Jesus, she's gettin fuzzy Nyt! * Gunnar har også funne ut a

Lynkurs i MySpace

Forrige klipp ( The Roxbury Guys ) var frå showet Saturday Night Live . Og mange av dei beste amerikanske komikarane har vore innom der. Så også Julia Louis-Dreyfus , kanskje best kjent som Elaine i Seinfeld. Ho jobba i den faste staben i SNL frå 1982 til 1985 saman med ei rekkje prominente komikarar, som Eddie Murphy og Jim Belushi . Det var også her ho møtte Larry David , som seinare skapte serien Seinfeld saman med Jerry Seinfeld. Eg fant ingen klipp frå SNL frå hennar første fase som var over middels. (Bare kom med tips). Men eg har funne ein artig liten sak frå episode 18 av sesong 31 * frå 2006 der Julia var vert. Her er ho på kurs saman med ein gjeng middelaldrande menn for å læra å bruka MySpace, og du kan muligens tenkja deg korleis det går: * Her kan du sjå holdet frå serie 31 , og vi kan feks. kjenna igjen læraren som  Andy Samberg som er ofte å sjå på TV i Brooklyn Nine

The Roxbury Guys

Vi hadde ein snutt med Jim Carrey i forrige post ( Utsøkt galskap ), men eg kan ikkje dy meg og legg ut ein til. Den handlar om The Roxbury Guys* , som var ein repeterande (på fleire måtar) sketsj som gjekk på Saturday Night Live . Den handlar om to brødre ved navn Doug ( Chris Kattan ) og Steve Butabi ( Will Ferrell ) i sin uendelige søken etter fest og damer. Varemerket til Roxbury-gutane var slenging med hovet til musikken av den store dance-hiten frå 1993 av Haddaway, "What Is Love?". Som regel var det med eit tredje medlem av gjengen (kalla "Barhop"). Denne rollen vart spelt av verten for showet den aktuelle veka, som feks. Tom Hanks, Martin Short, Alec Baldwin, Steve Martin, Jack Nicolson og Sylvester Stallone . (Her er noken klipp ) Denne versjonen med Jim Carrey , er den mest populære. Vi møter gjengen i drosjen på vei til "byen": * Roxburygutane vart skapt av Ferr

Utsøkt galskap

Av alle folk eg har sett på film, er antagelig Jim Carrey den som har det mest vrengte gummitrynet (inkludert Rowan Atkinson) og det mest bisarre kroppspråket (inkludert Kramer). Alle karakterane hans (OK, mange av dei) er enten dumme, hysteriske, sprø eller ein blanding av disse. Slik er det også med Ace Ventura. Ventura er ein eksentrisk og uortodoks privatdetektiv som har spesialisert seg på å berga kjæledyr. I denne filmen blir han hyrt inn av Melissa Robinson ( Courteney Cox ) for å finna ein bortkomen delfin, og vi møter dei når dei framstiller Ventura som potensiell pasient på eit mentalsjukehus. Sjøl har jo Carrey i det siste også blitt påstått å vera ikkje heilt frisk. Så om dette er ein galen mann* som spelar ein normal mann som spelar ein galgning, eller ikkje, skal eg ikkje uttala meg om. Men eg syns det er morsomt. Sorry! * I dag er Carry ein omdiskutert mann, men ein mann som kan drita ut Dona

Chaplin og Keaton i duett

To av dei største navna frå stumfilmens tid, ved sida av Harold Lloyd , var Charlie Chaplin og Buster Keaton . Disse to var aldri ein duo. Om noko, så var dei meir rivalar og konkurrentar. Rett nok fins det opptak av dei saman, som i denne parallell-boksekampen , men karakteristisk nok, boksa dei jo ikkje mot kvarandre her. Og i offentligheten skal dei ha unngått å snakka om kvarandre då dei begge var på høyden. Seinare gjekk Keaton sin karriere på ned, og då Chaplin laga sin nydelige film Limelight i 1952, var Keaton nesten blakk. Kanskje derfor, inviterte Chaplin han til å vera med på filmen. Limelight er ein lydfilm, og heller ingen komedie. Men denne historiske* scenen, som er eit lite teaterstykke i filmen, er både (nesten) stum og komisk. Så her er noko så sjeldent og fantastisk som Charlie Chaplin og Buster Keaton i duett: * Litt meir historie: Limelight er i dag rekna som ein av klassikarane, men

Supperådet

Svenskane hadde sine Hasse og Tage (Sjå Stugägare Kenneth Lindeman ) Men vi hadde Wesensteen , dvs. den norske komikarduoen Rolv Wesenlund og Harald Heide-Steen jr . Det var også navnet på ein TV-serie som gjekk på NRK1 seint på 90-talet. Som det står på Wikipedia : "Serien ble dårlig mottatt av TV-kritikerne, men hadde høye seertall." Så betre skussmål kan ein jo ikkje tenkja seg! Men lenge før dette var Wesensteen kjent og elska av det norske folket. Heilt sidan slutten av 60-talet hadde dei forsynt oss med humor, ikkje minst i ein serie som heitte Og takk for det *. Med her var også Gunnar Haugan , Kari Simonsen og Kirsti Sparboe. Serien var svært populær, og vi som fulgte med, gjekk på den tida rundt og snakka om doble fustasjonopphengsforkoblinger og at Volvo "Sonett" hadde  seks forgassarar . Antagelig den mest elska sketsjen disse to lagde, var d

Stugägare Kenneth Lindeman

Svenskane var velsigna med eit av dei store komikarpara gjennom alle tider, nemlig Hasse og Tage (Hans Alfredson og Tage Danielsson). Dei jobba saman frå sist på 1950-talet til Danielssons døydde i 1985, først i Sveriges Radio, seinare i revyar og filmar. Som sagt i forrige post ( One Leg Too Few ) var eit av formata den tøysete samtalen på lavt nivå. Ein gjengangar her var herr Lindeman . Hans Alfredson gjorde denne figuren utallige gonger på scenen. Grunnkonseptet var at Tage presenterte et dagsaktuellt tema, gjerne henta frå avisene, og gav Lindeman  eit yrke og eit fornavn (ofte Malte), som Hasse då improviserte over. Dei fleste av disse sketsjane fins bare med lydspor, som feks. Bigamisten Malte Lindeman . Dette var jo på den tid svenskane begynte å få betre råd, og hyttebyande skaut opp. Men ikkje alle hadde likevel råd til egen hytte, og då vart deling løysinga. Så også for hytteeigaren

One Leg To Few

Vi har vore borti mesteren sjøl, Peter Cook , tidligare. Og det er ikkje bare Eddie Izzard som John Cleese likar (Sjå Quid The Fuck ), det gjeld i høgste grad også herr Cook. Her skal vi møta han saman med kompisen Dudley Moore . Dudley er nok meir kjent for filmar som Arthur, men dei to hadde altså eit langt og fruktbart samarbeid , både på scene og TV. Dei hadde feks sine karakterar Pete og Dud , som var to vidløftige herremenn med caps og kunnskap om det meste, i alle fall i egne auger. Typisk eksempel er denne samtalen på puben om plagsomme damer*. Dette formatet har jo mange andre også brukt med hell, med Smith og Jones og Hasse og Tage som herlige eksempel.  (Kjem tilbake til disse!) I denne klassiske sketsjen # One Leg Too Few , møter vi Cook og Moore i andre rollar. Cook er her ein agent for eit castingbyrå, mens Moore er skuespelaren mr Spiggott (Spiggott's the name, acting's my game), som

Quid The Fuck?

All Right! No har vi hatt leksjon I i Latin saman Brian (Sjå Romanes Eunt Domus ) Så her kjem leksjon II med Eddie Izzard. Og dei som kanskje trudde at stand up var fordummande, må tru omigjen. For veldig mange av englands finaste komikarar er utdanna på Oxbridge, slik som dette knippet vi alt har møtt her på Komiklipp: Hugh Laurie, Stephen Fry, Rowan Atkinson, Dudley Moore, Mel Smith, Eric Idle, John Cleese og Michael Palin. Eddie Izzard, på den andre sida, er eksempel på at ein ikkje treng å ha gått lenge på skule for å vera velutdanna. Han er også eksempel på at dei klassiske faga ikkje treng vera kjedelige. Historie er eit av hans yndlingstema. Han kan snakka om alt frå Big Bang til månelandinga via gresk mytologi. Han snakkar også meir enn gjerne om religion. Ikkje rart derfor, at mannen er  John Cleese sin favoritt . Han har til og med kalla Izzard for den tapte Python.* Eit anna av Izzard si

Steve Jobs på Madtv

Eit av dei gøyaste tegneserieheftene eg visste om i min  ungdom var det amerikanske MAD . Og uten MAD hadde eg aldri oppdaga Don Martin . (Ikkje han norske hermaren, men den årntlige). Og då hadde eg heller aldri lært meg nyttige ord som Poit ! Nok om det. Så oppstod altså MADtv i 1995, lauseleg basert på bladet. Dette klippet er frå sesong 12, episode 16 og handlar om den (etter mi meining) oppskrytte Steve Jobs og hans iDingsar. Av det eg har funne ut, er mr. Jobs spelt av Michael McDonald, og ein av dei i salen (trur eg) er Keegan-Michael Key. (Dette må vera det amerikanske navneformatet Etternavn-Fornavn Etternavn) Men resten har eg ikkje funne ut. Anyway, dette er det første bidraget frå mine utfordra kollegaer, her representert ved Margrete Rugtveit. Værsgo:

Tim Brooke-Taylor

Den 12 april fekk vi meldinga om at Tim Brooke-Taylor var død av Corona. Han er ikkje veldig godt kjent i Norge, men kondolansane strømma inn på nettet frå engelskmenn flest, og frå andre komikarar spesielt . Som ein liten hyllest til Tim, har eg funne fram denne snutten frå TV-serien Assaulted Nuts . Tim Brooke-Taylor vart ein del av britisk komedie då han vart ein aktiv medlem av  Cambridge Footlights saman med John Cleese tidlig på 60-talet, og det tok ikkje lang tid før han fant seg sjøl i TV-show, som On the Braden Beat. I 1967 vart Brooke-Taylor tekstforfattar og deltakar i den surrealistiske og banebrytande TVserien At Last the 1948 Show , også no med John Cleese. Dessuten var Graham Chapman og Marty Feldman med. Den opprinnelige " Four Yorkshiremen "- sketsjen (som er den første posten på Komiklipp ) var skriven og utført av disse fire. Brooke-Taylor var også med i David Fros

Life of Brian: Profetane

Gårsdagens post, Pythontilbedelse på påskeafta , handla delvis om reaksjonane på, og debatten rundt Monty Python sin film Life of Brian. Eg føler meg sikker på at mykje av motstanden, i alle fall frå dei lærde geistlige, ikkje var fordi filmen dreiv gjøn med Jesus (for det gjer den ikkje) eller fordi den harsellerte med den kristne tru. Det siste kan diskuterast, men i såfall er det ein vennligsinna harsellas, som må tålast . Nei, eg trur dei geistlige følte at filmen kom litt for nær sanninga om korleis kristendommen oppsto. Den er litt for historisk . For eksempel veit vi at det var mange mirakelgjerarar og profetar som vandra rundt i Palestina på Jesu tid. Det var mange som gjorde under, og mange som fekk føljarar. Men noken var vel simpelthen for far out til å etablera ei tru. Her ser vi eksempel på slike: Av disse profetane syns eg at det er den "Kjedelige profeten" (Michael Palin

Pythontilbedelse på påskeafta

Vi er alle (ikkje sant?) Python-tilbedarar. Og alle som var unge då Life of Brian kom ut i 1979, huskar at den faktisk vart forbudt i Norge , og at svenskane brukte det i reklamen for filmen. Det er rart å tenkja på no! Men når myndighetene fekk tenkt seg om vart den tillaten likevel. Vi storma alle til kinoane for å sjå den, mens vi nesten måtte gå spissrotgang forbi demonstrerande kristne. Hovedanklagen deira var at filmen var blasfemisk, og latterliggjorde Jesus. Python-gjengen forsvarte seg med å sei at det ikkje var ein parodi på Jesus. Den handla om Brian, som - heilt tilfeldig -  vart fødd i nabostallen til Jesus, vart tilbedd og til sist korsfesta. I denne sketsjen frå Not the Nine O'Clock News, så snur dei på flisa. Eg kan ikkje sei meir uten å røpa poeng, så eg seier bare: Snurr film! Sketsjen i seg sjøl er ein parodi på ein debatt på BBC-programmet Friday Night, der John Cleese  og Michael P

Romanes Eunt Domus

CENTURION: What's this, then? 'Romanes Eunt Domus'? 'People called Romanes they go the house'? BRIAN: It-- it says, 'Romans, go home'. CENTURION: No, it doesn't. What's Latin for 'Roman'? Come on! Slik begynnar den berømte scenen frå Monty Pythons uforlignelige  Life of Brian, der Brian (Graham Chapman) prøver å skriva "Romarar, gå heim!" på ein mur. Dette er eit oppdrag frå den revolusjonære gruppa People's Front of Judea , som - ved Teutates* - ikkje må forvekslast med The Judean People's Front ( Wankers! ) Men han får sjølsagt gramatikken feil. Men ein romersk centurion (John Cleese) kjem forbi og rettar han, og etter mykje strev kjem han fram til det rette, som er Romani ite domum (som har eget oppslag på Wikipedia ). Slik går det til: Men så seier noken at også centurionen hadde det feil:  Han seier at 'domum' er loka

Baldricks krigspoesi

Baldrick:   Shall I do my war poem? Blackadder:   How hurt would you be if I gave the honest answer, which is "no I'd rather french-kiss a skunk"? Baldrick:   So would I sir! Karakteren Baldrick (spelt av sir Tony Robinson ) var Blackadders ikkje overdrevent intelligente sidekick gjennom alle dei fire sesongane. I den første serien var muligens Blackadder minst like dum, men etter kvart som episodane skreid fram, vart Blackadder sjøl meir av ein kynisk luring, samtidig som fleire og fleire av Baldrick sin hjerneceller tilsynelatande tok kvelden. Likevel (eller kanskje nettopp derfor) er Baldrick blitt den mest elska karakteren av dei alle. Og etter den siste serien, som utspelte seg skyttargravene i Frankrike i den første verdenskrig, har han fått ei høg stjerne i den engelske hæren. (Etter sigande er over halvparten av regimentsgeitene oppkalt etter han!)  fordi det var han som målbar den enkle man

Gina Yashere Live at the Apollo

Gina Yashere er ei veldig morsom og veldig populær dame, og har ifølge heimesida heile trestandup specials på Netflix. Som ho fortel i klippet her, er ho født og oppvaksen i London, med Nigerianske foreldre, og har tidligare jobba som heisingeniør for Otis. I hennar familie var det, også i følge klippet, bare fire karrieremuligheter: docta, lawya, engeniia, eller "disgrace to the family"! Dette er eit langt klipp, men eg syns det er vel verdt å sjå. Her utbroderer ho karrierevalget, og familiesituasjonen. Men det er også eit lite læreverk i korleis unngå smitte på hotell og offentlige toalett. Med andre ord: høyaktuelt , og (for meg) veldig gjenkjennbart: Sorry at dette ikkje er teksta på norsk. Som plaster på såret kan du sjekka dette klippet  frå Apollo på NrK . (Tilgjengelig bare til 31 desember 2020. Seinare kan du sikkert fremdeles sjå den på BBC .) LENKER Heimeside: http://www.ginayashere.com/ Facebook: h

Egentrening med Sean Lock

- Having sex with Madonna is like taking a penalty against Peter Shilton in his heyday! Som ein av dei med heimekontor er eg stadig meir opptatt (kanskje litt i alle fall) av korleis eg skal klara å halda formen. Då fins det ting som Bli veltrent i stua med Yngvar og liknande. Ypperlig! Eg prøvde disse, og gjer du det årntlig, så er det rikelig tungt, og veldig god trening. Men så tenkjer eg: korfor ikkje ha det gøy mens vi trenar? Då kan du for eksempel ta i bruk Sean Lock sin fantastiske Madonnarutine! Sean Lock er, ved sidan av å vera ein ytterst morsom og veldig frekk mann, også ein ganske spretten mann. Det kan du studera nærmare hvis du går ca. 4.50 ut i dette klippet . Men du bør egentlig sjå alt! Men egentrening kan vera så mangt. For eksempel kan det også vera gøy å hoppa rett opp og ned*. I det utvalgte klippet snakkar mr. Lock om sin hobby, som sjølsagt er drikking # , og samanliknar det

An old salty swedish sea dog

"Ohhhhh sixteen chests on a dead men's rum, yo ho ho and a bottle of de chest.." Det er tid for litt Peter Sellers (Det er det alltid). Sellers sin mest kjente skikkelse er uten tvil Inspektør Clouseau frå Pink Panther-filmane. Og her er det eit hav av morsomme scenar å velja blant Eg har valgt ut ein scene der inspektøren, av ein eller annan grunn, har forkledd seg som ein gammal svensk sjøulk. Alle komiserier har såkalte "running gags", dvs morsomheter som går igjen. Den mest kjente er kanskje Clouseau sine slåsskampar med Cato . I denne snutten får vi eksempel på ein annan, nemlig dei ymse kostymene som inspektøren ifører seg. Og, slik det ofte er i komedie betyr ikkje begrepet å gå "under cover" å gå i ett med omgivelsane, men snarare det motsette: dei går i rolle . Med god hjelp av kostymemakaren Professor Auguste Balls , opptrer Clouseau i uforgløymelige rollar som

L'Arroseur Arrosé

I 1995 laga brødrene Auguste & Louis Lumière denne korte filmsnutten, som blir rekna for den første filmatiserte komedien. Filmen var ein av ti kortfilmar som dei to oppfinnsomme franske brødrene presenterte på sin første betalte visning den 28 desember 1895, inkludert deira første film, Sortie des Usines Lumière à Lyon (Workers Leaving the Lumière Factory). Kvar film var bare 17m lang og varte i ca 50 sekund. Det er kanskje juks å presentera dette på Komiklipp, i og med at det faktisk er heile filmen :) Men det er i allefall klart at det ikkje er tid til det rare plottet. Sjå sjøl: Seinare har denne snutten blitt laga nye i versjonar både av dei sjøl og andre.  Dessuten fins det ein fargelagt versjon.

The Headmaster

Rowan Atkinson er etter mi meining ein av dei beste komikarane som fins. Han er mest kjent frå Mr. Bean, Blackadder og Not the Nine O'Clock News . Men han  har også gjort mange frittståande sketsjar som også er vel verd å sjå. Mange fins på Rowan Atkinson Live . Ein av dei klassiske er denne, som noken stader blir kalla   'Headmaster Sketch', og andre stader School Master Sketch. Uansett: den handlar om læraren som gir tilbake innleveringar - med kommentarer. Noken som kjenner seg igjen? Denne versjonen vart framført under Secret Policeman's Ball frå 1979: Sketsjen må ikkje forvekslast med ein annan sketsj der Rowan Atkinson også er skulemester. Denne gong i møte med ein litt fortvilt forelder: FATAL BEATINGS . På den andre sida har han også fått gjennomgå som elev, som i denne sketsjen frå Not the Nine O'Clock News igjen. Og når vi først er inne på skulestoff, så har jo sjølsagt

McEnroe går bananas (igjen)

Då eg var ung, var det Bjørn Borg og John McEnroe som regjerte tennisbanen. Borg var den rolige, tålmodige og defensive. Han sto ofte på grunnlinja og slo langt og lenge. McEnroe var den kreative, offensive og ikkje minst hissige. Hyppige raseriutbrudd og kranglar med dommaren vart hans varemerke. Du kan sjå eksempel på det her og her . Sjølsagt gjekk ikkje denne oppførselen upåakta hen. Han vart mellom anna parodiert i det britiske satireprogrammet Spitting Image. Men før det vart han også tatt på kornet av det ikkje mindre satiriske Not the Nine O'Clock News . Sketsjen heiter Breakfast in the McEnroe household , og vi ser Griff Rhys Jones som John McEnroe, Mel Smith som pappa McEnroe og Pamela Stephenson som mamma McEnroe. Enjoy!

The Hedge

To av mine absolutt største favorittar er Stephen Fry og Hugh Laurie. Før Laurie stakk til USA og vart "doktor", så jobba dei saman i mange seriar, og hadde også sitt eige show "A bit of Fry and Laurie". Varemerket var intelligent humor, tøysete ordspill og ikkje minst metahumor slik som i denne sketsjen, som ikkje går heilt som den skulle. På same måten som med gårsdagens sketsj, Fire Yorkshiremenn, så vart denne også framført på The Secret Policeman's Ball. Dette er Stephen Fry sitt favorittklipp med Hugh Laurie, og rimeligvis også mitt: ' LENKER Teksten .

Fire Yorkshiremenn

Som første post på Komiklipp syns eg det er passande med denne udødelige sketsjen med dei fire Yorkshiremennene  (The "Four Yorkshiremen"). Dette er den sketsjen eg muligens har ledd mest og best av noken gong: Eg huskar eg fekk vondt i magen den første gong eg såg den. Huskar dessverre ikkje akkurat ka versjon det var eg såg, men det var i alle fall ein Monty Python-versjon. Kanskje det var denne versjonen som er frå Monty Python sitt show Live at the Hollywood Bowl (1982) med Michael Palin, Eric Idle, Graham Chapman og Terry Jones (RIP). Men det som sikkert ikkje alle veit, er at sketsjen opprinnelig vart skriven for det britiske serien At Last the 1948 Show (som du kan kjøpa på Platekompaniet .) Den vart laga av dei fire som spelte den: John Cleese, Graham Chapman, Tim Brooke-Taylor, og Marty Feldman . The "Four Yorkshiremen" har blitt framført mange gonger av Monty Python,