Gå til hovedinnhold

Thompson og Gadsby

Humorstafetten går vidare. No er det Marte Jertine Skogen sin tur. Ho skriv:

"Eg takkar for utfordringa frå Jon Are [Sjå posten Markets of Britain. Red.anm.], og svarar med Emma Thompson. Dette er litt fordi ho er hylande festleg, men òg for å demma opp for den smale demografien i utvalet av klipp. Dette er den gyldne muligheten til å opna opp! Eg starter med ei gammal dame, for å ikkje gjera overgangen for brutal. Men som ein bonus slenger eg på Hannah Gadsby (her får du ein haug med minoritetar i ei og same dame!)"
 
Takk for den Marte! Mange tenkjer gjerne ikkje på Emma Thompson som først og fremst komikar(?), men ho er jo det også! I tillegg til skuespelar, forfattar, tekstforfattar, og aktivist. Ho har faktisk - som den einaste - vunne Oscar både som skuespelar og som tekstforfattar! Men det er vel få som har sett ho som for eksempel professor Rummefiold i Harry Potter eller Nanny McPhee som betvilar hennar komiske talent. For det var med komedie det starta. På Cambridge var ho medlem av Footlights Dramatic Club, og etter college gjorde ho soloshow, før ho slo seg i lag med Fry og Laurie i deira show “The Crystal Cube” og “Alfresco.”

I dette klippet forklarar ho forskjellen på kvinnelig og mannlig humor. Så hvis du er mann, kan du sjå på det som ein slags bruksanvisning for det neste klippet. :)



Så til Hannah Gadsby, som er ein australsk komikar, forfattar, mm. Ho vart berømt etter å ha vunne den nasjonale finalen i Raw Comedy-konkurransen i 2006, og har sidan turnert internasjonalt ". Men Hannah har likevel ikkje kome lett til berømmelse. Mellom anna har ho fått kritikk for sin Netflix-forestilling Nanette - av menn - fordi den "ikkje er komedie, men ei forelesing".  Tja, det kan jo vera at menn treng ei forelesing då? Og klippet under frå Comedy Allstars i 2017 er ein ytterligare illustrasjon av dette. For hvis du ser det på youtube, så vil du finna kommentarar som denne under: "there is no punchlines and built up in her jokes." Til det ville vel Emma Thompson ha ledd og sagt: "I rest my case!".


LENKER

Column: Emma Thompson left comedy after being called a ‘man hater.’ But she never stopped making trouble.
Hannah Gadsby er komikeren som nekter å være en vits.
Hannah Gadsby Sent a Legendary First Text to Emma Thompson.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

شاپرک خرسندی

Ifølge Shappi Khorsandi sjøl, så kjem stadig folk bort og spør "unnskyld, er du Omid Djalili?" (som vi presenterte i forrige post Ein stor tøysekopp ). Men den einaste likheten er at dei begge har iransk bakgrunn. Familien hennar forlot Iran etter den islamske revolusjonen sidan faren, satirikaren og poeten Hadi Khorsandi, hadde publisert eit dikt som var kritisk til det nye regimet. Alstå omtrent som å skriva bok om orangutangen i det kvite hus i dag. Ho driv fremdeles med komedie, men har sjølsagt gjort litt av kvart. Feks, har ho skrive fleire bøker, som "A beginners guide to Acting English", og ho var president i Humanists UK frå 2016 - 2018. Ho har opptrått på Live at the Apollo fleire gonger, og eg trur dette var den første: Shappi Khorsandi - Live At The Apollo . Shappi Khorsandi Live At The Apollo .

Kommunistkviss

Forrige post handla om SNL sitt Celebrity Jeopardy med Tom Hanks i fri dressur . Men no skal vi høyna kjendisfaktoren med Monty Python sin " Communist Quiz ", også referert til som "World_Forum". Denne sketsjen gjekk først på lufta den 15 desember 1970, og var då med i den tolvte episoden frå sesong 2 av Monty Python's Flying Circus. Men dette er bittelitt annan versjon frå Monty Python Live at the Hollywood Bowl , der Eric Idle er verten, Terry Jones spelar Marx, John Cleese er ein usedvanlig stille Lenin, mens Michael Palin er Che Guevara og Terry Gilliam ein gul Mao. Eg føler verkeleg med Lenin akkurat i denne sketsjen (men forøvrig vil eg ha meg frabedt samanlikning ...), sidan det ofte er slik eg føler meg på ein quiz. Vi har nok begge ein litt for nerdete tilnærming til fakta. Korfor skal ein kunna, og ikkje minst meina, det alle andre kan liksom? Teksten . Italiensk f...

Stugägare Kenneth Lindeman

Svenskane var velsigna med eit av dei store komikarpara gjennom alle tider, nemlig Hasse og Tage (Hans Alfredson og Tage Danielsson). Dei jobba saman frå sist på 1950-talet til Danielssons døydde i 1985, først i Sveriges Radio, seinare i revyar og filmar. Som sagt i forrige post ( One Leg Too Few ) var eit av formata den tøysete samtalen på lavt nivå. Ein gjengangar her var herr Lindeman . Hans Alfredson gjorde denne figuren utallige gonger på scenen. Grunnkonseptet var at Tage presenterte et dagsaktuellt tema, gjerne henta frå avisene, og gav Lindeman  eit yrke og eit fornavn (ofte Malte), som Hasse då improviserte over. Dei fleste av disse sketsjane fins bare med lydspor, som feks. Bigamisten Malte Lindeman . Dette var jo på den tid svenskane begynte å få betre råd, og hyttebyande skaut opp. Men ikkje alle hadde likevel råd til egen hytte, og då vart deling løysinga. Så også for hytteeig...