Gå til hovedinnhold

Tom Hanks i fri dressur

Oppvarming

Tom Hanks er ein alle tiders skuespelar. For nordmenn er han vel best kjent for seriøse filmar som Da Vinci-koden, Bridge of Spies, Forrest Gump, Apollo 13 osv, osv.  Men før han vart ein av Hollywoods mest elska stjerner og fekk klippekort på Oscar-showet, så øvte han stand-up på klubben Comedy Strip i New York City. Og han øvte bokstavelig talt, fordi han skulle bruka dette i komedien  "Punchline" i 1987. Filmen fekk blanda kritikk, og antagelig var øvinga like morsom som sjølve filmen:


Men til saken:

Tom Hanks har også vore med på ein haug med SNL-sketsjar. I posten Baldwin for president! kan du sjå han som programledar i presidentdebatten mellom Trump og Clinton. I den sketsjen spelar han veldig strait den seriøse vs den surrealistiske Trump. Men i denne vi skal sjå no er det full slapstick! Det handlar om Jeopardy, noke som amerikanarane ser ut til å vera veldig opptatt av, eller i allefall likar dei å laga parodi av den. SNL laga ein serie sketsjar kalla Celebrity Jeopardy, og i denne møter vi Will Ferell som programledaren Alex Trebek, Kristen Wiig som Kathie Lee Gifford, Tom Hanks som ei ganske så retardert utgave av seg sjøl, Darrell Hammond som ein veldig naughty Sean Connery og Norm Macdonald som ein plutselig oppdukkande Burt Reynolds.



Long-Lost Tom Hanks Stand-Up Routine Surfaces on Internet.
Tom Hanks in Punchline standup meltdown. (Det var dette han øvte til)
The 25 best Tom Hanks films – ranked! .

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

شاپرک خرسندی

Ifølge Shappi Khorsandi sjøl, så kjem stadig folk bort og spør "unnskyld, er du Omid Djalili?" (som vi presenterte i forrige post Ein stor tøysekopp ). Men den einaste likheten er at dei begge har iransk bakgrunn. Familien hennar forlot Iran etter den islamske revolusjonen sidan faren, satirikaren og poeten Hadi Khorsandi, hadde publisert eit dikt som var kritisk til det nye regimet. Alstå omtrent som å skriva bok om orangutangen i det kvite hus i dag. Ho driv fremdeles med komedie, men har sjølsagt gjort litt av kvart. Feks, har ho skrive fleire bøker, som "A beginners guide to Acting English", og ho var president i Humanists UK frå 2016 - 2018. Ho har opptrått på Live at the Apollo fleire gonger, og eg trur dette var den første: Shappi Khorsandi - Live At The Apollo . Shappi Khorsandi Live At The Apollo .

Kommunistkviss

Forrige post handla om SNL sitt Celebrity Jeopardy med Tom Hanks i fri dressur . Men no skal vi høyna kjendisfaktoren med Monty Python sin " Communist Quiz ", også referert til som "World_Forum". Denne sketsjen gjekk først på lufta den 15 desember 1970, og var då med i den tolvte episoden frå sesong 2 av Monty Python's Flying Circus. Men dette er bittelitt annan versjon frå Monty Python Live at the Hollywood Bowl , der Eric Idle er verten, Terry Jones spelar Marx, John Cleese er ein usedvanlig stille Lenin, mens Michael Palin er Che Guevara og Terry Gilliam ein gul Mao. Eg føler verkeleg med Lenin akkurat i denne sketsjen (men forøvrig vil eg ha meg frabedt samanlikning ...), sidan det ofte er slik eg føler meg på ein quiz. Vi har nok begge ein litt for nerdete tilnærming til fakta. Korfor skal ein kunna, og ikkje minst meina, det alle andre kan liksom? Teksten . Italiensk f...

Stugägare Kenneth Lindeman

Svenskane var velsigna med eit av dei store komikarpara gjennom alle tider, nemlig Hasse og Tage (Hans Alfredson og Tage Danielsson). Dei jobba saman frå sist på 1950-talet til Danielssons døydde i 1985, først i Sveriges Radio, seinare i revyar og filmar. Som sagt i forrige post ( One Leg Too Few ) var eit av formata den tøysete samtalen på lavt nivå. Ein gjengangar her var herr Lindeman . Hans Alfredson gjorde denne figuren utallige gonger på scenen. Grunnkonseptet var at Tage presenterte et dagsaktuellt tema, gjerne henta frå avisene, og gav Lindeman  eit yrke og eit fornavn (ofte Malte), som Hasse då improviserte over. Dei fleste av disse sketsjane fins bare med lydspor, som feks. Bigamisten Malte Lindeman . Dette var jo på den tid svenskane begynte å få betre råd, og hyttebyande skaut opp. Men ikkje alle hadde likevel råd til egen hytte, og då vart deling løysinga. Så også for hytteeig...