Gå til hovedinnhold

Helpdesken

Denne nettstaden skal ikkje bare (as if!) vera for den nye vinen (eller Pepsien for meg) men også i stor grad* for dei store klassikarane. Og ein sketsj som vart ein instant classic var Øystein Bache og Rune Gokstad sin "helpdesk". Dette radarparet har mora oss som Bachstadgutane (det er dei), med show som Øystein og meg, og so burtetter. Her ser vi dei i eit direkte opptak frå middelalderen, der munk Gokstad søkjer hjelp av munk Bache med den tids informasjonsteknologi.



* Hvis du syns det blir for mykje med gamlisane, så er det bare å senda inn lenker!

Funfacts:

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Har du koskräck?

Ein populær figur på åttitalet, både i Sverige og Norge var Lasse Brandeby sin karakter Kurt Olsson som med karakteristisk Elvis-sveis og storruta jakke hadde sitt eige lille tvselskap Kurt Olssons television , som sende frå svigermora si kolonihytte. Med sin kompis Arne (Hans Wiktorsson) bak kamera, og eit dameorkester i stova, kjørte dei på med utrangerte hits frå tidlig sekstital med Siw Malmkvist og Lill-Babs. Men det mest populære innslaget var nok kjendisintervjua han gjorde frå ein kjempesofa på taket av ein møbelbutikk*.  Han innleda alltid med å spørja om vedkommande hadde kuskrekk, og veldig mange vil fremdeles huska hans uforliknelige intervju den legendariske (persen på 2.42 var verdensrekord i 1986, og er fremdeles europarekord. Han er bare slått av ein mann, kubaneren Javier Sotomayor) svenske  høgdehopparen Patric Sjöberg . Eg klarte ikkje embedda dette klippet, men du kan sjå ...

Stugägare Kenneth Lindeman

Svenskane var velsigna med eit av dei store komikarpara gjennom alle tider, nemlig Hasse og Tage (Hans Alfredson og Tage Danielsson). Dei jobba saman frå sist på 1950-talet til Danielssons døydde i 1985, først i Sveriges Radio, seinare i revyar og filmar. Som sagt i forrige post ( One Leg Too Few ) var eit av formata den tøysete samtalen på lavt nivå. Ein gjengangar her var herr Lindeman . Hans Alfredson gjorde denne figuren utallige gonger på scenen. Grunnkonseptet var at Tage presenterte et dagsaktuellt tema, gjerne henta frå avisene, og gav Lindeman  eit yrke og eit fornavn (ofte Malte), som Hasse då improviserte over. Dei fleste av disse sketsjane fins bare med lydspor, som feks. Bigamisten Malte Lindeman . Dette var jo på den tid svenskane begynte å få betre råd, og hyttebyande skaut opp. Men ikkje alle hadde likevel råd til egen hytte, og då vart deling løysinga. Så også for hytteeig...

Forhøyret

The Pink Panther Strikes Again del 1. Sidan det er bursdagen min i dag, så vil eg feira med det morsommaste klippet eg har sett - muligens minst like morsomt som det eg starta bloggen med ( Fire Yorkshiremenn ). Klippet er frå The Pink Panther Strikes Again frå 1976. Som bonus får du i dag ikkje mindre enn to klipp. Forhistorien Inspektør Clouseau (Peter Sellers) er blitt sjef for Sûreté etter at hans tidligare sjef, Charles Dreyfus, (Herbert Lom) har  blitt drive til galskap av Clouseau i forrige film The Return of the Pink Panther . No er han i ferd med å sleppa ut frå mentalsjukehuset etter å ha fått kontroll over sitt høgst forståelege raseri mot inspektøren. Men eit sjebnesvangert besøk frå vår inspektør, gjer at han ikkje uventa får tilbakefall. Og her får vi brekrefta at ein teaterrekvisitt aldri blir liggjande ubrukt! Atentatet Som venta klikkar det igjen for Dreyfus, Men han k...