Gå til hovedinnhold

Kommunikasjonsmiddel på 7 bokstavar

Det er mange måtar å slå i hel ei fluge på. Her kan du sjå korleis ein teiknar ser for seg korleis dei ulike kunstretningane ville ha illustrert dette:

Den surrealistiske versjonen pleier eg å kalla Lektor Øyros metode, for eg tenkjer den illustrerer godt mine pedagogiske evner, slash metodar. Eksempel: eg underviste i hine hårde dage på ein såkalt "polyteknisk høgskule". Det høyrest jo fint ut, men den var hverken særlig polyteknisk eller veldig høg. Og den var for ein stor del befolka av personar som ikkje kom inn på, eller ville inn på (?) vanlige høgskular. Eg skulle gi disse ein introduksjon til informasjonssystem, og spurte meg sjøl om ka som kunne vera ein artig inngang: "Jau", svarte eg, "det må vera semaforversjonen av Wuthering heights" (Monty Python sin versjon av  Emily Brontë-klassikaren, men også basert på "International Guide to Semaphore Code") Fantastisk: Kunsten møter komedien OG faget på ein gong! Men som så ofte skjer med mine geniale pedagogiske idear, så fall den til jorda med ikkje eingong eit brak.

Men eg gjer meg ikkje!

For det gjeld altså å velja det rette redskap for situasjonen. For eksempel bør det vera eit ganske opplagt valg for Catherine Earnshaw (Carol Cleveland) å forkynna sin kjærleik til Heathcliff (Terry Jones) med semaforflagg. Menn treng tydelige beskjedar, og tydeligare enn dette kan det vel neppe bli? Alternativet er jo å tenkja på bauner, om de skulle brenne, lissom. Men det blir fort brannfarlig. I dag ville nok Catherine og Heathcliff kommunisert via ein handhaldt elektronisk dippedutt, men kvar tid sine redskap. Og rimeligvis må mannen til Catherine (Eric Idle) snakka i store flagg.

Beklageligvis ser ikkje denne sketsjen ut til å vera til å oppdriva på nettet. Det eg derimot fant var animasjonane under. Heldigvis har ein eller annan smarting delt sketsjen opp i ti småklipp som er gjort om til animerte bilder i webp-formatet og lagt ut. Og dette er verkelig komklipp på detaljnivå. Dessuten (og dette kan neppe understrekast nok) er kortversjonar av filmar og kunstverk veldig nyttige. Ein opera kan ofte forkortast til eit par setningar, og heile kunsthistorien har vi alt gått gjennom. Monty Python kokte Wuthering heights ned til ca to minutt. Så dette utdraget av ein kortversjon er den ultimate kortversjonen. Alternativt kan ein også lesa boka, men kem gjer det når dette er alt du behøver?






EXTRAMATERIALE:

Dette var nok jobbigt for mange - nesten som diktanalyse! Som plaster på såret får du derfor no "oppfølgaren" til  semaforversjonen av Wutherin "Julius Caesar on an Aldis lamp (signallampe)". Også dette redskapet eit temmelig opplagt valg når skal uttrykkja sin fortvilelse* etter å ha blitt stukken til døde med 23 stikk - den 15. mars:



* Et tu Brute? Ein elev skal etter som soga seier, ha sitert Caesar som "Ka e da Brutus? Har eg gjort deg noke?". Men etter tradisjonen seier altså Caesar "Et tu Brute!" dvs. "Også du, Brutus". Men sjøl om Shakespeare skriv så, så sa Caesar aldri dette. Ei heller var Brutus hverken hans næraste ven eller hans største forredar.

LENKER:

Teksten til "The Semaphore Version of 'Wuthering Heights' / 'Julius Caesar' on an Aldis Lamp".
Heile episoden Monty Pythons Flying Circus Sesong 2 Episode 2. Hvis du vil hoppa rett til "vår" sketsj, så begynner den på ca. 17:10. Men kan med fordel sjåast in extenso.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

شاپرک خرسندی

Ifølge Shappi Khorsandi sjøl, så kjem stadig folk bort og spør "unnskyld, er du Omid Djalili?" (som vi presenterte i forrige post Ein stor tøysekopp ). Men den einaste likheten er at dei begge har iransk bakgrunn. Familien hennar forlot Iran etter den islamske revolusjonen sidan faren, satirikaren og poeten Hadi Khorsandi, hadde publisert eit dikt som var kritisk til det nye regimet. Alstå omtrent som å skriva bok om orangutangen i det kvite hus i dag. Ho driv fremdeles med komedie, men har sjølsagt gjort litt av kvart. Feks, har ho skrive fleire bøker, som "A beginners guide to Acting English", og ho var president i Humanists UK frå 2016 - 2018. Ho har opptrått på Live at the Apollo fleire gonger, og eg trur dette var den første: Shappi Khorsandi - Live At The Apollo . Shappi Khorsandi Live At The Apollo .

Kommunistkviss

Forrige post handla om SNL sitt Celebrity Jeopardy med Tom Hanks i fri dressur . Men no skal vi høyna kjendisfaktoren med Monty Python sin " Communist Quiz ", også referert til som "World_Forum". Denne sketsjen gjekk først på lufta den 15 desember 1970, og var då med i den tolvte episoden frå sesong 2 av Monty Python's Flying Circus. Men dette er bittelitt annan versjon frå Monty Python Live at the Hollywood Bowl , der Eric Idle er verten, Terry Jones spelar Marx, John Cleese er ein usedvanlig stille Lenin, mens Michael Palin er Che Guevara og Terry Gilliam ein gul Mao. Eg føler verkeleg med Lenin akkurat i denne sketsjen (men forøvrig vil eg ha meg frabedt samanlikning ...), sidan det ofte er slik eg føler meg på ein quiz. Vi har nok begge ein litt for nerdete tilnærming til fakta. Korfor skal ein kunna, og ikkje minst meina, det alle andre kan liksom? Teksten . Italiensk f...

Stugägare Kenneth Lindeman

Svenskane var velsigna med eit av dei store komikarpara gjennom alle tider, nemlig Hasse og Tage (Hans Alfredson og Tage Danielsson). Dei jobba saman frå sist på 1950-talet til Danielssons døydde i 1985, først i Sveriges Radio, seinare i revyar og filmar. Som sagt i forrige post ( One Leg Too Few ) var eit av formata den tøysete samtalen på lavt nivå. Ein gjengangar her var herr Lindeman . Hans Alfredson gjorde denne figuren utallige gonger på scenen. Grunnkonseptet var at Tage presenterte et dagsaktuellt tema, gjerne henta frå avisene, og gav Lindeman  eit yrke og eit fornavn (ofte Malte), som Hasse då improviserte over. Dei fleste av disse sketsjane fins bare med lydspor, som feks. Bigamisten Malte Lindeman . Dette var jo på den tid svenskane begynte å få betre råd, og hyttebyande skaut opp. Men ikkje alle hadde likevel råd til egen hytte, og då vart deling løysinga. Så også for hytteeig...