Gå til hovedinnhold

Quid The Fuck?

All Right! No har vi hatt leksjon I i Latin saman Brian (Sjå Romanes Eunt Domus) Så her kjem leksjon II med Eddie Izzard. Og dei som kanskje trudde at stand up var fordummande, må tru omigjen. For veldig mange av englands finaste komikarar er utdanna på Oxbridge, slik som dette knippet vi alt har møtt her på Komiklipp: Hugh Laurie, Stephen Fry, Rowan Atkinson, Dudley Moore, Mel Smith, Eric Idle, John Cleese og Michael Palin.

Eddie Izzard, på den andre sida, er eksempel på at ein ikkje treng å ha gått lenge på skule for å vera velutdanna. Han er også eksempel på at dei klassiske faga ikkje treng vera kjedelige. Historie er eit av hans yndlingstema. Han kan snakka om alt frå Big Bang til månelandinga via gresk mytologi. Han snakkar også meir enn gjerne om religion. Ikkje rart derfor, at mannen er  John Cleese sin favoritt. Han har til og med kalla Izzard for den tapte Python.*

Eit anna av Izzard sine favorittema er språk. Han meiner at latin har så mange kasus at det bare er "silly, silly, silly!". Også den romerske teljemåten får gjennomgå#. Så without furder ado, gjer vi klar for andre leksjon:



* “For me the performer that has taken on that surreal Monty Python view of the world is my favourite comedian Eddie Izzard. He creates these surreal worlds which he inhabits which is the closest thing to Python that I have seen.”

# Hvis du lurer på dette med romersk teljemåte, så kan du ta ein kikk her.

LENKER

The Early Years.
Comedian Eddie Izzard makes history.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

شاپرک خرسندی

Ifølge Shappi Khorsandi sjøl, så kjem stadig folk bort og spør "unnskyld, er du Omid Djalili?" (som vi presenterte i forrige post Ein stor tøysekopp ). Men den einaste likheten er at dei begge har iransk bakgrunn. Familien hennar forlot Iran etter den islamske revolusjonen sidan faren, satirikaren og poeten Hadi Khorsandi, hadde publisert eit dikt som var kritisk til det nye regimet. Alstå omtrent som å skriva bok om orangutangen i det kvite hus i dag. Ho driv fremdeles med komedie, men har sjølsagt gjort litt av kvart. Feks, har ho skrive fleire bøker, som "A beginners guide to Acting English", og ho var president i Humanists UK frå 2016 - 2018. Ho har opptrått på Live at the Apollo fleire gonger, og eg trur dette var den første: Shappi Khorsandi - Live At The Apollo . Shappi Khorsandi Live At The Apollo .

Kommunistkviss

Forrige post handla om SNL sitt Celebrity Jeopardy med Tom Hanks i fri dressur . Men no skal vi høyna kjendisfaktoren med Monty Python sin " Communist Quiz ", også referert til som "World_Forum". Denne sketsjen gjekk først på lufta den 15 desember 1970, og var då med i den tolvte episoden frå sesong 2 av Monty Python's Flying Circus. Men dette er bittelitt annan versjon frå Monty Python Live at the Hollywood Bowl , der Eric Idle er verten, Terry Jones spelar Marx, John Cleese er ein usedvanlig stille Lenin, mens Michael Palin er Che Guevara og Terry Gilliam ein gul Mao. Eg føler verkeleg med Lenin akkurat i denne sketsjen (men forøvrig vil eg ha meg frabedt samanlikning ...), sidan det ofte er slik eg føler meg på ein quiz. Vi har nok begge ein litt for nerdete tilnærming til fakta. Korfor skal ein kunna, og ikkje minst meina, det alle andre kan liksom? Teksten . Italiensk f...

Stugägare Kenneth Lindeman

Svenskane var velsigna med eit av dei store komikarpara gjennom alle tider, nemlig Hasse og Tage (Hans Alfredson og Tage Danielsson). Dei jobba saman frå sist på 1950-talet til Danielssons døydde i 1985, først i Sveriges Radio, seinare i revyar og filmar. Som sagt i forrige post ( One Leg Too Few ) var eit av formata den tøysete samtalen på lavt nivå. Ein gjengangar her var herr Lindeman . Hans Alfredson gjorde denne figuren utallige gonger på scenen. Grunnkonseptet var at Tage presenterte et dagsaktuellt tema, gjerne henta frå avisene, og gav Lindeman  eit yrke og eit fornavn (ofte Malte), som Hasse då improviserte over. Dei fleste av disse sketsjane fins bare med lydspor, som feks. Bigamisten Malte Lindeman . Dette var jo på den tid svenskane begynte å få betre råd, og hyttebyande skaut opp. Men ikkje alle hadde likevel råd til egen hytte, og då vart deling løysinga. Så også for hytteeig...