Gå til hovedinnhold

شاپرک خرسندی

Ifølge Shappi Khorsandi sjøl, så kjem stadig folk bort og spør "unnskyld, er du Omid Djalili?" (som vi presenterte i forrige post Ein stor tøysekopp). Men den einaste likheten er at dei begge har iransk bakgrunn. Familien hennar forlot Iran etter den islamske revolusjonen sidan faren, satirikaren og poeten Hadi Khorsandi, hadde publisert eit dikt som var kritisk til det nye regimet. Alstå omtrent som å skriva bok om orangutangen i det kvite hus i dag. Ho driv fremdeles med komedie, men har sjølsagt gjort litt av kvart. Feks, har ho skrive fleire bøker, som "A beginners guide to Acting English", og ho var president i Humanists UK frå 2016 - 2018. Ho har opptrått på Live at the Apollo fleire gonger, og eg trur dette var den første:



Shappi Khorsandi - Live At The Apollo.

Shappi Khorsandi Live At The Apollo.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Har du koskräck?

Ein populær figur på åttitalet, både i Sverige og Norge var Lasse Brandeby sin karakter Kurt Olsson som med karakteristisk Elvis-sveis og storruta jakke hadde sitt eige lille tvselskap Kurt Olssons television , som sende frå svigermora si kolonihytte. Med sin kompis Arne (Hans Wiktorsson) bak kamera, og eit dameorkester i stova, kjørte dei på med utrangerte hits frå tidlig sekstital med Siw Malmkvist og Lill-Babs. Men det mest populære innslaget var nok kjendisintervjua han gjorde frå ein kjempesofa på taket av ein møbelbutikk*.  Han innleda alltid med å spørja om vedkommande hadde kuskrekk, og veldig mange vil fremdeles huska hans uforliknelige intervju den legendariske (persen på 2.42 var verdensrekord i 1986, og er fremdeles europarekord. Han er bare slått av ein mann, kubaneren Javier Sotomayor) svenske  høgdehopparen Patric Sjöberg . Eg klarte ikkje embedda dette klippet, men du kan sjå det her p

A misoverestimated man

Eg likar godt parodiar. Noken gonger blir folk parodiert fordi dei er morsomme eller spesielle, andre gonger bare fordi dei fortener å bli gjort til latter. Og det siste gjeld spesielt samtlige av dei amerikanske presidentane i moderne tid. Vi har alt hatt Tina Fey sin glitrande parodi på Sarah Palin ( Fey for president ) og Alec Baldwin sin like gode av Trump ( Baldwin for president ). No skal vi sjå litt nærmare på George Bush den vetle, dvs. jr. Han blir parodiert både fordi han er morsom, og fordi han fortener det. Denne mannen er jo lett å "ta" for hans utallige " Bushismar ", Han kan sei slikt som "They misunderestimated me" og "Rarely is the question asked: Is our children learning?" , men benektar likevel at han dysleksi. Det kan jo henda at han ikkje veit ka det betyr? Men om det bare var talefeil som var Bush sitt problem, så skulle vi (kanskje) l

I know nothing

"For someone called Manuel, you’re looking terribly ill…" - Basil Fawlty Den mest kjente catchfrasen frå Fawlty Towers (Hotell i særklasse) er utvilsomt kelneren / pikkoloen / altmuligmannen Manuel (Andrew Sachs) sin "I know nothing" . (Eller kan det vera same mann sine "Que?" og "I am from Barcelona" ?) Han ytrar dette fleire gonger, og som regel fordi han blir bedt om å gjera det. Så også i denne sketsjen. Forhistorien er at hotelleigar Basil (John Cleese) har sett pengar på hesten Dragonfly, og den vant. Men Basil vil helst ikkje at dette skal koma kona Sybil (Prunella Scales) for øyra, for då blir pengane konfiskert. Så derfor ber han innstendig Manuel om å lata som at han ikkje veit noke som helst om dette. Problemet er bare at Manuel altså er frå Barcelona , og ikkje akkurat er ein racer i engelsk ... ... men så er Basil heller ikkje så god i spansk*, som du kan sjå he