Gå til hovedinnhold

Franske fornærmelsar

Fornærmelsar er ikkje nødvendigvis så morsomme. Dessverre er det ein god del komikarar som ikkje har innsett dette. Men dei kan vera morsomme. Eit godt eksempel i så måte er denne scenen frå Monty Python sin film Monty Python and the Holy Grail, som på norsk, av ein grunn bare dei innvidde i oversettarlauget kan forstå, heiter "Monty Python og ridderne av det runde bord".

I denne scenen har vår helt kong Arthur og hans følge kome til eit slott som er bebodd av underlige franskmenn. På anrop frå Arthur dukkar den franske representanten opp over muren, og kan fortelja at dei alt har ein gral, og at dei slett ikkje har til hensikt å sleppa Arthur og gjengen inn på slottet. Arthur blir ikkje særlig glad for dette og vil angripa. Som motsvar får han då ein tirade med dei saftigaste fornærmelsar, og deretter ein særdeles original beskytning.

Etter dette hoppar klippet til slutten av filmen der Arthur og hans siste riddar, sir Bedevere, har nådd slottet  Aaaa, der gralen skal finnast. Men der fins også dei rare franskmennene. Og då er det på'an igjen ...


Funfact

Før Monty Python and the Holy Grail kunne sleppast på markedet, så måtte den sertifiserast. Det vart derfor arrangert ei visning i Twickenham der sensoren kunne sei si meining. Etter denne visninga skreiv produsent Mark Forstater eit brev til medprodusenten Michael White der han fortalte at sensurmannen meinte at den kom til å få AA (14 og over), og at for å kunna få A (5 og over), så burde dei ta bort:

så mange "shits" som mulig
"Jesus Christ", om mulig
"I fart in your general direction"
"the oral sex"
"oh, fuck off"
"We make castanets out of your testicles"

Som vi ser er to av disse linjene med i scenen over, og Forstater må ha hatt ein god følelse av kor morsomme, og dermed kor nødvendige, dei var. Han skriv:

"Eg vil gjerne sei til sensoren at vi går med på å fjerna "the shits", tar bort dennne "Jesus Christ" og "Oh fuck off", men beheld 'fart in your general direction', 'castanets of your testicles' og  'oral sex' og ber om ein  'A' rating på dette grunnlag."
 
Uheldigvis fekk filmen AA-rating, og den vart hengande ved heilt til 2006.

LENKER

Teksten.
Origin of “I fart in your general direction”.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

شاپرک خرسندی

Ifølge Shappi Khorsandi sjøl, så kjem stadig folk bort og spør "unnskyld, er du Omid Djalili?" (som vi presenterte i forrige post Ein stor tøysekopp ). Men den einaste likheten er at dei begge har iransk bakgrunn. Familien hennar forlot Iran etter den islamske revolusjonen sidan faren, satirikaren og poeten Hadi Khorsandi, hadde publisert eit dikt som var kritisk til det nye regimet. Alstå omtrent som å skriva bok om orangutangen i det kvite hus i dag. Ho driv fremdeles med komedie, men har sjølsagt gjort litt av kvart. Feks, har ho skrive fleire bøker, som "A beginners guide to Acting English", og ho var president i Humanists UK frå 2016 - 2018. Ho har opptrått på Live at the Apollo fleire gonger, og eg trur dette var den første: Shappi Khorsandi - Live At The Apollo . Shappi Khorsandi Live At The Apollo .

Kommunistkviss

Forrige post handla om SNL sitt Celebrity Jeopardy med Tom Hanks i fri dressur . Men no skal vi høyna kjendisfaktoren med Monty Python sin " Communist Quiz ", også referert til som "World_Forum". Denne sketsjen gjekk først på lufta den 15 desember 1970, og var då med i den tolvte episoden frå sesong 2 av Monty Python's Flying Circus. Men dette er bittelitt annan versjon frå Monty Python Live at the Hollywood Bowl , der Eric Idle er verten, Terry Jones spelar Marx, John Cleese er ein usedvanlig stille Lenin, mens Michael Palin er Che Guevara og Terry Gilliam ein gul Mao. Eg føler verkeleg med Lenin akkurat i denne sketsjen (men forøvrig vil eg ha meg frabedt samanlikning ...), sidan det ofte er slik eg føler meg på ein quiz. Vi har nok begge ein litt for nerdete tilnærming til fakta. Korfor skal ein kunna, og ikkje minst meina, det alle andre kan liksom? Teksten . Italiensk f...

Stugägare Kenneth Lindeman

Svenskane var velsigna med eit av dei store komikarpara gjennom alle tider, nemlig Hasse og Tage (Hans Alfredson og Tage Danielsson). Dei jobba saman frå sist på 1950-talet til Danielssons døydde i 1985, først i Sveriges Radio, seinare i revyar og filmar. Som sagt i forrige post ( One Leg Too Few ) var eit av formata den tøysete samtalen på lavt nivå. Ein gjengangar her var herr Lindeman . Hans Alfredson gjorde denne figuren utallige gonger på scenen. Grunnkonseptet var at Tage presenterte et dagsaktuellt tema, gjerne henta frå avisene, og gav Lindeman  eit yrke og eit fornavn (ofte Malte), som Hasse då improviserte over. Dei fleste av disse sketsjane fins bare med lydspor, som feks. Bigamisten Malte Lindeman . Dette var jo på den tid svenskane begynte å få betre råd, og hyttebyande skaut opp. Men ikkje alle hadde likevel råd til egen hytte, og då vart deling løysinga. Så også for hytteeig...