Gå til hovedinnhold

Nice Video, Shame About The Song

Not The Nine O'clock News hadde som oftast (alltid?) ein avsluttande song, og her har eg plukka fire av disse. Velg ein, eller alle om du vil. Gruppa gav ut tre LP-ar som inneheldt både sketsjar og songar: NOT THE 9 O'CLOCK NEWS, HEDGEHOG SANDWICH og THE MEMORY KINDA LINGERS. Begge dei to første albuma nådde faktisk UK top ten-lista, noko ikkje eingong Monty Python klarte.

1 Nice Video, Shame About The Song.

Eg har valgt denne som "tittelklippet" på denne posten, sidan det er den eg likar best. Og paradoksalt nok er det ein video med ein heilt OK melodi. Dette var på den tida då alle nye prospekrive hitlåtar måtte ha ein fengande video. MTV dukka opp og det vart vanlig å "sjå musikk". Og det var aldeles ikke tilfeldig at Buggles’ sin hitsong “Video Killed The Radio Star” opna det heile. Ein god video kunne løfta ein låt til berømmelse (bare tenk på Aha sin "take on me") men ikkje alle ville hatt livets rett musikalsk sett. Og det er det dette klippet handlar om:


2 Supa Dupa

Programmet parodierte mange av tidens pop-idoler, inkludert Kate Bush (‘England My Leotard’), Olivia Newton-John (‘Bloody Typical’) og Altered Images (‘Happy Crappy Nappy Song’). Men ein av dei beste var denne ABBA-parodien med den uforgløymelige opningslinja “one of us is ugly, one of us is cute”! Egentlig er dette nesten for blasfemi å rekna, men det er god blasfemi :)


3 I like trucking

Så ein liten song om gledene ved å kjøra lastebil. Den fekk litt reaksjonar på den symbolske behandlinga av pinnsvin, men eg trur det er safe to say at ingen dyr vart skada under produksjonen av denne videoen. Hvis du (mot formodning) vil kan du lesa teksten.


4 I believe song

Det er mykje rart som folk er i stand til å tru på, som feks. at Bill Gates planla Korona-epidemien. Men så er det også visse fakta som er så absurde at det nesten ikkje er til å tru. Eit av dei blir nevnt på slutten av denne songen, og er relevant til våre dagar. Say no more!


LENKER

Best 'Not The Nine O'Clock News' Song.
Not The Nine O'Clock News - Kinda Lingers.
Carry On Synthpop: LUFTHANSA TERMINAL Nice Video, Shame About The Song!.
How MTV Impacted Music.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

شاپرک خرسندی

Ifølge Shappi Khorsandi sjøl, så kjem stadig folk bort og spør "unnskyld, er du Omid Djalili?" (som vi presenterte i forrige post Ein stor tøysekopp ). Men den einaste likheten er at dei begge har iransk bakgrunn. Familien hennar forlot Iran etter den islamske revolusjonen sidan faren, satirikaren og poeten Hadi Khorsandi, hadde publisert eit dikt som var kritisk til det nye regimet. Alstå omtrent som å skriva bok om orangutangen i det kvite hus i dag. Ho driv fremdeles med komedie, men har sjølsagt gjort litt av kvart. Feks, har ho skrive fleire bøker, som "A beginners guide to Acting English", og ho var president i Humanists UK frå 2016 - 2018. Ho har opptrått på Live at the Apollo fleire gonger, og eg trur dette var den første: Shappi Khorsandi - Live At The Apollo . Shappi Khorsandi Live At The Apollo .

Kommunistkviss

Forrige post handla om SNL sitt Celebrity Jeopardy med Tom Hanks i fri dressur . Men no skal vi høyna kjendisfaktoren med Monty Python sin " Communist Quiz ", også referert til som "World_Forum". Denne sketsjen gjekk først på lufta den 15 desember 1970, og var då med i den tolvte episoden frå sesong 2 av Monty Python's Flying Circus. Men dette er bittelitt annan versjon frå Monty Python Live at the Hollywood Bowl , der Eric Idle er verten, Terry Jones spelar Marx, John Cleese er ein usedvanlig stille Lenin, mens Michael Palin er Che Guevara og Terry Gilliam ein gul Mao. Eg føler verkeleg med Lenin akkurat i denne sketsjen (men forøvrig vil eg ha meg frabedt samanlikning ...), sidan det ofte er slik eg føler meg på ein quiz. Vi har nok begge ein litt for nerdete tilnærming til fakta. Korfor skal ein kunna, og ikkje minst meina, det alle andre kan liksom? Teksten . Italiensk f...

Stugägare Kenneth Lindeman

Svenskane var velsigna med eit av dei store komikarpara gjennom alle tider, nemlig Hasse og Tage (Hans Alfredson og Tage Danielsson). Dei jobba saman frå sist på 1950-talet til Danielssons døydde i 1985, først i Sveriges Radio, seinare i revyar og filmar. Som sagt i forrige post ( One Leg Too Few ) var eit av formata den tøysete samtalen på lavt nivå. Ein gjengangar her var herr Lindeman . Hans Alfredson gjorde denne figuren utallige gonger på scenen. Grunnkonseptet var at Tage presenterte et dagsaktuellt tema, gjerne henta frå avisene, og gav Lindeman  eit yrke og eit fornavn (ofte Malte), som Hasse då improviserte over. Dei fleste av disse sketsjane fins bare med lydspor, som feks. Bigamisten Malte Lindeman . Dette var jo på den tid svenskane begynte å få betre råd, og hyttebyande skaut opp. Men ikkje alle hadde likevel råd til egen hytte, og då vart deling løysinga. Så også for hytteeig...