Gå til hovedinnhold

Fey for president!

"Palin for President!" var mitt slagord i 2008. Og då meinte eg sjølsagt Michael Palin i Monty Python. Men, som vi veit, var han dessverre ikkje valgbar i Junaiten. Det var derimot Sarah Palin. Av ulike årsaker (for det meste fordi ho var litt tett) så var ho veldig lett å parodiera. Og på eit tidspunkt gjorde Tina Fey dette til meir eller mindre sitt levebrød, ein periode. Så her er ein god del å ta av, og derfor blir det tre klipp i dag. Så kan det henda at ikkje alt som blir tillagt Palin kjem frå henne. ("I can see Russia from my house") Men hallo, ingen røyk uten ild! 

I første klippet [frå Saturdy Night Live, sesong 34, 2008] ser vi Katie Couric (Amy Poehler) intervjua Sarah Palin (Tina Fey) for å snakka om turen hennar til New York, besøket hos FN der ho møtte verdens leiarar, og hennera syn på utenrikspolitikken mellom Alaska og Russland:



I det neste klippet [Fremdeles SNL, frå sesong 34, 2009] ser vi debatten mellom demokratane sin visepresidentkandidt Senator Joe Biden (Jason Sudeikis) og den republikanske kandidaten, governor Sarah Palin (Tina Fey). Debatten blir leda av Gwen Ifill (Queen Latifah). Litt lang, men herlig satire!



Vi tar ein til! Vi møter igjen Tina Fey som Sarah Palin. Her ta ho opp (eller "adresserer" som det kallast i dag. MEN DET HEITER IKKJE DET, TULLEBUKKAR!) sexisme og global oppvarming saman med senator Hillary Clinton (Amy Poehler). [SNL 13/09/08]



Akk ja, dette var den tida det fremdeles gjekk an å parodiera amerikanske politikarar. Både til humorformål, og faktisk som president, ville eg ha foretrekt ei tanketom tøysedame framfor ein psykopatisk lystløgnar, kva dag som helst!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

شاپرک خرسندی

Ifølge Shappi Khorsandi sjøl, så kjem stadig folk bort og spør "unnskyld, er du Omid Djalili?" (som vi presenterte i forrige post Ein stor tøysekopp ). Men den einaste likheten er at dei begge har iransk bakgrunn. Familien hennar forlot Iran etter den islamske revolusjonen sidan faren, satirikaren og poeten Hadi Khorsandi, hadde publisert eit dikt som var kritisk til det nye regimet. Alstå omtrent som å skriva bok om orangutangen i det kvite hus i dag. Ho driv fremdeles med komedie, men har sjølsagt gjort litt av kvart. Feks, har ho skrive fleire bøker, som "A beginners guide to Acting English", og ho var president i Humanists UK frå 2016 - 2018. Ho har opptrått på Live at the Apollo fleire gonger, og eg trur dette var den første: Shappi Khorsandi - Live At The Apollo . Shappi Khorsandi Live At The Apollo .

Kommunistkviss

Forrige post handla om SNL sitt Celebrity Jeopardy med Tom Hanks i fri dressur . Men no skal vi høyna kjendisfaktoren med Monty Python sin " Communist Quiz ", også referert til som "World_Forum". Denne sketsjen gjekk først på lufta den 15 desember 1970, og var då med i den tolvte episoden frå sesong 2 av Monty Python's Flying Circus. Men dette er bittelitt annan versjon frå Monty Python Live at the Hollywood Bowl , der Eric Idle er verten, Terry Jones spelar Marx, John Cleese er ein usedvanlig stille Lenin, mens Michael Palin er Che Guevara og Terry Gilliam ein gul Mao. Eg føler verkeleg med Lenin akkurat i denne sketsjen (men forøvrig vil eg ha meg frabedt samanlikning ...), sidan det ofte er slik eg føler meg på ein quiz. Vi har nok begge ein litt for nerdete tilnærming til fakta. Korfor skal ein kunna, og ikkje minst meina, det alle andre kan liksom? Teksten . Italiensk f...

Stugägare Kenneth Lindeman

Svenskane var velsigna med eit av dei store komikarpara gjennom alle tider, nemlig Hasse og Tage (Hans Alfredson og Tage Danielsson). Dei jobba saman frå sist på 1950-talet til Danielssons døydde i 1985, først i Sveriges Radio, seinare i revyar og filmar. Som sagt i forrige post ( One Leg Too Few ) var eit av formata den tøysete samtalen på lavt nivå. Ein gjengangar her var herr Lindeman . Hans Alfredson gjorde denne figuren utallige gonger på scenen. Grunnkonseptet var at Tage presenterte et dagsaktuellt tema, gjerne henta frå avisene, og gav Lindeman  eit yrke og eit fornavn (ofte Malte), som Hasse då improviserte over. Dei fleste av disse sketsjane fins bare med lydspor, som feks. Bigamisten Malte Lindeman . Dette var jo på den tid svenskane begynte å få betre råd, og hyttebyande skaut opp. Men ikkje alle hadde likevel råd til egen hytte, og då vart deling løysinga. Så også for hytteeig...