Gå til hovedinnhold

Kommunistkviss

Forrige post handla om SNL sitt Celebrity Jeopardy med Tom Hanks i fri dressur. Men no skal vi høyna kjendisfaktoren med Monty Python sin "Communist Quiz", også referert til som "World_Forum". Denne sketsjen gjekk først på lufta den 15 desember 1970, og var då med i den tolvte episoden frå sesong 2 av Monty Python's Flying Circus. Men dette er bittelitt annan versjon frå Monty Python Live at the Hollywood Bowl, der Eric Idle er verten, Terry Jones spelar Marx, John Cleese er ein usedvanlig stille Lenin, mens Michael Palin er Che Guevara og Terry Gilliam ein gul Mao. Eg føler verkeleg med Lenin akkurat i denne sketsjen (men forøvrig vil eg ha meg frabedt samanlikning ...), sidan det ofte er slik eg føler meg på ein quiz. Vi har nok begge ein litt for nerdete tilnærming til fakta. Korfor skal ein kunna, og ikkje minst meina, det alle andre kan liksom?



Teksten.

Italiensk for vidarekomne

Veldig mange lurer sikkert no på om slike sketsjar er lette å oversetja til italiensk, sidan dei ikkje er så opptatt av Coventry og andre engelske fotballklubbar der nede. Og eg er glad for spørsmålet. Svaret er at i Italia overset dei jo ikkje, dei dubbar. Så den italienske versjonen av (deler av) sketsjen er som følger:

E la prima domanda è per lei, Karl Marx. Bomber*.
Bomber è il soprannome di un calciatore. Vuole dirmi chi è?
Ahi ahi ahi, Karl, il Bomber è ... Roberto Pruzzo.
Adesso Che Guevara. Che, l'Avellino in che anno ha vinto
l'ultimi scudetto, Che Guevara?
[a Lenin] Claudio Villa ha ottenuto più di diciasette dischi
d'oro in Italia e a Trastevere. Come si intitola il più  famoso?

Og det første spørsmålet er til deg. Karl Marx. Bomber.
Bomber er kallenavnet til ein fotballspelar. Kan du fortelja med kem det er?
Ahi ahi ahi, Karl, Bomber er ... Roberto Pruzzo.
No, Che Guevara. Che, når vant Avellino sitt siste mesterskap, Che Gueavara?
[til Lenin] Claudio Villa vant meir enn sytten gullplater i Italia
og Trastevere. Kva er navnet på den mest berømte?

 

Dette er teke frå boka The Pragmatic Translator: An Integral Theory of Translation av Massimiliano Morine. Sjå også Jerry Lee Lewis or Claudio Villa? Textual Pragmatics and the Translation of Python Humour By Massimiliano Morini (University of Udine). Eg SA eg var nerdete, not?

* Fryktelig mange vil nok no innvenda at (der) Bomber var kallenavnet til Gerd Müller, og det er heilt korrekt! Han gjekk forøvrig også under navnet Kleines Dickes Müller. Disse vil også huska då han skåra vinnarmålet då Tyskland** slo Nederland 2 - 1 i finalen i verdensmesterskapet i 1974.

** Antagelig ekstremt mange lurer nok også på om ikkje spelar nr 5 på det tyske laget frå 1974, Franz Beckenbauer deltok i Hellas - Tyskland 1972 (filosofkampen). Og svaret er atter ein gong, Ja. (bit of a surprise there ...)

Andre innvendingar:

  • Til tross for kva verten seier, så var det ikkje "Sing Little Birdie" som vant 1959 Eurovision Song Contest men den nederlandske Teddy Scholten med "Een Beetje".
  • Den 16 mai 1987, 17 år etter at sketsjen først vart sendt, så vant endelig Coventry City F.C. FA Cupfinalen.

LENKER

World Forum/Communist Quiz Wikipedia

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

شاپرک خرسندی

Ifølge Shappi Khorsandi sjøl, så kjem stadig folk bort og spør "unnskyld, er du Omid Djalili?" (som vi presenterte i forrige post Ein stor tøysekopp ). Men den einaste likheten er at dei begge har iransk bakgrunn. Familien hennar forlot Iran etter den islamske revolusjonen sidan faren, satirikaren og poeten Hadi Khorsandi, hadde publisert eit dikt som var kritisk til det nye regimet. Alstå omtrent som å skriva bok om orangutangen i det kvite hus i dag. Ho driv fremdeles med komedie, men har sjølsagt gjort litt av kvart. Feks, har ho skrive fleire bøker, som "A beginners guide to Acting English", og ho var president i Humanists UK frå 2016 - 2018. Ho har opptrått på Live at the Apollo fleire gonger, og eg trur dette var den første: Shappi Khorsandi - Live At The Apollo . Shappi Khorsandi Live At The Apollo .

Stugägare Kenneth Lindeman

Svenskane var velsigna med eit av dei store komikarpara gjennom alle tider, nemlig Hasse og Tage (Hans Alfredson og Tage Danielsson). Dei jobba saman frå sist på 1950-talet til Danielssons døydde i 1985, først i Sveriges Radio, seinare i revyar og filmar. Som sagt i forrige post ( One Leg Too Few ) var eit av formata den tøysete samtalen på lavt nivå. Ein gjengangar her var herr Lindeman . Hans Alfredson gjorde denne figuren utallige gonger på scenen. Grunnkonseptet var at Tage presenterte et dagsaktuellt tema, gjerne henta frå avisene, og gav Lindeman  eit yrke og eit fornavn (ofte Malte), som Hasse då improviserte over. Dei fleste av disse sketsjane fins bare med lydspor, som feks. Bigamisten Malte Lindeman . Dette var jo på den tid svenskane begynte å få betre råd, og hyttebyande skaut opp. Men ikkje alle hadde likevel råd til egen hytte, og då vart deling løysinga. Så også for hytteeig...