Gå til hovedinnhold

My hovercraft is full of eals*

På tide med litt godteri for dei språkinteresserte. Vi har jo alt fått ein latinleksjon frå Monty Python (Romanes Eunt Domus). No skal vi få ein i ungarsk. Denne berømte sketsjen handlar om den ungarske turisten (John Cleese) som kjem inn i tobakkbutikken (til tobakkhandlar Terry Jones) for å handla nødvendigheter. Sidan han ikkje er så bevandra udi det engelske språk, konverserer han forsøksvis ved hjelp av ei ordbok. Problemet er at denne ikkje er heilt på det nivået ein skulle forventa av slike bøker #. Til slutt blir ungararen rimeligvis henta av ein årvåken politimann (Graham Chapman).



* Den gong eg var på CERN sin sommarskule, der det var samla eit anselig antal ungdomar frå heile Europa, spanderte vi ei ikkje ubetydelig mengde tid på å oversetja denne frasen til så mange språk vi klarte. No ser eg at andre også har sysla med dette. Her ser du resultatet.

# Det vi ikkje får sjå i dette klippet er at forfattaren av denne høgst tvilsomme ordboka blir stilt for retten. Vedkommande påberopar seg då inkompetanse.

LENKER

Did a 19th Century Phrasebook Inspire Monty Python?.
Teksten.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

شاپرک خرسندی

Ifølge Shappi Khorsandi sjøl, så kjem stadig folk bort og spør "unnskyld, er du Omid Djalili?" (som vi presenterte i forrige post Ein stor tøysekopp ). Men den einaste likheten er at dei begge har iransk bakgrunn. Familien hennar forlot Iran etter den islamske revolusjonen sidan faren, satirikaren og poeten Hadi Khorsandi, hadde publisert eit dikt som var kritisk til det nye regimet. Alstå omtrent som å skriva bok om orangutangen i det kvite hus i dag. Ho driv fremdeles med komedie, men har sjølsagt gjort litt av kvart. Feks, har ho skrive fleire bøker, som "A beginners guide to Acting English", og ho var president i Humanists UK frå 2016 - 2018. Ho har opptrått på Live at the Apollo fleire gonger, og eg trur dette var den første: Shappi Khorsandi - Live At The Apollo . Shappi Khorsandi Live At The Apollo .

Kommunistkviss

Forrige post handla om SNL sitt Celebrity Jeopardy med Tom Hanks i fri dressur . Men no skal vi høyna kjendisfaktoren med Monty Python sin " Communist Quiz ", også referert til som "World_Forum". Denne sketsjen gjekk først på lufta den 15 desember 1970, og var då med i den tolvte episoden frå sesong 2 av Monty Python's Flying Circus. Men dette er bittelitt annan versjon frå Monty Python Live at the Hollywood Bowl , der Eric Idle er verten, Terry Jones spelar Marx, John Cleese er ein usedvanlig stille Lenin, mens Michael Palin er Che Guevara og Terry Gilliam ein gul Mao. Eg føler verkeleg med Lenin akkurat i denne sketsjen (men forøvrig vil eg ha meg frabedt samanlikning ...), sidan det ofte er slik eg føler meg på ein quiz. Vi har nok begge ein litt for nerdete tilnærming til fakta. Korfor skal ein kunna, og ikkje minst meina, det alle andre kan liksom? Teksten . Italiensk f...

Stugägare Kenneth Lindeman

Svenskane var velsigna med eit av dei store komikarpara gjennom alle tider, nemlig Hasse og Tage (Hans Alfredson og Tage Danielsson). Dei jobba saman frå sist på 1950-talet til Danielssons døydde i 1985, først i Sveriges Radio, seinare i revyar og filmar. Som sagt i forrige post ( One Leg Too Few ) var eit av formata den tøysete samtalen på lavt nivå. Ein gjengangar her var herr Lindeman . Hans Alfredson gjorde denne figuren utallige gonger på scenen. Grunnkonseptet var at Tage presenterte et dagsaktuellt tema, gjerne henta frå avisene, og gav Lindeman  eit yrke og eit fornavn (ofte Malte), som Hasse då improviserte over. Dei fleste av disse sketsjane fins bare med lydspor, som feks. Bigamisten Malte Lindeman . Dette var jo på den tid svenskane begynte å få betre råd, og hyttebyande skaut opp. Men ikkje alle hadde likevel råd til egen hytte, og då vart deling løysinga. Så også for hytteeig...