Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juni, 2020

Zelig

Det er kanskje ikkje heilt PK å komma drassande med Woody Allen i dag. Men bare husk at fordi om ein liker eit kunstverk, så betyr ikkje det at ein støtter kunstnaren i ett og alt. Så dette handlar alstå om filmen Zelig, som er ein mockumentary frå 1983, der Woordy Allen sjøl spelar hovedrollen. Kem var egentlig Leonard Zelig? Etter egen oppfatning var han ingen - eit null. Men han er desperat etter å bli likt, så han tilpassar seg etter omgivelsane - i ein ekstrem grad ... I denne sekvensen fekk vi altså vita at Zelig opptrådde som Pagliacci. Og eg syns dette minnar om Clouseau sine forkledningar. (Sjå feks. An old salty swedish sea dog ). Men uansett har eg ein sterk mistanke om at Woody Allen har blitt inspirert både av Peter Sellers sjøl, og hans mange filmkarakterer. I neste sekvens får vi litt meir info om Zelig sin bakgrunn: Her fekk vi treffa Dr. Eudora Fletcher ( Mia Farrow ) som fatta interesse

Spitting Image: Reagan

Den satiriske TV-serien Spitting Image , som gjekk på ITV frå 1984 til 1996 vart ein stor suksess for kanalen. Programserien var basert på karikaturdokker laga av Peter Fluck, Roger Law og  and Martin Lambie-Nairn. Disse dokkene var karikaturar av politikarar og kjendisar. Noken av gjengangarane var dei engelske statsministrane Margaret Thatcher og John Major, den amerikanske presidenten Ronald Reagan og ikkje minst den engelske kongefamilien. Showet hadde ein stor gjeng med komikarar og skuespelarar som var stemmene til disse. Noken av disse har vi også møtt på komiklipp, som Harry Enfield ( Tenåringen Kevin - Women: Know Your Limits! ) og Jon Culshaw ( Ein stor tøysekopp - A misoverestimated man ). Andre, som John Thomson og Steve Coogan (Alan Partridge) bør kanskje på? Programmet samarbeida også med fleire kjente musikarar, som Phil Collins og Sting . Sistnevnte

A misoverestimated man

Eg likar godt parodiar. Noken gonger blir folk parodiert fordi dei er morsomme eller spesielle, andre gonger bare fordi dei fortener å bli gjort til latter. Og det siste gjeld spesielt samtlige av dei amerikanske presidentane i moderne tid. Vi har alt hatt Tina Fey sin glitrande parodi på Sarah Palin ( Fey for president ) og Alec Baldwin sin like gode av Trump ( Baldwin for president ). No skal vi sjå litt nærmare på George Bush den vetle, dvs. jr. Han blir parodiert både fordi han er morsom, og fordi han fortener det. Denne mannen er jo lett å "ta" for hans utallige " Bushismar ", Han kan sei slikt som "They misunderestimated me" og "Rarely is the question asked: Is our children learning?" , men benektar likevel at han dysleksi. Det kan jo henda at han ikkje veit ka det betyr? Men om det bare var talefeil som var Bush sitt problem, så skulle vi (kanskje) l

شاپرک خرسندی

Ifølge Shappi Khorsandi sjøl, så kjem stadig folk bort og spør "unnskyld, er du Omid Djalili?" (som vi presenterte i forrige post Ein stor tøysekopp ). Men den einaste likheten er at dei begge har iransk bakgrunn. Familien hennar forlot Iran etter den islamske revolusjonen sidan faren, satirikaren og poeten Hadi Khorsandi, hadde publisert eit dikt som var kritisk til det nye regimet. Alstå omtrent som å skriva bok om orangutangen i det kvite hus i dag. Ho driv fremdeles med komedie, men har sjølsagt gjort litt av kvart. Feks, har ho skrive fleire bøker, som "A beginners guide to Acting English", og ho var president i Humanists UK frå 2016 - 2018. Ho har opptrått på Live at the Apollo fleire gonger, og eg trur dette var den første: Shappi Khorsandi - Live At The Apollo . Shappi Khorsandi Live At The Apollo .

Ein stor tøysekopp

Og no over til ein stor tøysekopp: Omid Djalili. Skal ein dømma etter språket hans på mange opptredenar, så er han innvandrar. Men mannen er faktisk født i Chelsea i London, og gjer seg bare til! Men sidan han har iranske foreldre og har studert engelsk og teater, så har han mykje stoff til sin stand up. Så det blir mykje tøys med språk, kultur og etnisitet. Og han er heller ikkje redd for å tøysa med andre kulturar og språkgrupper. Dei som føljer han på Twitter fekk ganske nylig bevis for dette då han la ut bildet under med følgande kommentar: "There are worse things than being Welsh, dyslexic & having a terrible stutter. But not many" * Denne tweeten fekk ein del kritikk frå walisarar. Dei sa at det var uoriginalt og respektlaust. Men Djalili nekta å be om unnskyldning, og mange andre walisarar meinte også at dette måtte dei tåla. Og alle som har sett og opplevd engelsk humor veit at det e

Nabil Abdulrashid

Ingen skal komma og påstå at ikkje komiklipp er oppdaterte og aktuelle! Her slår vi til med eit klipp frå årets pågåande Britain's Got Talent med Nabil Abdulrashid . Men Nabil er på ingen måte ein nykommar, For eksempel var han som 22-åring (i 2010) den yngste svarte komikaren som gjorde stand-up på Hammersmith Apollo. Og saman med Pardis Parker vant han konkurransen "Which Religion Is Funniest?", der dommarane var ikkje ukjente David Baddiel og Omid Djalili . Deretter fekk han opptre på premieren til filmen deira The Infidel . Det viste seg at den morsommaste religionen var Islam. Dette handla aldeles ikkje om å gjera narr av religion, men var ei høyst useriøs kåring av ka religionsbakgrunn som produserte mest og best komedie. Mange ville kanskje tru at det var jødedomen, men det er sikkert at det fins mange gode muslimske standupparar. Og Nabil er ein av disse. Som klippet viser

Ei takketale

Kvart år deler John F. Kennedy Center for the Performing Arts ut den såkalte Mark Twain-prisen til "personar som har hatt betydning for det amerikanske samfunnet på liknande vis som den framståande forfattaren og essayisten frå det nittande århundre, Samuel Clemens, betre kjent som Mark Twain", som det står i statuttane. I år var det Dave Chapelle som fekk den, som nr. 22 i rekkja av amerikanske komikarar . Det starta med Richard Pryor i 1998, og blant dei som seinare har fått den er Steve Martin, George Carlin, Bill Cosby, Tina Fey, Eddie Murphy og Julia Louis-Dreyfus. Alle disse har enten alt vore, eller skal snart bli (stay tuned!), representert på komiklipp. Det gjeld også Will Ferrell , som fekk prisen i 2011, og med det vart han den trettande mottakaren  (men den ellevte kaukasiske, som han framhevar!) Will Ferrell har gjort mange komifilmar, men kanskje (syns eg) det er morsommare det

Kommunistkviss

Forrige post handla om SNL sitt Celebrity Jeopardy med Tom Hanks i fri dressur . Men no skal vi høyna kjendisfaktoren med Monty Python sin " Communist Quiz ", også referert til som "World_Forum". Denne sketsjen gjekk først på lufta den 15 desember 1970, og var då med i den tolvte episoden frå sesong 2 av Monty Python's Flying Circus. Men dette er bittelitt annan versjon frå Monty Python Live at the Hollywood Bowl , der Eric Idle er verten, Terry Jones spelar Marx, John Cleese er ein usedvanlig stille Lenin, mens Michael Palin er Che Guevara og Terry Gilliam ein gul Mao. Eg føler verkeleg med Lenin akkurat i denne sketsjen (men forøvrig vil eg ha meg frabedt samanlikning ...), sidan det ofte er slik eg føler meg på ein quiz. Vi har nok begge ein litt for nerdete tilnærming til fakta. Korfor skal ein kunna, og ikkje minst meina, det alle andre kan liksom? Teksten . Italiensk f

Tom Hanks i fri dressur

Oppvarming Tom Hanks er ein alle tiders skuespelar. For nordmenn er han vel best kjent for seriøse filmar som Da Vinci-koden, Bridge of Spies, Forrest Gump, Apollo 13 osv, osv.  Men før han vart ein av Hollywoods mest elska stjerner og fekk klippekort på Oscar-showet, så øvte han stand-up på klubben Comedy Strip i New York City. Og han øvte bokstavelig talt, fordi han skulle bruka dette i komedien  "Punchline" i 1987. Filmen fekk blanda kritikk, og antagelig var øvinga like morsom som sjølve filmen: Men til saken: Tom Hanks har også vore med på ein haug med SNL-sketsjar. I posten Baldwin for president! kan du sjå han som programledar i presidentdebatten mellom Trump og Clinton. I den sketsjen spelar han veldig strait den seriøse vs den surrealistiske Trump. Men i denne vi skal sjå no er det full slapstick! Det handlar om Jeopardy, noke som amerikanarane ser ut til å vera veldig opptatt av, ell

8:46 - Dave Chapelle

Dette er ikkje moro. Men når du søkjer på komikaren Dave Chapelle, så er det denne som kjem øverst. Det er ein kommentar til Black Lives Matter og vart lagt ut 11 juni. I skrivande stund har den blitt sett 16 601 335 gonger. Eg trur ytterligare kommentarer blir overflødige:

Baldwin for president!

Amerikanarar elskar politisk satire - og boy, har dei mykje material å ta av! Vi har alt sett eksempel på Tina Fey sine glimrande parodiar på Sarah Palin ( Fey for president! ) Her kjem tre klipp med Alec Baldwin sine ikkje mindre glimrande Trump-parodiar. La oss vera enige om at det fins ikkje ord stygge nok til å beskriva dette levande kalla Trump. Så i staden for å falla ned på hans nivå, aka retorikkens absolutte nullpunkt, så må vi prøva å ta han med humor (og amerikanarane med stemmeseddelen). Og då fins det neppe noken betre enn Alec Baldwin. Debatt1 I dette klippet møter vi Trump i debatt med Hillary Clinton (Kate McKinnon). Den er leda Lester Holt (Michael Che). Lærdomen frå denne debatten er korleis du skal uttala Kina, og kor svarte folk bur. Debatt 2 Så ein debatt til med dei same to turtelduene. Men denne er leda av Chris Wallace (Tom Hanks). Og som han seier: å sjå slike debattar er som å sjå

Alt folk trur på

I gårsdagens eine post Nice Video, Shame About The Song ,  la eg ut eit klipp med songen I believe song , som eksempel på at folk kan tru på mykje rart. Songen konkluderer med at det likevel er vanskelig å tru at Ronald Reagan var president, akkurat som det er vanskelig å tru at ein orangutang kan vera president i dag. I dag tenkte eg å spinna vidare på ka folk trur på (eller gjer dei det?) med to forskjellige klipp, i håp om at dei kan virka støtande på noken. § Begge klippa er frå Not The Nine O'Clock News. Den reviderte trusbekjennelsen Då eg var mykje yngre enn i dag var eg fascinert av bøkene til Erich von Däniken . Han meiner at mange av forteljingane frå mytologien og religionane kan forklarast med at det har vore besøk frå utenomjordiske på planeten vår, og at beretningane om disse hendelsane har blitt tolka som religiøse myter.  Eg er fremdeles opptatt av mytologi og religion, og meiner

Ikkje snakk om krigen!

SISTE: BBC HAR SNUDD! Oppdatert 13.6 Etter at den BBC-eigde strømmtenesten UKTV i går fjerna ein episode av Fawlty Towers (Hotell i særklasse) frå nettet pga. angivelig rasistiske ytringar ("racist slurs"), har dei i dag snudd og legg den ut igjen med advarsel om at det kan innehalda støtande ordbruk! Episoden det gjeld er episode 6 frå første sesong, og grunnen til denne ytterliggåande handlinga virka å vera det den lettare demente karakteren major Gowen seier i ein samtale med Basil (John Cleese). Denne scenen har vorte redigert (sensurert) av BBC før, og ein kan ikkje sei anna enn det The Guardian sa, sist gong dette var omtalt: " Fawlty Towers isn't racist. Major Gowen is ". (Fawlty Towers er ikkje rasistisk. Major Gowen er). Majoren (glimrande spelt av Ballard Berkeley ) fortel Basil Fawlty at han møtte ei kvinne som kalla "indianarar" (som han sa) for negrar (niggers). "No, no, no

Nice Video, Shame About The Song

Not The Nine O'clock News hadde som oftast (alltid?) ein avsluttande song, og her har eg plukka fire av disse. Velg ein, eller alle om du vil. Gruppa gav ut tre LP-ar som inneheldt både sketsjar og songar: NOT THE 9 O'CLOCK NEWS , HEDGEHOG SANDWICH og THE MEMORY KINDA LINGERS . Begge dei to første albuma nådde faktisk UK top ten-lista , noko ikkje eingong Monty Python klarte. 1 Nice Video, Shame About The Song. Eg har valgt denne som "tittelklippet" på denne posten, sidan det er den eg likar best. Og paradoksalt nok er det ein video med ein heilt OK melodi. Dette var på den tida då alle nye prospekrive hitlåtar måtte ha ein fengande video. MTV dukka opp og det vart vanlig å "sjå musikk". Og det var aldeles ikke tilfeldig at Buggles’ sin hitsong “ Video Killed The Radio Star ” opna det heile. Ein god video kunne løfta ein låt til berømmelse (bare tenk på Aha sin " take

Retten er satt

(- sitt rett der nede!) Og dette var ein referanse til ein sketsj frå radiosjovet Bedre sent enn alvor* med Knut Lystad og Lars Mjøen. Dei er kanskje meir kjent som 2/3 av KLM, men var store - og morsomme - lenge før det. Dette bare som eksempel på at komedie frå rettssalen er eit velbrukt tema. Som kjent, alle settingar der folk helst skal vera alvorlige og seriøse bare ber om å bli tøysa med. Derfor finn vi igjen og igjen sketsjar som for er sette i ei kyrkje, i eit debattstudio eller altså - i ein rettssal. Monty Python har vore der mange gonger. Del 3 av forrige post, Ein høgst forventa sketsj , skjedde i  retten, og no er vi der igjen: Dette var ein del av sketsjen Court Charades, som du kan sjå i sin heilhet her . Aleebee Og apropos not (t-t-t tog du'an?) sjølsagt har også Not the Nine O'clock News laga sketsjar frå retten. Her erfarer vi at dette med korrekt juridisk språk ikkje er bare-bare:

Ein høgst forventa sketsj

Det er to ting vi kan trygt sei om denne sketsjen: Den handlar om spanske inkvisisjonen, og den er veldig morsom. Og veldig intelligent. Tre ting! Dei tre tinga vi kan sei om denne sketsjen er at den handlar om den spanske inkvisisjonen, at den er veldig morsom, og veldig intelligent. Og ikkje minst handlar den om forventningar. Fire ting! Vi tar det om igjen: Den Spanske Inkvisisjonen dukka opp i Monty Python's Flying Circus , serie 2, episode 2, og vart først sendt 22 september 1970. I dag er den ein av dei sketsjane som veldig ofte, og med god grunn, blir nevnt som ein av dei morsommaste Monty Python har laga. Dette gjer den høgst forventa (pluss at forrige klipp også var frå denne episoden). Så len deg tilbake i din Comfy Chair, og nyt den. Sketsjen kjem i to deler. Nei tre! Del 1: "Trouble at the Mill" Vi møter først ein arbeidar på mølla (Graham Chapman) som kjem inn og fortel ei kvinne som sit og s

Kommunikasjonsmiddel på 7 bokstavar

Det er mange måtar å slå i hel ei fluge på. Her kan du sjå korleis ein teiknar ser for seg korleis dei ulike kunstretningane ville ha illustrert dette: Den surrealistiske versjonen pleier eg å kalla Lektor Øyros metode, for eg tenkjer den illustrerer godt mine pedagogiske evner, slash metodar. Eksempel: eg underviste i hine hårde dage på ein såkalt "polyteknisk høgskule". Det høyrest jo fint ut, men den var hverken særlig polyteknisk eller veldig høg. Og den var for ein stor del befolka av personar som ikkje kom inn på, eller ville inn på (?) vanlige høgskular. Eg skulle gi disse ein introduksjon til informasjonssystem, og spurte meg sjøl om ka som kunne vera ein artig inngang: "Jau", svarte eg, "det må vera semaforversjonen av Wuthering heights " (Monty Python sin versjon av  Emily Brontë-klassikaren, men også basert på "International Guide to Semaphore Code") Fantas

Kva er poenget med Australia?

Dette klippet har lege på beddingen ei lang stund i påvente av at eg skulle komma på noke intelligent å sei om det. Hvilket ikkje skjedde. Men det må ut, for her er ein bra ny (på komiklipp) ire på gang: Dylan Moran! Så dermed overlet eg bare ordet til kollega Vegard Falkanger Asbjørnsen som har følgande å sei: "Den komikeren som får meg til å vri meg i latterkrampe oftest er det mildt eksentriske geniet Dylan Moran . Forfyllet (tørrlagt) og innrøykt (nylig sluttet) og drepende nihilistisk. Han har mye å velge i på standupfronten, men han er gjerne mest kjent fra den britiske serien Black Books som rullet over skjermene på tidlig 2000-tall." So there you go:

Supersvart!

Etter ein liten pause (travelt på jobben) er vi tilbake, meir aktuelle enn nokonsinne! Som vi veit er det Murikanske politiet på hugget som aldri før, og intelligente som alltid. Og vi feirar det med eit klipp med Trevor Noah . Mange kjenner kanskje Trevor som vert på The Daily Show der han overtok etter den aldeles glimrande Jon Stewart i 2015. Store sko å fylla det, men det virkar ikkje til å hemma han nevneverdig. Som oppvaksen i Sør-Afrika under aphartheid med blanda foreldre har Trevor førstehånds kjennskap til rasisme og diskriminering. Dette fortel han om i dette klippet frå Live at the Apollo, som for øvrig også* er ynskt av kollega Odrun Misje. Men før det fortel han om korleis det var å bli stoppa i tollen i London, om forskjellen på engelsk og Sør-amerikansk bruk av trafikklys, og mykje anna. Så without further ado går vi direkte inn midt i episode1 av sesong 9. Så du kan faktisk sjå heile denne epis