"For someone called Manuel, you’re looking terribly ill…" - Basil
Fawlty
Den mest kjente catchfrasen frå Fawlty Towers (Hotell i særklasse) er utvilsomt kelneren / pikkoloen / altmuligmannen Manuel (Andrew Sachs) sin "I know nothing". (Eller kan det vera same mann sine "Que?" og "I am from Barcelona" ?) Han ytrar dette fleire gonger, og som regel fordi han blir bedt om å gjera det. Så også i denne sketsjen.
Forhistorien er at hotelleigar Basil (John Cleese) har sett pengar på hesten Dragonfly, og den vant. Men Basil vil helst ikkje at dette skal koma kona Sybil (Prunella Scales) for øyra, for då blir pengane konfiskert. Så derfor ber han innstendig Manuel om å lata som at han ikkje veit noke som helst om dette. Problemet er bare at Manuel altså er frå Barcelona, og ikkje akkurat er ein racer i engelsk ...
... men så er Basil heller ikkje så god i spansk*, som du kan sjå her:
* Og ikkje eg heller. Først no har eg forstått at mens "burro" er det italienske ordet for "smør" (det visste eg), så betyr det "esel" på spansk! Det spanske ordet for smør er, som Manuel forsøkjer å forklara "mantequilla". Herlig!
'I know nothing' Andrew Sachs' most memorable moments as Fawlty Towers' hapless Manuel.
Andrew Sachs dead: The 5 best Manuel moments in Fawlty Towers.
John Cleese on Manuel - Fawlty Towers - BBC.

LENKER

Kommentarer
Legg inn en kommentar