Gå til hovedinnhold

Konkurransen

Denne gongen blir det meir bilder enn ord. Alle som har sett denne Seinfeld-episoden* "The Contest", vil huska at den handlar om eit veddemål om kem som kunne halda seg lengst uten å .... , vel, gjera "det". Slik gjekk det:

1) Forspillet


2) Kramer er ute


3) Elaine er ute


4) Jerry er ute


Alle ute?

Så då var det altså George som vant konkurransen ?!? Naaah... I førsten såg det riktignok slik ut, men i den siste episoden av Seinfeld, innrømmer George at han, typisk nok, hadde juksa, og at det faktisk var Jerry som vant. "Korfor juksa du", spør Jerry i finalen. “Because I’m a cheater.” svara George.

* Dette er episode nr. elleve i sesong fire. Den gjekk på lufta den 18 november 1992.

Funfacts

  • Som meldt tidligare vart Lucille Ball sin sketsj "Lucy Does a TV Commercial" (Sjå Vitameatavegamin) ranka som nr 2 i  TV Guide's 100 Greatest Episodes of All-Time i 1999, og som nr 4 i 2009. Men Seinfeld-episoden toppa det ved å komma som nr 1 i  2009 med denne sketsjen, og som nr 4 i 1999, rett nok med ein annan sketsj.
  • Larry David, som skreiv sketsjen, vant ein Primetime Emmy Award for denne.
  • Episoden er basert på ein verkeleg konkurranse som Larry David hadde med sine venner, og som han vant. Sitat: "I won handily, yes".
  • Mange vil sikkert kjenna igjen ho som spelar Jerry si venninne Marla Penny i det siste klippet. Det er ingen ringare enn Jane Leeves som spelte Daphne Moon i serien om Frasier. Norske Wikipedia kan ellers beretta at fr. Leeves debuterte på film som topplaus engel i Monty Pythons Meaning of life. Ho hadde også ein fast rolle på The Benny Hill Show som ein av «Hill's Angels». Heldigvis gjekk det oppover med karrieren etter den tid! :D

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

شاپرک خرسندی

Ifølge Shappi Khorsandi sjøl, så kjem stadig folk bort og spør "unnskyld, er du Omid Djalili?" (som vi presenterte i forrige post Ein stor tøysekopp ). Men den einaste likheten er at dei begge har iransk bakgrunn. Familien hennar forlot Iran etter den islamske revolusjonen sidan faren, satirikaren og poeten Hadi Khorsandi, hadde publisert eit dikt som var kritisk til det nye regimet. Alstå omtrent som å skriva bok om orangutangen i det kvite hus i dag. Ho driv fremdeles med komedie, men har sjølsagt gjort litt av kvart. Feks, har ho skrive fleire bøker, som "A beginners guide to Acting English", og ho var president i Humanists UK frå 2016 - 2018. Ho har opptrått på Live at the Apollo fleire gonger, og eg trur dette var den første: Shappi Khorsandi - Live At The Apollo . Shappi Khorsandi Live At The Apollo .

Kommunistkviss

Forrige post handla om SNL sitt Celebrity Jeopardy med Tom Hanks i fri dressur . Men no skal vi høyna kjendisfaktoren med Monty Python sin " Communist Quiz ", også referert til som "World_Forum". Denne sketsjen gjekk først på lufta den 15 desember 1970, og var då med i den tolvte episoden frå sesong 2 av Monty Python's Flying Circus. Men dette er bittelitt annan versjon frå Monty Python Live at the Hollywood Bowl , der Eric Idle er verten, Terry Jones spelar Marx, John Cleese er ein usedvanlig stille Lenin, mens Michael Palin er Che Guevara og Terry Gilliam ein gul Mao. Eg føler verkeleg med Lenin akkurat i denne sketsjen (men forøvrig vil eg ha meg frabedt samanlikning ...), sidan det ofte er slik eg føler meg på ein quiz. Vi har nok begge ein litt for nerdete tilnærming til fakta. Korfor skal ein kunna, og ikkje minst meina, det alle andre kan liksom? Teksten . Italiensk f...

Stugägare Kenneth Lindeman

Svenskane var velsigna med eit av dei store komikarpara gjennom alle tider, nemlig Hasse og Tage (Hans Alfredson og Tage Danielsson). Dei jobba saman frå sist på 1950-talet til Danielssons døydde i 1985, først i Sveriges Radio, seinare i revyar og filmar. Som sagt i forrige post ( One Leg Too Few ) var eit av formata den tøysete samtalen på lavt nivå. Ein gjengangar her var herr Lindeman . Hans Alfredson gjorde denne figuren utallige gonger på scenen. Grunnkonseptet var at Tage presenterte et dagsaktuellt tema, gjerne henta frå avisene, og gav Lindeman  eit yrke og eit fornavn (ofte Malte), som Hasse då improviserte over. Dei fleste av disse sketsjane fins bare med lydspor, som feks. Bigamisten Malte Lindeman . Dette var jo på den tid svenskane begynte å få betre råd, og hyttebyande skaut opp. Men ikkje alle hadde likevel råd til egen hytte, og då vart deling løysinga. Så også for hytteeig...