Gå til hovedinnhold

Ein stor tøysekopp

Og no over til ein stor tøysekopp: Omid Djalili. Skal ein dømma etter språket hans på mange opptredenar, så er han innvandrar. Men mannen er faktisk født i Chelsea i London, og gjer seg bare til! Men sidan han har iranske foreldre og har studert engelsk og teater, så har han mykje stoff til sin stand up. Så det blir mykje tøys med språk, kultur og etnisitet. Og han er heller ikkje redd for å tøysa med andre kulturar og språkgrupper. Dei som føljer han på Twitter fekk ganske nylig bevis for dette då han la ut bildet under med følgande kommentar:
"There are worse things than being Welsh, dyslexic & having a terrible stutter. But not many" *



Denne tweeten fekk ein del kritikk frå walisarar. Dei sa at det var uoriginalt og respektlaust. Men Djalili nekta å be om unnskyldning, og mange andre walisarar meinte også at dette måtte dei tåla. Og alle som har sett og opplevd engelsk humor veit at det er slik den er: ramsalt og rett på sak.

På youtube er det ganske mange klipp med mr. Djalili. Ser du gjennom alt, vil du merka at han er flink på gjenbruk. Men det er nok tilfelle med dei alle som driv med  stand up, det er bare at det fins så mykje med vår mann. Du finn ein del av disse i lenkesamlingen under.

Det klippet eg har valgt ut her er eit opptak frå kongelig variete, der han har opptrått fleire gonger. Omid sin greie begynnar på ca. 3.15, men det er vel verdt å sjå det frå starten, der Jon Culshaw gjer ein god parodi på Georg Bush jr., og introduksjonen er av sjølvaste John Cleese! Denne gong spøker Djalili med den kongelige gjesten prins Charles#, og tøysar med navnet til den kenyanske presidenten* og med Nigeriansk språk.



* Ein annan gong serverer han ein endå betre variant: "the kenyan president is called Wacky Baccy (Mvai Kibaki) and that is funny shit!" (Den der må du tenkja litt på)

# Djalili er ein venn av prinsen og skriv til og med vitsar for han.

LENKER

Omid Djalili on the Finnish language. Kort snutt der han prøver å fornærma finnane.
Omid Djalili - There Will Never Be a Female Pope. Nesten 6 min. der han mellom anna fortel om amerikanske visaskjema og egyptiske fotballkommentatorar.
Omid Jalili's Stand-Up Comedy. Langt klipp frå Live at the Apollo der han ma. demonstrerer sine danseferdigheter.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Stugägare Kenneth Lindeman

Svenskane var velsigna med eit av dei store komikarpara gjennom alle tider, nemlig Hasse og Tage (Hans Alfredson og Tage Danielsson). Dei jobba saman frå sist på 1950-talet til Danielssons døydde i 1985, først i Sveriges Radio, seinare i revyar og filmar. Som sagt i forrige post ( One Leg Too Few ) var eit av formata den tøysete samtalen på lavt nivå. Ein gjengangar her var herr Lindeman . Hans Alfredson gjorde denne figuren utallige gonger på scenen. Grunnkonseptet var at Tage presenterte et dagsaktuellt tema, gjerne henta frå avisene, og gav Lindeman  eit yrke og eit fornavn (ofte Malte), som Hasse då improviserte over. Dei fleste av disse sketsjane fins bare med lydspor, som feks. Bigamisten Malte Lindeman . Dette var jo på den tid svenskane begynte å få betre råd, og hyttebyande skaut opp. Men ikkje alle hadde likevel råd til egen hytte, og då vart deling løysinga. Så også for hytteeig...

Oslolosen

Før Harald Eia vart seriøs og faktaorientert, så var han Norges morsommaste mann. Det er nok å nevna "Lille lørdag", "Åpen post", "Uti vår hage", "Team Antonsen" og "Tre brødre som ikke er brødre", så vil veldig mange kunna ramsa opp sketsjar og sitera morsomheter frå Eia og hans medkomediantar. Ein av hans beste karakterer er Oslolosen, eller Kjell Aronsen, som sjøl hevdar at han er ein sertifisert guide for Oslo. Ifølge statuttane (seier Aronsen) skal det "værra en person som er unnfanga, født, oppvokst – samt misbrukt – i indre Oslo by". Men kvaliteten på hans "fakta" er høyst diskuterbare. For eksempel hevdar han at Akerselva tidligare rann oppover, då den vart skubba av15-20 mann med lange stakar, eller stag. Fleire eksempel kan du finna på lokalhistoriewiki.no . Oslolosen vart lansert i TV-programmet Uti vår hage 2 , og i dette klippet se...

شاپرک خرسندی

Ifølge Shappi Khorsandi sjøl, så kjem stadig folk bort og spør "unnskyld, er du Omid Djalili?" (som vi presenterte i forrige post Ein stor tøysekopp ). Men den einaste likheten er at dei begge har iransk bakgrunn. Familien hennar forlot Iran etter den islamske revolusjonen sidan faren, satirikaren og poeten Hadi Khorsandi, hadde publisert eit dikt som var kritisk til det nye regimet. Alstå omtrent som å skriva bok om orangutangen i det kvite hus i dag. Ho driv fremdeles med komedie, men har sjølsagt gjort litt av kvart. Feks, har ho skrive fleire bøker, som "A beginners guide to Acting English", og ho var president i Humanists UK frå 2016 - 2018. Ho har opptrått på Live at the Apollo fleire gonger, og eg trur dette var den første: Shappi Khorsandi - Live At The Apollo . Shappi Khorsandi Live At The Apollo .