Gå til hovedinnhold

Zelig

Det er kanskje ikkje heilt PK å komma drassande med Woody Allen i dag. Men bare husk at fordi om ein liker eit kunstverk, så betyr ikkje det at ein støtter kunstnaren i ett og alt. Så dette handlar alstå om filmen Zelig, som er ein mockumentary frå 1983, der Woordy Allen sjøl spelar hovedrollen.
Kem var egentlig Leonard Zelig? Etter egen oppfatning var han ingen - eit null. Men han er desperat etter å bli likt, så han tilpassar seg etter omgivelsane - i ein ekstrem grad ...



I denne sekvensen fekk vi altså vita at Zelig opptrådde som Pagliacci. Og eg syns dette minnar om Clouseau sine forkledningar. (Sjå feks. An old salty swedish sea dog). Men uansett har eg ein sterk mistanke om at Woody Allen har blitt inspirert både av Peter Sellers sjøl, og hans mange filmkarakterer. I neste sekvens får vi litt meir info om Zelig sin bakgrunn:



Her fekk vi treffa Dr. Eudora Fletcher (Mia Farrow) som fatta interesse for tilfellet Zelig. Ho skal etter kvart bruka ganske uortodokse midlar for å nå inn til Zelig:



Ikkje uventa, når Farrow og Allen er involvert, så blir dette etter kvart også ein Love Story. Dr. Fletcher blir forelska i denne menneskelige kameleonen. Men det blir sjølsagt ikkje lett. Men skal du vita korleis det går, bør du sjå heile filmen. Sterkt anbefalt!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

شاپرک خرسندی

Ifølge Shappi Khorsandi sjøl, så kjem stadig folk bort og spør "unnskyld, er du Omid Djalili?" (som vi presenterte i forrige post Ein stor tøysekopp ). Men den einaste likheten er at dei begge har iransk bakgrunn. Familien hennar forlot Iran etter den islamske revolusjonen sidan faren, satirikaren og poeten Hadi Khorsandi, hadde publisert eit dikt som var kritisk til det nye regimet. Alstå omtrent som å skriva bok om orangutangen i det kvite hus i dag. Ho driv fremdeles med komedie, men har sjølsagt gjort litt av kvart. Feks, har ho skrive fleire bøker, som "A beginners guide to Acting English", og ho var president i Humanists UK frå 2016 - 2018. Ho har opptrått på Live at the Apollo fleire gonger, og eg trur dette var den første: Shappi Khorsandi - Live At The Apollo . Shappi Khorsandi Live At The Apollo .

Stugägare Kenneth Lindeman

Svenskane var velsigna med eit av dei store komikarpara gjennom alle tider, nemlig Hasse og Tage (Hans Alfredson og Tage Danielsson). Dei jobba saman frå sist på 1950-talet til Danielssons døydde i 1985, først i Sveriges Radio, seinare i revyar og filmar. Som sagt i forrige post ( One Leg Too Few ) var eit av formata den tøysete samtalen på lavt nivå. Ein gjengangar her var herr Lindeman . Hans Alfredson gjorde denne figuren utallige gonger på scenen. Grunnkonseptet var at Tage presenterte et dagsaktuellt tema, gjerne henta frå avisene, og gav Lindeman  eit yrke og eit fornavn (ofte Malte), som Hasse då improviserte over. Dei fleste av disse sketsjane fins bare med lydspor, som feks. Bigamisten Malte Lindeman . Dette var jo på den tid svenskane begynte å få betre råd, og hyttebyande skaut opp. Men ikkje alle hadde likevel råd til egen hytte, og då vart deling løysinga. Så også for hytteeig...

Oslolosen

Før Harald Eia vart seriøs og faktaorientert, så var han Norges morsommaste mann. Det er nok å nevna "Lille lørdag", "Åpen post", "Uti vår hage", "Team Antonsen" og "Tre brødre som ikke er brødre", så vil veldig mange kunna ramsa opp sketsjar og sitera morsomheter frå Eia og hans medkomediantar. Ein av hans beste karakterer er Oslolosen, eller Kjell Aronsen, som sjøl hevdar at han er ein sertifisert guide for Oslo. Ifølge statuttane (seier Aronsen) skal det "værra en person som er unnfanga, født, oppvokst – samt misbrukt – i indre Oslo by". Men kvaliteten på hans "fakta" er høyst diskuterbare. For eksempel hevdar han at Akerselva tidligare rann oppover, då den vart skubba av15-20 mann med lange stakar, eller stag. Fleire eksempel kan du finna på lokalhistoriewiki.no . Oslolosen vart lansert i TV-programmet Uti vår hage 2 , og i dette klippet se...