Gå til hovedinnhold

Symbolsnakk

Så har vi hatt den oppbyggelige, men lettare bisarre, opplevelsen å sjå ein minister (Knut Arild Hareide) bli bedt om å svara på korfor statsministen, kronprinsen og andre i den såkalte "eliten", aka. "Quislingar", "judasar" og "landsforredarar", går med FN-pins*. Som om Hareide, eller noken andre, har noke med det å gjera? For dei som ikkje er heilt oppdatert: dette er symbolet som FN brukar for setja fokuset på dei 16 bærekraftmåla - du veit dette med å utrydda svolt og fattigdom og slikt tøys.

Og spørsmålet frå Vebjørn Selbekk i avisa Dagen, og disse frå ekstreme høgre, der dette kjem frå#, stiller er: "Hva er galt med flagget". Dei lurer med andre ord på korfor vi, akkurat no, når vi no er inne i ei global krise - ein pandemi (google gjerne ka det betyr, Selbekk!) absolutt må insistera på å sjå lenger enn egen navle. Det kunne eg godt ha svart på, men eg vil heller spørja Selbekk "korfor held du deg med gudar frå midtausten? Ka er gale med våre norrøne gudar?". Så kjære Selbekk: Dette er samfunnssatire og komikk på høgt (om ikkje globalt, så i alle fall lokalt) nivå, og du skal ha stor applaus for innsatsen!

Som symbol på denne symbolismen, lar eg den skotske standupparen Danny Bhoy snakka litt om dei skotske nasjonalsymbola. Han er kanskje ikkje så kjent hos oss. (Han er jo ikkje norsk) Men han har vunne prisar og han har opptrått på både Just for Laughs og Live at the Apollo og all over. Og sidan han er av indisk herkomst, og heiter egentlig Danni Chaudhry, så ser han sikkert det skotske med ein avstand som tydeligvis fleire kunne hatt godt av:


* Du kan kjøpa slik her!
# Motstanden mot FN-nålen startet i ytterliggående miljøer. faktisk.no

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

شاپرک خرسندی

Ifølge Shappi Khorsandi sjøl, så kjem stadig folk bort og spør "unnskyld, er du Omid Djalili?" (som vi presenterte i forrige post Ein stor tøysekopp ). Men den einaste likheten er at dei begge har iransk bakgrunn. Familien hennar forlot Iran etter den islamske revolusjonen sidan faren, satirikaren og poeten Hadi Khorsandi, hadde publisert eit dikt som var kritisk til det nye regimet. Alstå omtrent som å skriva bok om orangutangen i det kvite hus i dag. Ho driv fremdeles med komedie, men har sjølsagt gjort litt av kvart. Feks, har ho skrive fleire bøker, som "A beginners guide to Acting English", og ho var president i Humanists UK frå 2016 - 2018. Ho har opptrått på Live at the Apollo fleire gonger, og eg trur dette var den første: Shappi Khorsandi - Live At The Apollo . Shappi Khorsandi Live At The Apollo .

Kommunistkviss

Forrige post handla om SNL sitt Celebrity Jeopardy med Tom Hanks i fri dressur . Men no skal vi høyna kjendisfaktoren med Monty Python sin " Communist Quiz ", også referert til som "World_Forum". Denne sketsjen gjekk først på lufta den 15 desember 1970, og var då med i den tolvte episoden frå sesong 2 av Monty Python's Flying Circus. Men dette er bittelitt annan versjon frå Monty Python Live at the Hollywood Bowl , der Eric Idle er verten, Terry Jones spelar Marx, John Cleese er ein usedvanlig stille Lenin, mens Michael Palin er Che Guevara og Terry Gilliam ein gul Mao. Eg føler verkeleg med Lenin akkurat i denne sketsjen (men forøvrig vil eg ha meg frabedt samanlikning ...), sidan det ofte er slik eg føler meg på ein quiz. Vi har nok begge ein litt for nerdete tilnærming til fakta. Korfor skal ein kunna, og ikkje minst meina, det alle andre kan liksom? Teksten . Italiensk f...

Stugägare Kenneth Lindeman

Svenskane var velsigna med eit av dei store komikarpara gjennom alle tider, nemlig Hasse og Tage (Hans Alfredson og Tage Danielsson). Dei jobba saman frå sist på 1950-talet til Danielssons døydde i 1985, først i Sveriges Radio, seinare i revyar og filmar. Som sagt i forrige post ( One Leg Too Few ) var eit av formata den tøysete samtalen på lavt nivå. Ein gjengangar her var herr Lindeman . Hans Alfredson gjorde denne figuren utallige gonger på scenen. Grunnkonseptet var at Tage presenterte et dagsaktuellt tema, gjerne henta frå avisene, og gav Lindeman  eit yrke og eit fornavn (ofte Malte), som Hasse då improviserte over. Dei fleste av disse sketsjane fins bare med lydspor, som feks. Bigamisten Malte Lindeman . Dette var jo på den tid svenskane begynte å få betre råd, og hyttebyande skaut opp. Men ikkje alle hadde likevel råd til egen hytte, og då vart deling løysinga. Så også for hytteeig...