Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2020

Musisk* moro

Eg visste ikkje kem denne David O'Doherty var før hin dagen då eg slo på Live at the Apollo. Då såg eg denne gig-tingen du no skal sjå. Og eg vart veldig sjarmert av denne godslige,  smårunde moromannen som akkompagnerer sine egne vitsar med sin elektriske speledåse med ferske batteri. David er irsk, som du kanskje gjetta pga denne O'en. Når du ser nettsida hans (veldig low-tech), og les hans egen biografi (uncomfortablywritten in the third person) så kan det virka som at han ikkje tar noke seriøst. Noke som tyder på at det er nettopp det han gjer. Han er, som mange av disse folka, mangsyslar. Skriv bøker og lagar rare ting som 100 facts About Pandas . Å døma etter bioen hans, så slutta han med oppstandelse i 2014, men det er vel heller slik at han ikkje har gidda å oppdatera den - eller hatt tid. For på sida med planlagte gigs , så er det masse. Antagelig er mange av dei utsett akkura

Women: Know Your Limits!

Harry Enfield & Chums er eit sketsj-show med blant andre Harry Enfield og Paul Whitehouse . Vi har allerede møtt ein av karakterane, nemlig Kevin The Teenager ( Tenåringen Kevin ). Her møter vi ein annan: newsreel (filmavis)-opplesaren Miles Chomondley-Warner, som tar opp aktuelle saker som er viktige for å halda oppe verdiane til det britiske imperiet. Disse filmane bidrar til almuens dannelse ved å gi råd om feks. å gi gin til ungane for å sikra ei god natts søvn. I dette klippet, som er ynskt av kollega  Odrun Misje, gir han ikkje mindre viktige råd om korleis kvinner bør oppføra seg i selskapslivet. Dei to herrane som diskuterer politikk blir spelt av Enfield og Whitehouse, mens dama som trakkar uti og trur ho kan noke blir spelt av Carla Mendonça (så vidt eg kan sjå).

Fey for president!

"Palin for President!" var mitt slagord i 2008. Og då meinte eg sjølsagt Michael Palin i Monty Python. Men, som vi veit, var han dessverre ikkje valgbar i Junaiten. Det var derimot Sarah Palin. Av ulike årsaker (for det meste fordi ho var litt tett) så var ho veldig lett å parodiera. Og på eit tidspunkt gjorde Tina Fey dette til meir eller mindre sitt levebrød, ein periode. Så her er ein god del å ta av, og derfor blir det tre klipp i dag. Så kan det henda at ikkje alt som blir tillagt Palin kjem frå henne. ("I can see Russia from my house") Men hallo, ingen røyk uten ild!  I første klippet [frå Saturdy Night Live, sesong 34, 2008] ser vi Katie Couric (Amy Poehler) intervjua Sarah Palin (Tina Fey) for å snakka om turen hennar til New York, besøket hos FN der ho møtte verdens leiarar, og hennera syn på utenrikspolitikken mellom Alaska og Russland: I det neste klippet [Fremdeles SNL, f

Dreyfus hos tannlegen

The Pink Panther Strikes Again del 2. Vi har alt sett fleire eksempel på at inspektør Clouseau (Peter Sellers) er meir enn gjennomsnittlig glad i forkledningar. ( Sjå An old salty swedish sea dog ). Og når han forkler seg, gjer han jobben grundig! I dette klippet frå The Pink Panther Strikes Again frå 1976 agerer inspektøren tannlege. Som vi høyrte i The Pink Panther Strikes Again del 1 , er sjefsinspektør Charles Dreyfus, (Herbert Lom) blitt drive til galskap av Clouseau, og no truar han alle verdens land med utsletting ved hjelp av eit massivt laservåpen, med mindre dei tar livet av Clouseau for han. Dreyfus oppheld seg i eit slott i Bavaria, og dit drar også vår helt for å skaffa seg eit rom: Deretter gjer Clouseau fleire forsøk på å komma seg inn på slottet: Tilbake på hotellet får han tilfeldigvis høyra at hans galne sjef har tannverk. Dermed forkler han seg som den eldre landsbytannlegen Dr.

Forhøyret

The Pink Panther Strikes Again del 1. Sidan det er bursdagen min i dag, så vil eg feira med det morsommaste klippet eg har sett - muligens minst like morsomt som det eg starta bloggen med ( Fire Yorkshiremenn ). Klippet er frå The Pink Panther Strikes Again frå 1976. Som bonus får du i dag ikkje mindre enn to klipp. Forhistorien Inspektør Clouseau (Peter Sellers) er blitt sjef for Sûreté etter at hans tidligare sjef, Charles Dreyfus, (Herbert Lom) har  blitt drive til galskap av Clouseau i forrige film The Return of the Pink Panther . No er han i ferd med å sleppa ut frå mentalsjukehuset etter å ha fått kontroll over sitt høgst forståelege raseri mot inspektøren. Men eit sjebnesvangert besøk frå vår inspektør, gjer at han ikkje uventa får tilbakefall. Og her får vi brekrefta at ein teaterrekvisitt aldri blir liggjande ubrukt! Atentatet Som venta klikkar det igjen for Dreyfus, Men han klare

Konkurransen

Denne gongen blir det meir bilder enn ord. Alle som har sett denne Seinfeld-episoden* "The Contest", vil huska at den handlar om eit veddemål om kem som kunne halda seg lengst uten å .... , vel, gjera "det". Slik gjekk det: 1) Forspillet 2) Kramer er ute 3) Elaine er ute 4) Jerry er ute Alle ute? Så då var det altså George som vant konkurransen ?!? Naaah... I førsten såg det riktignok slik ut, men i den siste episoden av Seinfeld, innrømmer George at han, typisk nok, hadde juksa, og at det faktisk var Jerry som vant. "Korfor juksa du", spør Jerry i finalen. “Because I’m a cheater.” svara George. * Dette er episode nr. elleve i sesong fire. Den gjekk på lufta den 18 november 1992. Funfacts Som meldt tidligare vart Lucille Ball sin sketsj "Lucy Does a TV Commercial" (Sjå Vitameatavegamin ) ranka som nr 2 i  TV Guide's 100 Greatest Episodes of All-Time

Vitameatavegamin

Dagens unge anar sjølsagt ikkje kem Lucille Ball var. Men ho var verkelig stor på femtisekstisøttitalet med TV-seriane I Love Lucy (1951–1960), The Lucy Show (1962–1968) og Here's Lucy (1968–1974), som også var populære i Norge. Vi har alt møtt ho i posten Speilrutinen x 2 . Lucille var ei festlig dame med futt og fart og knallrødt hår. Dette siste oppdaga eg først etter at farge-TVen kom. Eg huskar spesielt denne sketsjen i svart-kvitt frå 1952 (Eg har nok sett det i reprise mange år seinare) der ho skal reklamera for vidunderdrikken Vitameatavegamin . Denne sketsjen kallast som regel "Lucy Does a TV Commercial" , og fins i mange versjoner. Men dette er den eg fant med best kvalitet. Den har kutta bort vesentlig informasjon frå begynnelsen, nemlig at vitameatavegamin består av vitaminer, kjøtt, grønnsaker og mineraler. Og i tillegg 23 % alkohol ... Funfacts I 1997 rangerte de

Helpdesken

Denne nettstaden skal ikkje bare (as if!) vera for den nye vinen (eller Pepsien for meg) men også i stor grad* for dei store klassikarane. Og ein sketsj som vart ein instant classic var Øystein Bache og Rune Gokstad sin "helpdesk". Dette radarparet har mora oss som Bachstadgutane (det er dei), med show som Øystein og meg , og so burtetter. Her ser vi dei i eit direkte opptak frå middelalderen, der munk Gokstad søkjer hjelp av munk Bache med den tids informasjonsteknologi. * Hvis du syns det blir for mykje med gamlisane, så er det bare å senda inn lenker! Funfacts: Teksten er skriven av Knut Nærum . Helpdesken vart kåra til verdens morsomste tech-video av Computerworld.com . På andre plass i samme kåringen kom sketsjen om Steve Jobs som vi alt har presentert her. ( Steve Jobs på Madtv )

Franske fornærmelsar

Fornærmelsar er ikkje nødvendigvis så morsomme. Dessverre er det ein god del komikarar som ikkje har innsett dette. Men dei kan vera morsomme. Eit godt eksempel i så måte er denne scenen frå Monty Python sin film Monty Python and the Holy Grail , som på norsk, av ein grunn bare dei innvidde i oversettarlauget kan forstå, heiter "Monty Python og ridderne av det runde bord". I denne scenen har vår helt kong Arthur og hans følge kome til eit slott som er bebodd av underlige franskmenn. På anrop frå Arthur dukkar den franske representanten opp over muren, og kan fortelja at dei alt har ein gral, og at dei slett ikkje har til hensikt å sleppa Arthur og gjengen inn på slottet. Arthur blir ikkje særlig glad for dette og vil angripa. Som motsvar får han då ein tirade med dei saftigaste fornærmelsar, og deretter ein særdeles original beskytning. Etter dette hoppar klippet til slutten av filmen der Arthur og hans s

My hovercraft is full of eals*

På tide med litt godteri for dei språkinteresserte. Vi har jo alt fått ein latinleksjon frå Monty Python ( Romanes Eunt Domus ). No skal vi få ein i ungarsk. Denne berømte sketsjen handlar om den ungarske turisten ( John Cleese ) som kjem inn i tobakkbutikken (til tobakkhandlar Terry Jones ) for å handla nødvendigheter. Sidan han ikkje er så bevandra udi det engelske språk, konverserer han forsøksvis ved hjelp av ei ordbok. Problemet er at denne ikkje er heilt på det nivået ein skulle forventa av slike bøker # . Til slutt blir ungararen rimeligvis henta av ein årvåken politimann ( Graham Chapman ). * Den gong eg var på CERN sin sommarskule, der det var samla eit anselig antal ungdomar frå heile Europa, spanderte vi ei ikkje ubetydelig mengde tid på å oversetja denne frasen til så mange språk vi klarte. No ser eg at andre også har sysla med dette. Her ser du resultatet . # Det vi ikkje får sjå i d

Onkel Dennis og konspirasjonsteoretikarane frå helvete

Eg har ingenting imot konspirasjonsteoriar i og for seg. Eg er bare mot dei dårlige. For eksempel sånne som den om Bill Gates. Han er som kjent antikrist, og han har laga koronaviruset enten for å avbefolka verda og / eller for å  kunna installera sporingsbrikker i folk. Aaargh, kom an! Dei må då vel kunna klara å koma opp med noke betre enn dette? Eg snakkar om konspirasjonsteretikarane frå helvete. Og som Sara Schaefer så riktig har funne ut: no tyt dei ut av treverket, som på eit signal. Og vi veit jo alle kor det signalet kom frå ... LENKER 9/11 Conspiracy Theories & Intercourse With A Donkey | Jack Dee So What? BEST OF | Universal Comedy

Nasjonal stolthet

Det er 17 mai 2020 , og i år kunne 5080 Nyhetskanalen melda om at 83 år gamle Harald frå Oslo endelig kunne oppleva sin drømme-17 mai . Det same gjeld for Gunnar frå Bergen, sjøl om eg stort sett har sluppe å stå på slottsbalkongen dei siste åra. Eg har ikkje noke i mot 17 mai per se, og heller ikkje bunadar. Det er bare denne uniformeringa som eg strittar llitt imot - både den indre og den ytre. Som eit apropos til dette har eg funne fram denne snutten med George Carlin om nasjonal stolthet. Han snakkar sjølsagt om parodien på ein stat, USA, men kanskje den har overføringsverdi?

Tore Etsen om handsprit

I "disse dagar" som det heiter, veit alle at hygiene er av alra största betydning. Og derför har vi fått tak i ingen ringare enn Tore Etsen, kanskje Sveriges störste ekspert innan smittespredning. Vi veit egentlig lite om dette, men hvis vi jamförer med det herr Tegnell oppviser, så tyder alt på at han må vera det. Etsen skal her fortelja oss korleis vi skal bruka handsprit på ein mycke seriös måte. Var så goda!

Audiens hos paven

I forrige klipp (- Jeg kommer sannsynligvis ikke i morgen ) møtte vi ein ung utgave av Trond Viggo Torgersen . Seinare har han vore fast innslag i TV-ruta, som alt frå lege og barneombud til forfattar og programledar. Han er ein av disse heldige som er begava i nærsagt alle retningar, og som har begava oss (heiter det det?) med sin vidd og sin humor. Alle huskar vaktmesteren og alle disse herlige fem-på-gata-karakterane, som vi sikkert kjem tilbake til. Men det klippet eg har plukka ut i dag er frå den tida Bondevik sat ved roret. Som kristen og danna statsminister let han Norge delta i såkalte "humanitære" intervensjonar. Ein kan ikkje ha nok hermetegn rundt ordet "humanitær", for det var ikkje anna enn ein eufemisme for å bomba andre land. Ikkje rart derfor at Norges omdømme dalte, og at vi trengte hjelp til markedsføring. Det er bakgrunnen for denne sketsjen der den norske utsendi

- Jeg kommer sannsynligvis ikke i morgen

Nu har vi akkurat sett eksempel på det utvida komiklipp-begrepet (Sjå Vegards utvalgte ). Derfor er det på tide med eit udødelig klipp frå komediens standardlåtar med Jon Skolmen og Harald Heide Steen jr . som påsketuristar i byn, og med ein ung Trond Viggo Torgersen som reportar. Dessverre var hverken Jon eller Harald udødelige, og er sårt savna. Heldigvis for oss fins opptak som disse. Vi har alt hatt ein post med Harald (Sjå Supperådet ), og det kan fort bli fleire! Akkurat dette klippet er vi er kanskje litt seint ute med, sånn reint tematisk, sidan påska for lengst er forbi. MEN det snødde i går (12 mai 2020), så slik sett er det ikkje for seint å repetera fjellvett-, eller rettare, byvett-reglane:

Vegards utvalgte

Under tvil* har eg antatt følgande klipp som er innsendt av vår utsendte medarbeidar Vegard Schei Haraldsen . Han skriv: "Ja da har dere endelig gjort den tabben å spørre meg om komiklipp. Jeg har prøvd å finne klipp som ikke er altfor gale. Tror jeg har klart det." Så her kjem hans to klipp. Det første er The Walrus Song (ikkje Beatles, altså) : Det andre er Llamas with hats: *ikkje fordi dei er dårlige, men fordi eg lurte på om dei var innanfor komisjangeren vår. Men så kom eg på at den ikkje er særlig veldefinert... :)

Thompson og Gadsby

Humorstafetten går vidare. No er det Marte Jertine Skogen sin tur. Ho skriv: "Eg takkar for utfordringa frå Jon Are [Sjå posten Markets of Britain . Red.anm.] , og svarar med Emma Thompson. Dette er litt fordi ho er hylande festleg, men òg for å demma opp for den smale demografien i utvalet av klipp. Dette er den gyldne muligheten til å opna opp! Eg starter med ei gammal dame, for å ikkje gjera overgangen for brutal. Men som ein bonus slenger eg på Hannah Gadsby (her får du ein haug med minoritetar i ei og same dame!)"   Takk for den Marte! Mange tenkjer gjerne ikkje på Emma Thompson som først og fremst komikar(?), men ho er jo det også ! I tillegg til skuespelar, forfattar, tekstforfattar, og aktivist. Ho har faktisk - som den einaste - vunne Oscar både som skuespelar og som tekstforfattar! Men det er vel få som har sett ho som for eksempel professor Rummefiold i Harry Potter eller Nann

Symbolsnakk

Så har vi hatt den oppbyggelige, men lettare bisarre, opplevelsen å sjå ein minister (Knut Arild Hareide) bli bedt om å svara på korfor statsministen, kronprinsen og andre i den såkalte "eliten", aka. "Quislingar", "judasar" og "landsforredarar", går med FN-pins*. Som om Hareide, eller noken andre, har noke med det å gjera? For dei som ikkje er heilt oppdatert: dette er symbolet som FN brukar for setja fokuset på dei 16 bærekraftmåla - du veit dette med å utrydda svolt og fattigdom og slikt tøys. Og spørsmålet frå Vebjørn Selbekk i avisa Dagen, og disse frå ekstreme høgre, der dette kjem frå # , stiller er: "Hva er galt med flagget". Dei lurer med andre ord på korfor vi, akkurat no, når vi no er inne i ei global krise - ein pandemi (google gjerne ka det betyr, Selbekk!) absolutt må insistera på å sjå lenger enn egen navle. Det kunne eg godt ha svart på, men eg vi

Noas ark, del 2

Som mange (yeah, right!) har forstått, kjem det ein oppfølgar til forrige post Noas ark, del 1 ,som var Ricky Gervais sin framstilling av syndefloden. Så no er det Eddie Izards tur i denne posten som eg har gitt den originale tittelen Noas ark, del 2. (veit ikkje om det blir fleire) Det er ingen hemmelighet at både eg og John Cleese likar herr Izzard. Vi møtte han i posten Quid The Fuck? ,  og som eg sa der: han snakkar meir enn gjerne om religion. Og sjøl om det er, og indeed må vera, ein god overlapp mellom Gervais og Izzard, så er det glitrande kor mykje forskjellig - og morsomt - som kjem ut av det same stoffet:  LENKER Hors d'oeuvre . Wikipedia

Noas ark, del 1

Bibelen, og kanskje historien om syndefloden og Noas ark spesielt, er ei evig kjelde til moro! Ein av dei som har benytta seg av dette er den britiske komikaren Ricky Gervais. Som ein god del andre komikarar - i alle fall dei uamerikanske- er han erklært ateist, og som sådan har han blitt beskulda for å vera arrogant. Eg syns han virkar veldig lite arrogant i dette klippet . (som pussig nok er titulert "Ricky Gervais Destroys Religion", noko han ikkje gjer).  Men tilbake til Noas ark. Her fortel han historien med utgangspunkt i sin gamle søndagsskulebok: LENKER atheist comedians (part 2) .

I know nothing

"For someone called Manuel, you’re looking terribly ill…" - Basil Fawlty Den mest kjente catchfrasen frå Fawlty Towers (Hotell i særklasse) er utvilsomt kelneren / pikkoloen / altmuligmannen Manuel (Andrew Sachs) sin "I know nothing" . (Eller kan det vera same mann sine "Que?" og "I am from Barcelona" ?) Han ytrar dette fleire gonger, og som regel fordi han blir bedt om å gjera det. Så også i denne sketsjen. Forhistorien er at hotelleigar Basil (John Cleese) har sett pengar på hesten Dragonfly, og den vant. Men Basil vil helst ikkje at dette skal koma kona Sybil (Prunella Scales) for øyra, for då blir pengane konfiskert. Så derfor ber han innstendig Manuel om å lata som at han ikkje veit noke som helst om dette. Problemet er bare at Manuel altså er frå Barcelona , og ikkje akkurat er ein racer i engelsk ... ... men så er Basil heller ikkje så god i spansk*, som du kan sjå he

Markets of Britain

Då har vi fått inn ein ny gjestepost, og denne gong er den frå Jon Are Sundland. Vi takkar! Han skriv: " Robert Popper og Peter Serafinowicz har sjangeren mockumentary som sitt spesiale. Tøysedokumentar  er mitt forsøk på fornorsking av begrepet; tøys i dokumentarklær. Kortfilmen "Markets of Britain" er, skal vi tro Popper og  Serafinowicz, regissert av Lee Titt i 1969. Lee Titt eksisterer ikke, og har heller aldri eksistert. Men kortfilmen "Markets of Britain" eksisterer heldigvis! Filmen er et gammelt opptak med ny fortellerstemme. Lavmælt, absurd og veldig britisk. Markets of Britain gjør meg glad, derfor liker jeg den. Så enkelt er det."

Speilrutinen x 2

Den klassiske speilrutinen , der ein person prøver å vera ein annan sitt speilbilde, er sikkert like gammal som speilet sjøl. Den vart opprinnelig gjort på scenen. På film skal den vera brukt først i 1912 av Alice Guy-Blaché i ein film kalla His double. Ho var ein av filmpionerane, og antagelig den einaste kvinnelig regissøren frå 1896 til 1906. Dessverre er hennar versjon gått tapt. Men Chaplin sin variant i The Floorwalker (1916) fins fremdeles. Også  Harold Lloyd gjorde ein søt, men kort variant i filmen The Marathon (1919). Seinare laga Max Linder ei nydelig (men litt lang) utgave i Seven Years Bad Luck (1921) der ein tenar kjem i skade for å knusa eit speil, og prøver å skjula dette faktum ved å imitera alle bevegelsane til sin herre*. Så har også Charley Chase laga ein lettare absurd versjon i Sittin' Pretty (1924). Rutinen er gjort mange gonger # , både før og etter disse, men vi