Gå til hovedinnhold

Forhøyret

The Pink Panther Strikes Again del 1.

Sidan det er bursdagen min i dag, så vil eg feira med det morsommaste klippet eg har sett - muligens minst like morsomt som det eg starta bloggen med (Fire Yorkshiremenn). Klippet er frå The Pink Panther Strikes Again frå 1976. Som bonus får du i dag ikkje mindre enn to klipp.

Forhistorien

Inspektør Clouseau (Peter Sellers) er blitt sjef for Sûreté etter at hans tidligare sjef, Charles Dreyfus, (Herbert Lom) har  blitt drive til galskap av Clouseau i forrige film The Return of the Pink Panther. No er han i ferd med å sleppa ut frå mentalsjukehuset etter å ha fått kontroll over sitt høgst forståelege raseri mot inspektøren. Men eit sjebnesvangert besøk frå vår inspektør, gjer at han ikkje uventa får tilbakefall.



Og her får vi brekrefta at ein teaterrekvisitt aldri blir liggjande ubrukt!

Atentatet

Som venta klikkar det igjen for Dreyfus, Men han klarer snart å stikka av frå sjukehuset, og går straks i gang med sin hevn mot inspektøren. Planen er å planta ei bombe under leiligheten til inspektøren. Clouseau på si side tar sine forholdsreglar, og kler seg ut som Quasimodo, The Hunchback of Notre-Dame. Sjøl tenaren hans Cato (Burt Kwouk) blir lurt av dette strålande kostymet. Eller blir han det?


Forhøyret

Dreyfus forstår no at det trengs meir drastiske tiltak for å få has på inspektøren, og organiserer derfor ein heil liten hær av kriminelle. Det første han gjer er å kidnappa den berømte kjernefysikaren, professor Hugo Fassbender, (Richard Vernon) og dottera Margo (Briony McRoberts), og tvingar professoren til å byggja eit dommedagsvåpen for han. Clouseau reiser då til England i eit forsøk på å oppklara forsvinningsmysteriet. Her møter vi han i heimen til Fassbender, der han i beste Ellery Queen-stil, foretar eit avhøyr av personalet:



Resten av historien kan du lesa om i neste post: Dreyfus hos tannlegen.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

شاپرک خرسندی

Ifølge Shappi Khorsandi sjøl, så kjem stadig folk bort og spør "unnskyld, er du Omid Djalili?" (som vi presenterte i forrige post Ein stor tøysekopp ). Men den einaste likheten er at dei begge har iransk bakgrunn. Familien hennar forlot Iran etter den islamske revolusjonen sidan faren, satirikaren og poeten Hadi Khorsandi, hadde publisert eit dikt som var kritisk til det nye regimet. Alstå omtrent som å skriva bok om orangutangen i det kvite hus i dag. Ho driv fremdeles med komedie, men har sjølsagt gjort litt av kvart. Feks, har ho skrive fleire bøker, som "A beginners guide to Acting English", og ho var president i Humanists UK frå 2016 - 2018. Ho har opptrått på Live at the Apollo fleire gonger, og eg trur dette var den første: Shappi Khorsandi - Live At The Apollo . Shappi Khorsandi Live At The Apollo .

Kommunistkviss

Forrige post handla om SNL sitt Celebrity Jeopardy med Tom Hanks i fri dressur . Men no skal vi høyna kjendisfaktoren med Monty Python sin " Communist Quiz ", også referert til som "World_Forum". Denne sketsjen gjekk først på lufta den 15 desember 1970, og var då med i den tolvte episoden frå sesong 2 av Monty Python's Flying Circus. Men dette er bittelitt annan versjon frå Monty Python Live at the Hollywood Bowl , der Eric Idle er verten, Terry Jones spelar Marx, John Cleese er ein usedvanlig stille Lenin, mens Michael Palin er Che Guevara og Terry Gilliam ein gul Mao. Eg føler verkeleg med Lenin akkurat i denne sketsjen (men forøvrig vil eg ha meg frabedt samanlikning ...), sidan det ofte er slik eg føler meg på ein quiz. Vi har nok begge ein litt for nerdete tilnærming til fakta. Korfor skal ein kunna, og ikkje minst meina, det alle andre kan liksom? Teksten . Italiensk f...

Stugägare Kenneth Lindeman

Svenskane var velsigna med eit av dei store komikarpara gjennom alle tider, nemlig Hasse og Tage (Hans Alfredson og Tage Danielsson). Dei jobba saman frå sist på 1950-talet til Danielssons døydde i 1985, først i Sveriges Radio, seinare i revyar og filmar. Som sagt i forrige post ( One Leg Too Few ) var eit av formata den tøysete samtalen på lavt nivå. Ein gjengangar her var herr Lindeman . Hans Alfredson gjorde denne figuren utallige gonger på scenen. Grunnkonseptet var at Tage presenterte et dagsaktuellt tema, gjerne henta frå avisene, og gav Lindeman  eit yrke og eit fornavn (ofte Malte), som Hasse då improviserte over. Dei fleste av disse sketsjane fins bare med lydspor, som feks. Bigamisten Malte Lindeman . Dette var jo på den tid svenskane begynte å få betre råd, og hyttebyande skaut opp. Men ikkje alle hadde likevel råd til egen hytte, og då vart deling løysinga. Så også for hytteeig...