Amerikanarar elskar politisk satire - og boy, har dei mykje material å ta
av! Vi har alt sett eksempel på Tina Fey sine glimrande parodiar på Sarah
Palin (Fey
for president!) Her kjem tre klipp med Alec Baldwin sine
ikkje mindre glimrande Trump-parodiar. La oss vera enige om at det fins
ikkje ord stygge nok til å beskriva dette levande kalla Trump. Så i staden
for å falla ned på hans nivå, aka retorikkens absolutte nullpunkt, så må
vi prøva å ta han med humor (og amerikanarane med stemmeseddelen). Og då
fins det neppe noken betre enn Alec Baldwin.
LENKER
41 Times Alec Baldwin Absolutely Nailed Trump.
Ifølge Shappi Khorsandi sjøl, så kjem stadig folk bort og spør "unnskyld, er du Omid Djalili?" (som vi presenterte i forrige post Ein stor tøysekopp ). Men den einaste likheten er at dei begge har iransk bakgrunn. Familien hennar forlot Iran etter den islamske revolusjonen sidan faren, satirikaren og poeten Hadi Khorsandi, hadde publisert eit dikt som var kritisk til det nye regimet. Alstå omtrent som å skriva bok om orangutangen i det kvite hus i dag. Ho driv fremdeles med komedie, men har sjølsagt gjort litt av kvart. Feks, har ho skrive fleire bøker, som "A beginners guide to Acting English", og ho var president i Humanists UK frå 2016 - 2018. Ho har opptrått på Live at the Apollo fleire gonger, og eg trur dette var den første: Shappi Khorsandi - Live At The Apollo . Shappi Khorsandi Live At The Apollo .
Kommentarer
Legg inn en kommentar