Gå til hovedinnhold

Om komiklipp

Hæ, Komiklipp?

Kva: Komiklipp er ein blogg for alle som likar komedie i alle former: sketsjar, standup, film, teater mm. Den er for alle som likar tull og tøys. Her deler vi filmsnuttar frå Youtube og det vi måtte finna på nett. Til kvart klipp finn du ein kort beskrivelse, og det vil (etter kvart) også finnast bakgrunnsmateriale i form av faste sider.

Korfor: Ein av mine aller største heltar, Stephen Fry (som kjem til å dukka opp fleire gonger her)   har sagt at for å minimera stress i dagens Coronakrise, så er det ein god ide å slå av påminnelsar frå våre "smarte" dippeduttar, " slik at du ikkje blir bombardert av overskrifter. Og sjøl trur vi at det er viktig for helsa å halda seg aktiv, både i kropp og sinn. Og eit sunt sinn treng glede og moro.

Korleis: Bloggen er eit privat og ikkje-kommersielt foretak drifta av underskrivne. MEN: vi vil gjerne ha deg med på laget. Så du er herved invitert til å senda inn forslag til nye klipp. Det kan vera ein heil sketsj, ein scene frå ein film eller teaterstykke eller (del av) ein standuprutine mm.

Betingelsar

  • Du må senda inn ei lenke til filmen, enten til Youtube eller ein annan nettstad som helst bør tilby innbygging av klippet slik at vi kan visa det i bloggen. 
  • Du må fortelja korfor du liker klippet, og laga ein kort beskrivelse. Lenker til annan info om personane, gruppene, showet som er involvert, tar vi også gjerne i mot.
  • Alle klipp skal vera barnevennlige, og ikkje innehalda materiale som bryt norsk lov. Denne bloggen er for alle!
  • Du må senda inn med fullt navn, og gjerne kor du evt kan treffast på sosiale medier. 
  • Men først og fremst: det må vera morsomt!

Helsing redaktørane Gunnar Øyro og Robert Heimli.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Stugägare Kenneth Lindeman

Svenskane var velsigna med eit av dei store komikarpara gjennom alle tider, nemlig Hasse og Tage (Hans Alfredson og Tage Danielsson). Dei jobba saman frå sist på 1950-talet til Danielssons døydde i 1985, først i Sveriges Radio, seinare i revyar og filmar. Som sagt i forrige post ( One Leg Too Few ) var eit av formata den tøysete samtalen på lavt nivå. Ein gjengangar her var herr Lindeman . Hans Alfredson gjorde denne figuren utallige gonger på scenen. Grunnkonseptet var at Tage presenterte et dagsaktuellt tema, gjerne henta frå avisene, og gav Lindeman  eit yrke og eit fornavn (ofte Malte), som Hasse då improviserte over. Dei fleste av disse sketsjane fins bare med lydspor, som feks. Bigamisten Malte Lindeman . Dette var jo på den tid svenskane begynte å få betre råd, og hyttebyande skaut opp. Men ikkje alle hadde likevel råd til egen hytte, og då vart deling løysinga. Så også for hytteeig...

Oslolosen

Før Harald Eia vart seriøs og faktaorientert, så var han Norges morsommaste mann. Det er nok å nevna "Lille lørdag", "Åpen post", "Uti vår hage", "Team Antonsen" og "Tre brødre som ikke er brødre", så vil veldig mange kunna ramsa opp sketsjar og sitera morsomheter frå Eia og hans medkomediantar. Ein av hans beste karakterer er Oslolosen, eller Kjell Aronsen, som sjøl hevdar at han er ein sertifisert guide for Oslo. Ifølge statuttane (seier Aronsen) skal det "værra en person som er unnfanga, født, oppvokst – samt misbrukt – i indre Oslo by". Men kvaliteten på hans "fakta" er høyst diskuterbare. For eksempel hevdar han at Akerselva tidligare rann oppover, då den vart skubba av15-20 mann med lange stakar, eller stag. Fleire eksempel kan du finna på lokalhistoriewiki.no . Oslolosen vart lansert i TV-programmet Uti vår hage 2 , og i dette klippet se...

شاپرک خرسندی

Ifølge Shappi Khorsandi sjøl, så kjem stadig folk bort og spør "unnskyld, er du Omid Djalili?" (som vi presenterte i forrige post Ein stor tøysekopp ). Men den einaste likheten er at dei begge har iransk bakgrunn. Familien hennar forlot Iran etter den islamske revolusjonen sidan faren, satirikaren og poeten Hadi Khorsandi, hadde publisert eit dikt som var kritisk til det nye regimet. Alstå omtrent som å skriva bok om orangutangen i det kvite hus i dag. Ho driv fremdeles med komedie, men har sjølsagt gjort litt av kvart. Feks, har ho skrive fleire bøker, som "A beginners guide to Acting English", og ho var president i Humanists UK frå 2016 - 2018. Ho har opptrått på Live at the Apollo fleire gonger, og eg trur dette var den første: Shappi Khorsandi - Live At The Apollo . Shappi Khorsandi Live At The Apollo .