Gå til hovedinnhold

A misoverestimated man

Eg likar godt parodiar. Noken gonger blir folk parodiert fordi dei er morsomme eller spesielle, andre gonger bare fordi dei fortener å bli gjort til latter. Og det siste gjeld spesielt samtlige av dei amerikanske presidentane i moderne tid. Vi har alt hatt Tina Fey sin glitrande parodi på Sarah Palin (Fey for president) og Alec Baldwin sin like gode av Trump (Baldwin for president). No skal vi sjå litt nærmare på George Bush den vetle, dvs. jr. Han blir parodiert både fordi han er morsom, og fordi han fortener det. Denne mannen er jo lett å "ta" for hans utallige "Bushismar", Han kan sei slikt som "They misunderestimated me" og "Rarely is the question asked: Is our children learning?", men benektar likevel at han dysleksi. Det kan jo henda at han ikkje veit ka det betyr?

Men om det bare var talefeil som var Bush sitt problem, så skulle vi (kanskje) latt mannen vera i fred. For problemet med Bush er to ting: det han faktisk meiner og det han faktisk gjer. For når vi høyrer ka han sa til ei skilt kvinne, og mor til tre frå Omaha i 2005, så tenkjer vi at dette har ingenting med tale/lese/skrive-vanskar å gjera: "You work three jobs?… Uniquely American, isn't it? I mean, that is fantastic that you're doing that." Ja, verkeleg fantastisk ...

Slike sitat fortel oss at Bush har ein forbløffande evne til å plumpa uti på ein måte som er veldig avslørande. Då ein nyhetsreportar frå ABC i 2008 poengterte at Al Qaeda ikkje var ein trussel i Irak før USA invaderte landet, så repliserte Bush bare:  "So what?". Og han skal i eit intervju med CBS i 2006 også ha sagt følgande: "You know, one of the hardest parts of my job is to connect Iraq to the war on terror." Så her er nok å ta av!

Politikkens Knoll og Tott:

Det første klippet er med Jon Culshaw, som vi møtte i posten Ein stor tøysekopp, og var ein del av komishovet Dead Ringers. Her ser vi han framstilla både Bush og Tony Blair. Sistenevnte hadde jo større talegaver enn Bush (han var ein glatt jævel), men var også medansvarlig for krigsforbrytelsen i Irak, så det er heller ingen grunn til å visa han nåde:



Bush 1 - Trump 0

Sidan den første var kort og effektiv, så tar vi ein til. Og då ser vi på ein som vi også har sett før (Ei takketale) nemlig Will Ferrell. Han har gjort mange Bush-parodiar*. I dette klippet diskuterer han det overraskande faktum at Bush ikkje lenger er den mest upopulære presidenten etter at Orangutangen tok over:



* Eksempel: Will Ferrell’s Full Speech As George W. Bush At #NotTheWHCD | Full Frontal on TBS.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Stugägare Kenneth Lindeman

Svenskane var velsigna med eit av dei store komikarpara gjennom alle tider, nemlig Hasse og Tage (Hans Alfredson og Tage Danielsson). Dei jobba saman frå sist på 1950-talet til Danielssons døydde i 1985, først i Sveriges Radio, seinare i revyar og filmar. Som sagt i forrige post ( One Leg Too Few ) var eit av formata den tøysete samtalen på lavt nivå. Ein gjengangar her var herr Lindeman . Hans Alfredson gjorde denne figuren utallige gonger på scenen. Grunnkonseptet var at Tage presenterte et dagsaktuellt tema, gjerne henta frå avisene, og gav Lindeman  eit yrke og eit fornavn (ofte Malte), som Hasse då improviserte over. Dei fleste av disse sketsjane fins bare med lydspor, som feks. Bigamisten Malte Lindeman . Dette var jo på den tid svenskane begynte å få betre råd, og hyttebyande skaut opp. Men ikkje alle hadde likevel råd til egen hytte, og då vart deling løysinga. Så også for hytteeig...

Oslolosen

Før Harald Eia vart seriøs og faktaorientert, så var han Norges morsommaste mann. Det er nok å nevna "Lille lørdag", "Åpen post", "Uti vår hage", "Team Antonsen" og "Tre brødre som ikke er brødre", så vil veldig mange kunna ramsa opp sketsjar og sitera morsomheter frå Eia og hans medkomediantar. Ein av hans beste karakterer er Oslolosen, eller Kjell Aronsen, som sjøl hevdar at han er ein sertifisert guide for Oslo. Ifølge statuttane (seier Aronsen) skal det "værra en person som er unnfanga, født, oppvokst – samt misbrukt – i indre Oslo by". Men kvaliteten på hans "fakta" er høyst diskuterbare. For eksempel hevdar han at Akerselva tidligare rann oppover, då den vart skubba av15-20 mann med lange stakar, eller stag. Fleire eksempel kan du finna på lokalhistoriewiki.no . Oslolosen vart lansert i TV-programmet Uti vår hage 2 , og i dette klippet se...

شاپرک خرسندی

Ifølge Shappi Khorsandi sjøl, så kjem stadig folk bort og spør "unnskyld, er du Omid Djalili?" (som vi presenterte i forrige post Ein stor tøysekopp ). Men den einaste likheten er at dei begge har iransk bakgrunn. Familien hennar forlot Iran etter den islamske revolusjonen sidan faren, satirikaren og poeten Hadi Khorsandi, hadde publisert eit dikt som var kritisk til det nye regimet. Alstå omtrent som å skriva bok om orangutangen i det kvite hus i dag. Ho driv fremdeles med komedie, men har sjølsagt gjort litt av kvart. Feks, har ho skrive fleire bøker, som "A beginners guide to Acting English", og ho var president i Humanists UK frå 2016 - 2018. Ho har opptrått på Live at the Apollo fleire gonger, og eg trur dette var den første: Shappi Khorsandi - Live At The Apollo . Shappi Khorsandi Live At The Apollo .