Gå til hovedinnhold

Romanes Eunt Domus

CENTURION: What's this, then? 'Romanes Eunt Domus'? 'People called Romanes they go the house'?
BRIAN: It-- it says, 'Romans, go home'.
CENTURION: No, it doesn't. What's Latin for 'Roman'? Come on!

Slik begynnar den berømte scenen frå Monty Pythons uforlignelige  Life of Brian, der Brian (Graham Chapman) prøver å skriva "Romarar, gå heim!" på ein mur. Dette er eit oppdrag frå den revolusjonære gruppa People's Front of Judea, som - ved Teutates* - ikkje må forvekslast med The Judean People's Front (Wankers!) Men han får sjølsagt gramatikken feil. Men ein romersk centurion (John Cleese) kjem forbi og rettar han, og etter mykje strev kjem han fram til det rette, som er Romani ite domum (som har eget oppslag på Wikipedia). Slik går det til:



Men så seier noken at også centurionen hadde det feil:  Han seier at 'domum' er lokativ, mens det visstnok er 'domi', (heime) som er lokativ. Domum er akkusativ av bevegelse mot. Men uansett: dei skal ha for å prøva å læra latin til oss plēbs :D

* Unnskyld at eg blandar Obelix og hans keltiske gudar inn i dette, men det var jo også mykje god latin i Asterix og Obelix!

LENKER

Teksten: Scene 9: Brian Learns to Conjugate.
Romani ite domum t-shirt.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

شاپرک خرسندی

Ifølge Shappi Khorsandi sjøl, så kjem stadig folk bort og spør "unnskyld, er du Omid Djalili?" (som vi presenterte i forrige post Ein stor tøysekopp ). Men den einaste likheten er at dei begge har iransk bakgrunn. Familien hennar forlot Iran etter den islamske revolusjonen sidan faren, satirikaren og poeten Hadi Khorsandi, hadde publisert eit dikt som var kritisk til det nye regimet. Alstå omtrent som å skriva bok om orangutangen i det kvite hus i dag. Ho driv fremdeles med komedie, men har sjølsagt gjort litt av kvart. Feks, har ho skrive fleire bøker, som "A beginners guide to Acting English", og ho var president i Humanists UK frå 2016 - 2018. Ho har opptrått på Live at the Apollo fleire gonger, og eg trur dette var den første: Shappi Khorsandi - Live At The Apollo . Shappi Khorsandi Live At The Apollo .

Kommunistkviss

Forrige post handla om SNL sitt Celebrity Jeopardy med Tom Hanks i fri dressur . Men no skal vi høyna kjendisfaktoren med Monty Python sin " Communist Quiz ", også referert til som "World_Forum". Denne sketsjen gjekk først på lufta den 15 desember 1970, og var då med i den tolvte episoden frå sesong 2 av Monty Python's Flying Circus. Men dette er bittelitt annan versjon frå Monty Python Live at the Hollywood Bowl , der Eric Idle er verten, Terry Jones spelar Marx, John Cleese er ein usedvanlig stille Lenin, mens Michael Palin er Che Guevara og Terry Gilliam ein gul Mao. Eg føler verkeleg med Lenin akkurat i denne sketsjen (men forøvrig vil eg ha meg frabedt samanlikning ...), sidan det ofte er slik eg føler meg på ein quiz. Vi har nok begge ein litt for nerdete tilnærming til fakta. Korfor skal ein kunna, og ikkje minst meina, det alle andre kan liksom? Teksten . Italiensk f...

Stugägare Kenneth Lindeman

Svenskane var velsigna med eit av dei store komikarpara gjennom alle tider, nemlig Hasse og Tage (Hans Alfredson og Tage Danielsson). Dei jobba saman frå sist på 1950-talet til Danielssons døydde i 1985, først i Sveriges Radio, seinare i revyar og filmar. Som sagt i forrige post ( One Leg Too Few ) var eit av formata den tøysete samtalen på lavt nivå. Ein gjengangar her var herr Lindeman . Hans Alfredson gjorde denne figuren utallige gonger på scenen. Grunnkonseptet var at Tage presenterte et dagsaktuellt tema, gjerne henta frå avisene, og gav Lindeman  eit yrke og eit fornavn (ofte Malte), som Hasse då improviserte over. Dei fleste av disse sketsjane fins bare med lydspor, som feks. Bigamisten Malte Lindeman . Dette var jo på den tid svenskane begynte å få betre råd, og hyttebyande skaut opp. Men ikkje alle hadde likevel råd til egen hytte, og då vart deling løysinga. Så også for hytteeig...