Gå til hovedinnhold

Spitting Image: Reagan

Den satiriske TV-serien Spitting Image, som gjekk på ITV frå 1984 til 1996 vart ein stor suksess for kanalen. Programserien var basert på karikaturdokker laga av Peter Fluck, Roger Law og  and Martin Lambie-Nairn. Disse dokkene var karikaturar av politikarar og kjendisar. Noken av gjengangarane var dei engelske statsministrane Margaret Thatcher og John Major, den amerikanske presidenten Ronald Reagan og ikkje minst den engelske kongefamilien. Showet hadde ein stor gjeng med komikarar og skuespelarar som var stemmene til disse. Noken av disse har vi også møtt på komiklipp, som Harry Enfield (Tenåringen Kevin - Women: Know Your Limits!) og Jon Culshaw ( Ein stor tøysekopp - A misoverestimated man). Andre, som John Thomson og Steve Coogan (Alan Partridge) bør kanskje på? Programmet samarbeida også med fleire kjente musikarar, som Phil Collins og Sting. Sistnevnte laga mellom anna ein spesialversjon av sin egen låt "Every Breath You Take", som no vart til "Every Bomb You Make".

Presidentens hjerne* manglar!

No skal vi sjå eit samansett klipp med den tidligare presidenten Ronald Reagan, kona Nancy, hans rådgivar Ed (Edwin Meese) og utenriksminister Henry Kissinger og apen Bonzo. Og først litt fakta for unge lesarar: Reagan var, før han vart president, ein kjent birolle-skuespelar med meir enn femti filmar på CVen, inkludert filmen Bedtime for Bonzo, som var ein slags komedie. Som president var han, samanlikna med dagens president, eit politisk geni. Samanlikna med dei fleste andre var han ein vandrande reaksjonær katastrofe. Med Noam Chomskys ord, førte politikken hans til fire ødelagte land og hundretusenvis av døde. Og det Chomsky kallar "eit utvalg av dei mest ekstreme og arrogante og voldelige og farlige elementa frå Reagan-administrasjonen" enda sjølsagt opp i Bush senior sin administrasjon. Glade tider! Og med dette som bakgrunn er kanskje ikkje dette klippet så absurd likevel?



* Denne hjernejakta var ein fast del av Spitting Image. Eg er sannelig ikkje sikker på om dei fant den til slutt, men ting tyder på at det ikkje betydde så mykje uansett ...

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

شاپرک خرسندی

Ifølge Shappi Khorsandi sjøl, så kjem stadig folk bort og spør "unnskyld, er du Omid Djalili?" (som vi presenterte i forrige post Ein stor tøysekopp ). Men den einaste likheten er at dei begge har iransk bakgrunn. Familien hennar forlot Iran etter den islamske revolusjonen sidan faren, satirikaren og poeten Hadi Khorsandi, hadde publisert eit dikt som var kritisk til det nye regimet. Alstå omtrent som å skriva bok om orangutangen i det kvite hus i dag. Ho driv fremdeles med komedie, men har sjølsagt gjort litt av kvart. Feks, har ho skrive fleire bøker, som "A beginners guide to Acting English", og ho var president i Humanists UK frå 2016 - 2018. Ho har opptrått på Live at the Apollo fleire gonger, og eg trur dette var den første: Shappi Khorsandi - Live At The Apollo . Shappi Khorsandi Live At The Apollo .

Kommunistkviss

Forrige post handla om SNL sitt Celebrity Jeopardy med Tom Hanks i fri dressur . Men no skal vi høyna kjendisfaktoren med Monty Python sin " Communist Quiz ", også referert til som "World_Forum". Denne sketsjen gjekk først på lufta den 15 desember 1970, og var då med i den tolvte episoden frå sesong 2 av Monty Python's Flying Circus. Men dette er bittelitt annan versjon frå Monty Python Live at the Hollywood Bowl , der Eric Idle er verten, Terry Jones spelar Marx, John Cleese er ein usedvanlig stille Lenin, mens Michael Palin er Che Guevara og Terry Gilliam ein gul Mao. Eg føler verkeleg med Lenin akkurat i denne sketsjen (men forøvrig vil eg ha meg frabedt samanlikning ...), sidan det ofte er slik eg føler meg på ein quiz. Vi har nok begge ein litt for nerdete tilnærming til fakta. Korfor skal ein kunna, og ikkje minst meina, det alle andre kan liksom? Teksten . Italiensk f...

Har du koskräck?

Ein populær figur på åttitalet, både i Sverige og Norge var Lasse Brandeby sin karakter Kurt Olsson som med karakteristisk Elvis-sveis og storruta jakke hadde sitt eige lille tvselskap Kurt Olssons television , som sende frå svigermora si kolonihytte. Med sin kompis Arne (Hans Wiktorsson) bak kamera, og eit dameorkester i stova, kjørte dei på med utrangerte hits frå tidlig sekstital med Siw Malmkvist og Lill-Babs. Men det mest populære innslaget var nok kjendisintervjua han gjorde frå ein kjempesofa på taket av ein møbelbutikk*.  Han innleda alltid med å spørja om vedkommande hadde kuskrekk, og veldig mange vil fremdeles huska hans uforliknelige intervju den legendariske (persen på 2.42 var verdensrekord i 1986, og er fremdeles europarekord. Han er bare slått av ein mann, kubaneren Javier Sotomayor) svenske  høgdehopparen Patric Sjöberg . Eg klarte ikkje embedda dette klippet, men du kan sjå ...