Gå til hovedinnhold

Speilrutinen x 2

Den klassiske speilrutinen, der ein person prøver å vera ein annan sitt speilbilde, er sikkert like gammal som speilet sjøl. Den vart opprinnelig gjort på scenen. På film skal den vera brukt først i 1912 av Alice Guy-Blaché i ein film kalla His double. Ho var ein av filmpionerane, og antagelig den einaste kvinnelig regissøren frå 1896 til 1906. Dessverre er hennar versjon gått tapt. Men Chaplin sin variant i The Floorwalker (1916) fins fremdeles. Også  Harold Lloyd gjorde ein søt, men kort variant i filmen The Marathon (1919). Seinare laga Max Linder ei nydelig (men litt lang) utgave i Seven Years Bad Luck (1921) der ein tenar kjem i skade for å knusa eit speil, og prøver å skjula dette faktum ved å imitera alle bevegelsane til sin herre*. Så har også Charley Chase laga ein lettare absurd versjon i Sittin' Pretty (1924). Rutinen er gjort mange gonger#, både før og etter disse, men vi skal sjå på to eksempel.

Eksempel 1 frå Duck Soup

Men det var nok brødrene Marx som har laga den mest kjente versjonen. Den er frå filmen Duck Soup frå 1933. Her møter vi Fredoni sin president (Groucho) som finn ein spion (Harpo) frå nabolandet Sylvania inne i soverommet sitt. Dei jaktar kvarandre ned trappa og møtest ansikt til ansikt i identiske nattdrakter. Resultatet er ein herlig, absurd dans:


Eksempel 2 frå I love Lucy

Så skal vi sjå Lucille Ball og Harpo gjera ein utmerka versjon i showet hennar I love Lucy. Harpo var hennar favorit-Marx, og valgte han som gjest i episode 28 av sesong 4 (1955). Harpo skal ha hatt ei hjerteatakk like før, og legane rådde han frå å delta. Heldigvis (for TV-komedien) ignorerte han dette!



* Max Linder sin versjon er tydelig inspirert, om ikkje kopiert, frå dei såkalte "The Schwarz Brothers." (som egentlig var far og son) sin rutine "The broken Mirror", som var veldig populær på denne tida. Dei to prøvde å få copyright på rutinen, og klarte det faktisk i både i Frankrike, Tyskland, Spania, og Austerrike.  Og i 1912, raida austeriksk politi kinoar for å konfiskera kopiar av den nederlandske filmen De Gebroken Spiegal. Max Linder hadde ein annan versjonav sketsjen i filmen Le Duel de Max, og denne vart bare vist i England og andre land der det ikkje var copyright! 

# For eksempel har Bette Midler ein variant frå Big Business frå 1988.

LENKER

The evolution of the mirror routine in movies.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

شاپرک خرسندی

Ifølge Shappi Khorsandi sjøl, så kjem stadig folk bort og spør "unnskyld, er du Omid Djalili?" (som vi presenterte i forrige post Ein stor tøysekopp ). Men den einaste likheten er at dei begge har iransk bakgrunn. Familien hennar forlot Iran etter den islamske revolusjonen sidan faren, satirikaren og poeten Hadi Khorsandi, hadde publisert eit dikt som var kritisk til det nye regimet. Alstå omtrent som å skriva bok om orangutangen i det kvite hus i dag. Ho driv fremdeles med komedie, men har sjølsagt gjort litt av kvart. Feks, har ho skrive fleire bøker, som "A beginners guide to Acting English", og ho var president i Humanists UK frå 2016 - 2018. Ho har opptrått på Live at the Apollo fleire gonger, og eg trur dette var den første: Shappi Khorsandi - Live At The Apollo . Shappi Khorsandi Live At The Apollo .

Kommunistkviss

Forrige post handla om SNL sitt Celebrity Jeopardy med Tom Hanks i fri dressur . Men no skal vi høyna kjendisfaktoren med Monty Python sin " Communist Quiz ", også referert til som "World_Forum". Denne sketsjen gjekk først på lufta den 15 desember 1970, og var då med i den tolvte episoden frå sesong 2 av Monty Python's Flying Circus. Men dette er bittelitt annan versjon frå Monty Python Live at the Hollywood Bowl , der Eric Idle er verten, Terry Jones spelar Marx, John Cleese er ein usedvanlig stille Lenin, mens Michael Palin er Che Guevara og Terry Gilliam ein gul Mao. Eg føler verkeleg med Lenin akkurat i denne sketsjen (men forøvrig vil eg ha meg frabedt samanlikning ...), sidan det ofte er slik eg føler meg på ein quiz. Vi har nok begge ein litt for nerdete tilnærming til fakta. Korfor skal ein kunna, og ikkje minst meina, det alle andre kan liksom? Teksten . Italiensk f...

Stugägare Kenneth Lindeman

Svenskane var velsigna med eit av dei store komikarpara gjennom alle tider, nemlig Hasse og Tage (Hans Alfredson og Tage Danielsson). Dei jobba saman frå sist på 1950-talet til Danielssons døydde i 1985, først i Sveriges Radio, seinare i revyar og filmar. Som sagt i forrige post ( One Leg Too Few ) var eit av formata den tøysete samtalen på lavt nivå. Ein gjengangar her var herr Lindeman . Hans Alfredson gjorde denne figuren utallige gonger på scenen. Grunnkonseptet var at Tage presenterte et dagsaktuellt tema, gjerne henta frå avisene, og gav Lindeman  eit yrke og eit fornavn (ofte Malte), som Hasse då improviserte over. Dei fleste av disse sketsjane fins bare med lydspor, som feks. Bigamisten Malte Lindeman . Dette var jo på den tid svenskane begynte å få betre råd, og hyttebyande skaut opp. Men ikkje alle hadde likevel råd til egen hytte, og då vart deling løysinga. Så også for hytteeig...