Gå til hovedinnhold

Alt folk trur på

I gårsdagens eine post Nice Video, Shame About The Song,  la eg ut eit klipp med songen I believe song, som eksempel på at folk kan tru på mykje rart. Songen konkluderer med at det likevel er vanskelig å tru at Ronald Reagan var president, akkurat som det er vanskelig å tru at ein orangutang kan vera president i dag. I dag tenkte eg å spinna vidare på ka folk trur på (eller gjer dei det?) med to forskjellige klipp, i håp om at dei kan virka støtande på noken.§ Begge klippa er frå Not The Nine O'Clock News.

Den reviderte trusbekjennelsen

Då eg var mykje yngre enn i dag var eg fascinert av bøkene til Erich von Däniken. Han meiner at mange av forteljingane frå mytologien og religionane kan forklarast med at det har vore besøk frå utenomjordiske på planeten vår, og at beretningane om disse hendelsane har blitt tolka som religiøse myter.  Eg er fremdeles opptatt av mytologi og religion, og meiner fremdeles at mange av forteljingane godt kan tolkast på andre måtar. Men eg er vel generelt blitt ein skeptikar. Likevel forstår eg godt fascinasjonen for slikt. Men noken er mottagelige for det meste, og då er det på tide å revidera trusbekjennelsen:

 

Satan, er han bare vond?

Og så var det han der nede. For ein del år sidan var det mykje snakk om satanisme. Også i Norge, der kyrkjer vart brent og det var mykje styr. No har det roa seg. For folk flest er han ein mytologisk figur som bidrar til mykje humor, som feks. Ottor Jespersen sin Baron Blod. Men det fins nok folk som fremdeles trur på han, og mange av disse er antagelig kristne. Eg er usikker# på om det faktisk er folk som faktisk tilber gamlegutten, men i såfall er dei sikkert som folk flest* :D



§ Dette var eit forsøk på humor. I dag må tydeligvis humor forklarast. I alle fall for BBC og andre statlige foretak. Jamfør gårdsdagen post Ikkje snakk om krigen!

*Satanister er som folk flest. "Moderne satanister kan være dypt uenige seg i mellom. Banebrytende doktorgrad viser nye sider ved satanismen." Dette kunne NRK melda i 2011.

# Men noken er sikre: En ny satanist gruppe sprer den sataniske pest i Norge. Det er utrulig kor mykje satanisme ein kan finna i musikken når ein legg godviljen til, og spesielt om ein spelar den baklengs :)))

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

شاپرک خرسندی

Ifølge Shappi Khorsandi sjøl, så kjem stadig folk bort og spør "unnskyld, er du Omid Djalili?" (som vi presenterte i forrige post Ein stor tøysekopp ). Men den einaste likheten er at dei begge har iransk bakgrunn. Familien hennar forlot Iran etter den islamske revolusjonen sidan faren, satirikaren og poeten Hadi Khorsandi, hadde publisert eit dikt som var kritisk til det nye regimet. Alstå omtrent som å skriva bok om orangutangen i det kvite hus i dag. Ho driv fremdeles med komedie, men har sjølsagt gjort litt av kvart. Feks, har ho skrive fleire bøker, som "A beginners guide to Acting English", og ho var president i Humanists UK frå 2016 - 2018. Ho har opptrått på Live at the Apollo fleire gonger, og eg trur dette var den første: Shappi Khorsandi - Live At The Apollo . Shappi Khorsandi Live At The Apollo .

Kommunistkviss

Forrige post handla om SNL sitt Celebrity Jeopardy med Tom Hanks i fri dressur . Men no skal vi høyna kjendisfaktoren med Monty Python sin " Communist Quiz ", også referert til som "World_Forum". Denne sketsjen gjekk først på lufta den 15 desember 1970, og var då med i den tolvte episoden frå sesong 2 av Monty Python's Flying Circus. Men dette er bittelitt annan versjon frå Monty Python Live at the Hollywood Bowl , der Eric Idle er verten, Terry Jones spelar Marx, John Cleese er ein usedvanlig stille Lenin, mens Michael Palin er Che Guevara og Terry Gilliam ein gul Mao. Eg føler verkeleg med Lenin akkurat i denne sketsjen (men forøvrig vil eg ha meg frabedt samanlikning ...), sidan det ofte er slik eg føler meg på ein quiz. Vi har nok begge ein litt for nerdete tilnærming til fakta. Korfor skal ein kunna, og ikkje minst meina, det alle andre kan liksom? Teksten . Italiensk f...

Stugägare Kenneth Lindeman

Svenskane var velsigna med eit av dei store komikarpara gjennom alle tider, nemlig Hasse og Tage (Hans Alfredson og Tage Danielsson). Dei jobba saman frå sist på 1950-talet til Danielssons døydde i 1985, først i Sveriges Radio, seinare i revyar og filmar. Som sagt i forrige post ( One Leg Too Few ) var eit av formata den tøysete samtalen på lavt nivå. Ein gjengangar her var herr Lindeman . Hans Alfredson gjorde denne figuren utallige gonger på scenen. Grunnkonseptet var at Tage presenterte et dagsaktuellt tema, gjerne henta frå avisene, og gav Lindeman  eit yrke og eit fornavn (ofte Malte), som Hasse då improviserte over. Dei fleste av disse sketsjane fins bare med lydspor, som feks. Bigamisten Malte Lindeman . Dette var jo på den tid svenskane begynte å få betre råd, og hyttebyande skaut opp. Men ikkje alle hadde likevel råd til egen hytte, og då vart deling løysinga. Så også for hytteeig...