Gå til hovedinnhold

Life of Brian: Profetane

Gårsdagens post, Pythontilbedelse på påskeafta, handla delvis om reaksjonane på, og debatten rundt Monty Python sin film Life of Brian. Eg føler meg sikker på at mykje av motstanden, i alle fall frå dei lærde geistlige, ikkje var fordi filmen dreiv gjøn med Jesus (for det gjer den ikkje) eller fordi den harsellerte med den kristne tru. Det siste kan diskuterast, men i såfall er det ein vennligsinna harsellas, som må tålast. Nei, eg trur dei geistlige følte at filmen kom litt for nær sanninga om korleis kristendommen oppsto. Den er litt for historisk. For eksempel veit vi at det var mange mirakelgjerarar og profetar som vandra rundt i Palestina på Jesu tid. Det var mange som gjorde under, og mange som fekk føljarar. Men noken var vel simpelthen for far out til å etablera ei tru. Her ser vi eksempel på slike:



Av disse profetane syns eg at det er den "Kjedelige profeten" (Michael Palin) som er morsommast. Talen hans er så kort at eg likegodt gjengir den her in extenso:

There shall, in that time, be rumours of things going astray, erm, and there shall be a great confusion as to where things really are, and nobody will really know where lieth those little things wi-- with the sort of raffia work base that has an attachment. At this time, a friend shall lose his friend's hammer and the young shall not know where lieth the things possessed by their fathers that their fathers put there only just the night before, about eight o'clock.
 
Korfor vart ikkje dette ein religion? Eller kanskje er den det, den har bare ikkje fått eit navn? (Kommentarfeltet er åpent) Seinare forsøkte også Brian sjøl seg som profet. Først prøvde han seg med å preika fornuft, men det fenga ikkje. Men straks han vart meir usikker, så begynte folk å bli nysgjerrige, og han fekk ein skare tilhengjarar. Og vi veit jo alle korleis det gjekk ...

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

شاپرک خرسندی

Ifølge Shappi Khorsandi sjøl, så kjem stadig folk bort og spør "unnskyld, er du Omid Djalili?" (som vi presenterte i forrige post Ein stor tøysekopp ). Men den einaste likheten er at dei begge har iransk bakgrunn. Familien hennar forlot Iran etter den islamske revolusjonen sidan faren, satirikaren og poeten Hadi Khorsandi, hadde publisert eit dikt som var kritisk til det nye regimet. Alstå omtrent som å skriva bok om orangutangen i det kvite hus i dag. Ho driv fremdeles med komedie, men har sjølsagt gjort litt av kvart. Feks, har ho skrive fleire bøker, som "A beginners guide to Acting English", og ho var president i Humanists UK frå 2016 - 2018. Ho har opptrått på Live at the Apollo fleire gonger, og eg trur dette var den første: Shappi Khorsandi - Live At The Apollo . Shappi Khorsandi Live At The Apollo .

Kommunistkviss

Forrige post handla om SNL sitt Celebrity Jeopardy med Tom Hanks i fri dressur . Men no skal vi høyna kjendisfaktoren med Monty Python sin " Communist Quiz ", også referert til som "World_Forum". Denne sketsjen gjekk først på lufta den 15 desember 1970, og var då med i den tolvte episoden frå sesong 2 av Monty Python's Flying Circus. Men dette er bittelitt annan versjon frå Monty Python Live at the Hollywood Bowl , der Eric Idle er verten, Terry Jones spelar Marx, John Cleese er ein usedvanlig stille Lenin, mens Michael Palin er Che Guevara og Terry Gilliam ein gul Mao. Eg føler verkeleg med Lenin akkurat i denne sketsjen (men forøvrig vil eg ha meg frabedt samanlikning ...), sidan det ofte er slik eg føler meg på ein quiz. Vi har nok begge ein litt for nerdete tilnærming til fakta. Korfor skal ein kunna, og ikkje minst meina, det alle andre kan liksom? Teksten . Italiensk f...

Stugägare Kenneth Lindeman

Svenskane var velsigna med eit av dei store komikarpara gjennom alle tider, nemlig Hasse og Tage (Hans Alfredson og Tage Danielsson). Dei jobba saman frå sist på 1950-talet til Danielssons døydde i 1985, først i Sveriges Radio, seinare i revyar og filmar. Som sagt i forrige post ( One Leg Too Few ) var eit av formata den tøysete samtalen på lavt nivå. Ein gjengangar her var herr Lindeman . Hans Alfredson gjorde denne figuren utallige gonger på scenen. Grunnkonseptet var at Tage presenterte et dagsaktuellt tema, gjerne henta frå avisene, og gav Lindeman  eit yrke og eit fornavn (ofte Malte), som Hasse då improviserte over. Dei fleste av disse sketsjane fins bare med lydspor, som feks. Bigamisten Malte Lindeman . Dette var jo på den tid svenskane begynte å få betre råd, og hyttebyande skaut opp. Men ikkje alle hadde likevel råd til egen hytte, og då vart deling løysinga. Så også for hytteeig...