Gå til hovedinnhold

Nabil Abdulrashid

Ingen skal komma og påstå at ikkje komiklipp er oppdaterte og aktuelle! Her slår vi til med eit klipp frå årets pågåande Britain's Got Talent med Nabil Abdulrashid. Men Nabil er på ingen måte ein nykommar, For eksempel var han som 22-åring (i 2010) den yngste svarte komikaren som gjorde stand-up på Hammersmith Apollo. Og saman med Pardis Parker vant han konkurransen "Which Religion Is Funniest?", der dommarane var ikkje ukjente David Baddiel og Omid Djalili. Deretter fekk han opptre på premieren til filmen deira The Infidel. Det viste seg at den morsommaste religionen var Islam. Dette handla aldeles ikkje om å gjera narr av religion, men var ei høyst useriøs kåring av ka religionsbakgrunn som produserte mest og best komedie. Mange ville kanskje tru at det var jødedomen, men det er sikkert at det fins mange gode muslimske standupparar. Og Nabil er ein av disse.

Som klippet viser, fekk Nabil ein såkalt Golden Buzzer frå Alesha Dixon, og dermed gjekk han direkte til finalen. Og finalen er i skrivande stund ikkje ferdig, så kanskje han vinn heile skiten. Men er han verkelig så morsom då? Vel du får sjå, og dømma* sjøl!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Oslolosen

Før Harald Eia vart seriøs og faktaorientert, så var han Norges morsommaste mann. Det er nok å nevna "Lille lørdag", "Åpen post", "Uti vår hage", "Team Antonsen" og "Tre brødre som ikke er brødre", så vil veldig mange kunna ramsa opp sketsjar og sitera morsomheter frå Eia og hans medkomediantar. Ein av hans beste karakterer er Oslolosen, eller Kjell Aronsen, som sjøl hevdar at han er ein sertifisert guide for Oslo. Ifølge statuttane (seier Aronsen) skal det "værra en person som er unnfanga, født, oppvokst – samt misbrukt – i indre Oslo by". Men kvaliteten på hans "fakta" er høyst diskuterbare. For eksempel hevdar han at Akerselva tidligare rann oppover, då den vart skubba av15-20 mann med lange stakar, eller stag. Fleire eksempel kan du finna på lokalhistoriewiki.no . Oslolosen vart lansert i TV-programmet Uti vår hage 2 , og i dette klippet se...

شاپرک خرسندی

Ifølge Shappi Khorsandi sjøl, så kjem stadig folk bort og spør "unnskyld, er du Omid Djalili?" (som vi presenterte i forrige post Ein stor tøysekopp ). Men den einaste likheten er at dei begge har iransk bakgrunn. Familien hennar forlot Iran etter den islamske revolusjonen sidan faren, satirikaren og poeten Hadi Khorsandi, hadde publisert eit dikt som var kritisk til det nye regimet. Alstå omtrent som å skriva bok om orangutangen i det kvite hus i dag. Ho driv fremdeles med komedie, men har sjølsagt gjort litt av kvart. Feks, har ho skrive fleire bøker, som "A beginners guide to Acting English", og ho var president i Humanists UK frå 2016 - 2018. Ho har opptrått på Live at the Apollo fleire gonger, og eg trur dette var den første: Shappi Khorsandi - Live At The Apollo . Shappi Khorsandi Live At The Apollo .

Ein stor tøysekopp

Og no over til ein stor tøysekopp: Omid Djalili. Skal ein dømma etter språket hans på mange opptredenar, så er han innvandrar. Men mannen er faktisk født i Chelsea i London, og gjer seg bare til! Men sidan han har iranske foreldre og har studert engelsk og teater, så har han mykje stoff til sin stand up. Så det blir mykje tøys med språk, kultur og etnisitet. Og han er heller ikkje redd for å tøysa med andre kulturar og språkgrupper. Dei som føljer han på Twitter fekk ganske nylig bevis for dette då han la ut bildet under med følgande kommentar: "There are worse things than being Welsh, dyslexic & having a terrible stutter. But not many" * Denne tweeten fekk ein del kritikk frå walisarar. Dei sa at det var uoriginalt og respektlaust. Men Djalili nekta å be om unnskyldning, og mange andre walisarar meinte også at dette måtte dei tåla. Og alle som har sett og opplevd engelsk humor veit at det e...