Gå til hovedinnhold

Ein høgst forventa sketsj

Det er to ting vi kan trygt sei om denne sketsjen: Den handlar om spanske inkvisisjonen, og den er veldig morsom. Og veldig intelligent. Tre ting! Dei tre tinga vi kan sei om denne sketsjen er at den handlar om den spanske inkvisisjonen, at den er veldig morsom, og veldig intelligent. Og ikkje minst handlar den om forventningar. Fire ting!

Vi tar det om igjen: Den Spanske Inkvisisjonen dukka opp i Monty Python's Flying Circus, serie 2, episode 2, og vart først sendt 22 september 1970. I dag er den ein av dei sketsjane som veldig ofte, og med god grunn, blir nevnt som ein av dei morsommaste Monty Python har laga. Dette gjer den høgst forventa (pluss at forrige klipp også var frå denne episoden). Så len deg tilbake i din Comfy Chair, og nyt den. Sketsjen kjem i to deler. Nei tre!

Del 1: "Trouble at the Mill"

Vi møter først ein arbeidar på mølla (Graham Chapman) som kjem inn og fortel ei kvinne som sit og strikkar (Carol Cleveland) at  "one of the cross beams has gone out askew on the treadle". Deretter dukkar den spanske inkvisisjonen ganske uventa opp, i alle fall den første gongen. Inkvisisjonen består av kardinal Ximénez (Michael Palin) og hans to assistentar, kardinal Biggles (Terry Jones) og kardinal Fang (Terry Gilliam).


Del 2: "Photos of Uncle Ted"

Seinare møter vi to kvinner. Den eldste (Marjorie Wilde) viser bilder til den yngste (Cleveland). Det tar ikkje kort tid før våre tre raudkledte menn dukkar opp igjen:


Del 3: i retten

Eg har desverre ikkje funne klipp av dette, men på slutten av episoden er vi i retten, der ein dommar (Chapman) dømmer ein annan dommar (Jones) til å bli brent på staken. Han seier då "Eg forventa ikkje den spanske inkvisisjonen", og då ventar sjølsagt heile retten på akkurat det. Men inkvisisjonen er denne gong svært forsinka, og mens rulleteksten begynner, ser vi dei tre raudkledte springa ut av huset og inn på ein buss. Til slutt stoppar bussen utanfor retten og kardinalane spring inn i rettssalen. Dei rekk akkurat å sei "Ingen forventar den --"  idet "THE END" visest på skjermen, og Ximinez repliserer, "Oh bugger."

Teksten.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

شاپرک خرسندی

Ifølge Shappi Khorsandi sjøl, så kjem stadig folk bort og spør "unnskyld, er du Omid Djalili?" (som vi presenterte i forrige post Ein stor tøysekopp ). Men den einaste likheten er at dei begge har iransk bakgrunn. Familien hennar forlot Iran etter den islamske revolusjonen sidan faren, satirikaren og poeten Hadi Khorsandi, hadde publisert eit dikt som var kritisk til det nye regimet. Alstå omtrent som å skriva bok om orangutangen i det kvite hus i dag. Ho driv fremdeles med komedie, men har sjølsagt gjort litt av kvart. Feks, har ho skrive fleire bøker, som "A beginners guide to Acting English", og ho var president i Humanists UK frå 2016 - 2018. Ho har opptrått på Live at the Apollo fleire gonger, og eg trur dette var den første: Shappi Khorsandi - Live At The Apollo . Shappi Khorsandi Live At The Apollo .

Kommunistkviss

Forrige post handla om SNL sitt Celebrity Jeopardy med Tom Hanks i fri dressur . Men no skal vi høyna kjendisfaktoren med Monty Python sin " Communist Quiz ", også referert til som "World_Forum". Denne sketsjen gjekk først på lufta den 15 desember 1970, og var då med i den tolvte episoden frå sesong 2 av Monty Python's Flying Circus. Men dette er bittelitt annan versjon frå Monty Python Live at the Hollywood Bowl , der Eric Idle er verten, Terry Jones spelar Marx, John Cleese er ein usedvanlig stille Lenin, mens Michael Palin er Che Guevara og Terry Gilliam ein gul Mao. Eg føler verkeleg med Lenin akkurat i denne sketsjen (men forøvrig vil eg ha meg frabedt samanlikning ...), sidan det ofte er slik eg føler meg på ein quiz. Vi har nok begge ein litt for nerdete tilnærming til fakta. Korfor skal ein kunna, og ikkje minst meina, det alle andre kan liksom? Teksten . Italiensk f...

Stugägare Kenneth Lindeman

Svenskane var velsigna med eit av dei store komikarpara gjennom alle tider, nemlig Hasse og Tage (Hans Alfredson og Tage Danielsson). Dei jobba saman frå sist på 1950-talet til Danielssons døydde i 1985, først i Sveriges Radio, seinare i revyar og filmar. Som sagt i forrige post ( One Leg Too Few ) var eit av formata den tøysete samtalen på lavt nivå. Ein gjengangar her var herr Lindeman . Hans Alfredson gjorde denne figuren utallige gonger på scenen. Grunnkonseptet var at Tage presenterte et dagsaktuellt tema, gjerne henta frå avisene, og gav Lindeman  eit yrke og eit fornavn (ofte Malte), som Hasse då improviserte over. Dei fleste av disse sketsjane fins bare med lydspor, som feks. Bigamisten Malte Lindeman . Dette var jo på den tid svenskane begynte å få betre råd, og hyttebyande skaut opp. Men ikkje alle hadde likevel råd til egen hytte, og då vart deling løysinga. Så også for hytteeig...