Gå til hovedinnhold

Fire Yorkshiremenn

Som første post på Komiklipp syns eg det er passande med denne udødelige sketsjen med dei fire Yorkshiremennene  (The "Four Yorkshiremen"). Dette er den sketsjen eg muligens har ledd mest og best av noken gong:

Eg huskar eg fekk vondt i magen den første gong eg såg den. Huskar dessverre ikkje akkurat ka versjon det var eg såg, men det var i alle fall ein Monty Python-versjon. Kanskje det var denne versjonen som er frå Monty Python sitt show Live at the Hollywood Bowl (1982) med Michael Palin, Eric Idle, Graham Chapman og Terry Jones (RIP).



Men det som sikkert ikkje alle veit, er at sketsjen opprinnelig vart skriven for det britiske serien At Last the 1948 Show (som du kan kjøpa på Platekompaniet.) Den vart laga av dei fire som spelte den: John Cleese, Graham Chapman, Tim Brooke-Taylor, og Marty Feldman.



The "Four Yorkshiremen" har blitt framført mange gonger av Monty Python, som Live at Drury  Lane i 1974 (ingen video?), og også på Monty Python Live (mostly) Kvar framføring er rimeligvis litt forskjellig frå dei andre. Den vart også framført på Amnesty-showet The Secret Policeman's Ball i 1979. Den gong med tre Pythonistar (John Cleese, Michael Palin og Terry Jones) samt Rowan Atkinson. (Sjå bildet øverst)
Som ein hyllest til  Amnesty-show, vart sketsjen sett opp i 2001 Amnesty show We Know Where You Live. Denne gongen var det med Eddie Izzard, Harry Enfield, Alan Rickman, og Vic Reeves. Og det siste klippet eg har funne var 'Four Fundraisers' tribute to Monty Python’s Four Yorkshiremen med John Bishop, Davina McCall, David Walliams og Eddie Izzard - igjen!

LENKER

Teksten.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Har du koskräck?

Ein populær figur på åttitalet, både i Sverige og Norge var Lasse Brandeby sin karakter Kurt Olsson som med karakteristisk Elvis-sveis og storruta jakke hadde sitt eige lille tvselskap Kurt Olssons television , som sende frå svigermora si kolonihytte. Med sin kompis Arne (Hans Wiktorsson) bak kamera, og eit dameorkester i stova, kjørte dei på med utrangerte hits frå tidlig sekstital med Siw Malmkvist og Lill-Babs. Men det mest populære innslaget var nok kjendisintervjua han gjorde frå ein kjempesofa på taket av ein møbelbutikk*.  Han innleda alltid med å spørja om vedkommande hadde kuskrekk, og veldig mange vil fremdeles huska hans uforliknelige intervju den legendariske (persen på 2.42 var verdensrekord i 1986, og er fremdeles europarekord. Han er bare slått av ein mann, kubaneren Javier Sotomayor) svenske  høgdehopparen Patric Sjöberg . Eg klarte ikkje embedda dette klippet, men du kan sjå ...

Stugägare Kenneth Lindeman

Svenskane var velsigna med eit av dei store komikarpara gjennom alle tider, nemlig Hasse og Tage (Hans Alfredson og Tage Danielsson). Dei jobba saman frå sist på 1950-talet til Danielssons døydde i 1985, først i Sveriges Radio, seinare i revyar og filmar. Som sagt i forrige post ( One Leg Too Few ) var eit av formata den tøysete samtalen på lavt nivå. Ein gjengangar her var herr Lindeman . Hans Alfredson gjorde denne figuren utallige gonger på scenen. Grunnkonseptet var at Tage presenterte et dagsaktuellt tema, gjerne henta frå avisene, og gav Lindeman  eit yrke og eit fornavn (ofte Malte), som Hasse då improviserte over. Dei fleste av disse sketsjane fins bare med lydspor, som feks. Bigamisten Malte Lindeman . Dette var jo på den tid svenskane begynte å få betre råd, og hyttebyande skaut opp. Men ikkje alle hadde likevel råd til egen hytte, og då vart deling løysinga. Så også for hytteeig...

Forhøyret

The Pink Panther Strikes Again del 1. Sidan det er bursdagen min i dag, så vil eg feira med det morsommaste klippet eg har sett - muligens minst like morsomt som det eg starta bloggen med ( Fire Yorkshiremenn ). Klippet er frå The Pink Panther Strikes Again frå 1976. Som bonus får du i dag ikkje mindre enn to klipp. Forhistorien Inspektør Clouseau (Peter Sellers) er blitt sjef for Sûreté etter at hans tidligare sjef, Charles Dreyfus, (Herbert Lom) har  blitt drive til galskap av Clouseau i forrige film The Return of the Pink Panther . No er han i ferd med å sleppa ut frå mentalsjukehuset etter å ha fått kontroll over sitt høgst forståelege raseri mot inspektøren. Men eit sjebnesvangert besøk frå vår inspektør, gjer at han ikkje uventa får tilbakefall. Og her får vi brekrefta at ein teaterrekvisitt aldri blir liggjande ubrukt! Atentatet Som venta klikkar det igjen for Dreyfus, Men han k...