SISTE: BBC HAR SNUDD!
Oppdatert 13.6 Etter at den BBC-eigde strømmtenesten UKTV i går fjerna ein episode av Fawlty Towers (Hotell i særklasse) frå nettet pga. angivelig rasistiske ytringar ("racist slurs"), har dei i dag snudd og legg den ut igjen med advarsel om at det kan innehalda støtande ordbruk!Episoden det gjeld er episode 6 frå første sesong, og grunnen til denne ytterliggåande handlinga virka å vera det den lettare demente karakteren major Gowen seier i ein samtale med Basil (John Cleese). Denne scenen har vorte redigert (sensurert) av BBC før, og ein kan ikkje sei anna enn det The Guardian sa, sist gong dette var omtalt: "Fawlty Towers isn't racist. Major Gowen is". (Fawlty Towers er ikkje rasistisk. Major Gowen er). Majoren (glimrande spelt av Ballard Berkeley) fortel Basil Fawlty at han møtte ei kvinne som kalla "indianarar" (som han sa) for negrar (niggers). "No, no, no,' I said, 'the niggers are the West Indians. These people are wogs." Her er det aktuelle klippet frå:
Women are strange creatures
Dette er jo tydelig rasistisk språk, det kjem ein ikkje forbi. Men spørsmålet er "kva så?" For det er vel ingenting som tilseier at tekstforfattarane John Cleese og Connie Booth (som var Cleese si kone i det verkelige livet, og som spela altmuligdama Polly Sherman i scenen) støttar den slags uttalelsar? Tvert om er det jo majoren her som blir latterliggjort. Og komedien ligg i at når han seier "No, no, no", så trur vi først at skal fordømma språkbruken til kvinna, mens han i verkeligheten bare er ein spesielt pedantisk rasist.Det må også seiast at hvis ein ser heile scenen, så er inntrykket ein sit igjen med at det er minst like mykje kvinnefiendtlighet som rasisme den handlar om. Hverken Basil eller majoren er jo veldig stuereine i så henseande. I tillegg er det også ein god porsjon tyskarhat innblanda på slutten. Meir om det nedanfor. Men ta ein titt på heile scenen først:
Ikkje nevn krigen!
Det episoden egentlig handlar om er "The Germans", som også er tittelen. I dette klippet, som er det mest berømte frå episoden, får hotellet tyske gjester. Og Basil prøver verkelig å unngå å snakka om krigen. Men stakkar, det blir vanskelig for han:
Oppsummering
Så her er det altså mykje å henga seg opp i - for den som vil. Likevel:
denne episoden er ein av dei mest populære frå heile serien. Den vart i
1997 rangert på tolvte plass i TV Guide si kåring av "100 Greatest Episodes of all
time". I 1999 vart den rangert på ellevte plass i Channel 4 si tilsvarande kåring "One hundred Greatest TV Moments". Den var også ein av dei mest populære i
Tyskland då den vart vist der i 1993. Og Martin Scorsese sa at dette var
hans favorittepisode, og beskreiv scenen med Basil sin Silly Walk (som jo
er ein referanse til den egentlige Silly Walk sketsjen frå Monty Python)
som "So tasteless, it's hilarious". I second that!Så sjøl om BBC no har snudd, stå står konklusjonen seg: BBC / UKTV er redde for å tapa kundar, og prøver derfor å vera så stuereine som mulig, og seier "Ikkje nevn rasismen!". Basil har akkurat same motiv når han prøver å unngå snakket om krigen. Men både BBC og Basil roter det kraftig til. Basil muligens fordi har har fått eit kakk i hovet, men kanskje heller fordi han jo egentlig er tyskfiendtlig. BBC fordi det blir så tydelig at deira einaste motiv er det reint økonomiske - akkurat som Basil.
Kommentarer
Legg inn en kommentar