Av alle folk eg har sett på film, er antagelig Jim Carrey den som
har det mest vrengte gummitrynet (inkludert Rowan Atkinson) og det mest
bisarre kroppspråket (inkludert Kramer). Alle karakterane hans (OK, mange
av dei) er enten dumme, hysteriske, sprø eller ein blanding av disse. Slik
er det også med Ace Ventura. Ventura er ein eksentrisk og uortodoks
privatdetektiv som har spesialisert seg på å berga kjæledyr.
I denne filmen blir han hyrt inn av Melissa Robinson (Courteney Cox) for å finna ein bortkomen delfin, og vi møter dei når dei framstiller Ventura som potensiell pasient på eit mentalsjukehus. Sjøl har jo Carrey i det siste også blitt påstått å vera ikkje heilt frisk. Så om dette er ein galen mann* som spelar ein normal mann som spelar ein galgning, eller ikkje, skal eg ikkje uttala meg om. Men eg syns det er morsomt. Sorry!
* I dag er Carry ein omdiskutert mann, men ein mann som kan drita ut Donald Trump så ettertrykkelig som Jim Carrey nylig gjorde på Stephen Colbert sitt Late Show, kan vel ikkje vera så galen. Han snakka om viktigheten av å få folk til å le: “It gives us a break from the obstreperous, bloviating bag of flatulence that is trying to take the shiny city on the hill and turn it into a Dutch oven. We don’t have to pull the covers over our head and breathe deeply the ambrosia of evil.”

Kommentarer
Legg inn en kommentar