Gå til hovedinnhold

Pythontilbedelse på påskeafta

Vi er alle (ikkje sant?) Python-tilbedarar. Og alle som var unge då Life of Brian kom ut i 1979, huskar at den faktisk vart forbudt i Norge, og at svenskane brukte det i reklamen for filmen. Det er rart å tenkja på no! Men når myndighetene fekk tenkt seg om vart den tillaten likevel. Vi storma alle til kinoane for å sjå den, mens vi nesten måtte gå spissrotgang forbi demonstrerande kristne. Hovedanklagen deira var at filmen var blasfemisk, og latterliggjorde Jesus. Python-gjengen forsvarte seg med å sei at det ikkje var ein parodi på Jesus. Den handla om Brian, som - heilt tilfeldig -  vart fødd i nabostallen til Jesus, vart tilbedd og til sist korsfesta.

I denne sketsjen frå Not the Nine O'Clock News, så snur dei på flisa. Eg kan ikkje sei meir uten å røpa poeng, så eg seier bare: Snurr film!



Sketsjen i seg sjøl er ein parodi på ein debatt på BBC-programmet Friday Night, der John Cleese  og Michael Palin diskuterte filmen saman med B-kjendisen Malcolm Muggeridge og biskopen i Southwark, Mervyn Stockwood. Eller diskuterte og diskuterte fru Blom! Men debatten er likevel lærerik. Du kan sjå den her: Del1, Del2, Del3, Del4.

Det besynderlige her er at det var dei to komikarane som framsto som dei seriøse og vel forberedte, mens dei to andre hengav seg til drittslenging og billige poeng. Og i ettertid har JC (our Lord) sagt at når han såg debatten omigjen, så vart han slått av kor dustete Muggeridge og Stockwood var. Eg syns jo det var svært snilt sagt! :)

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

شاپرک خرسندی

Ifølge Shappi Khorsandi sjøl, så kjem stadig folk bort og spør "unnskyld, er du Omid Djalili?" (som vi presenterte i forrige post Ein stor tøysekopp ). Men den einaste likheten er at dei begge har iransk bakgrunn. Familien hennar forlot Iran etter den islamske revolusjonen sidan faren, satirikaren og poeten Hadi Khorsandi, hadde publisert eit dikt som var kritisk til det nye regimet. Alstå omtrent som å skriva bok om orangutangen i det kvite hus i dag. Ho driv fremdeles med komedie, men har sjølsagt gjort litt av kvart. Feks, har ho skrive fleire bøker, som "A beginners guide to Acting English", og ho var president i Humanists UK frå 2016 - 2018. Ho har opptrått på Live at the Apollo fleire gonger, og eg trur dette var den første: Shappi Khorsandi - Live At The Apollo . Shappi Khorsandi Live At The Apollo .

Kommunistkviss

Forrige post handla om SNL sitt Celebrity Jeopardy med Tom Hanks i fri dressur . Men no skal vi høyna kjendisfaktoren med Monty Python sin " Communist Quiz ", også referert til som "World_Forum". Denne sketsjen gjekk først på lufta den 15 desember 1970, og var då med i den tolvte episoden frå sesong 2 av Monty Python's Flying Circus. Men dette er bittelitt annan versjon frå Monty Python Live at the Hollywood Bowl , der Eric Idle er verten, Terry Jones spelar Marx, John Cleese er ein usedvanlig stille Lenin, mens Michael Palin er Che Guevara og Terry Gilliam ein gul Mao. Eg føler verkeleg med Lenin akkurat i denne sketsjen (men forøvrig vil eg ha meg frabedt samanlikning ...), sidan det ofte er slik eg føler meg på ein quiz. Vi har nok begge ein litt for nerdete tilnærming til fakta. Korfor skal ein kunna, og ikkje minst meina, det alle andre kan liksom? Teksten . Italiensk f...

Stugägare Kenneth Lindeman

Svenskane var velsigna med eit av dei store komikarpara gjennom alle tider, nemlig Hasse og Tage (Hans Alfredson og Tage Danielsson). Dei jobba saman frå sist på 1950-talet til Danielssons døydde i 1985, først i Sveriges Radio, seinare i revyar og filmar. Som sagt i forrige post ( One Leg Too Few ) var eit av formata den tøysete samtalen på lavt nivå. Ein gjengangar her var herr Lindeman . Hans Alfredson gjorde denne figuren utallige gonger på scenen. Grunnkonseptet var at Tage presenterte et dagsaktuellt tema, gjerne henta frå avisene, og gav Lindeman  eit yrke og eit fornavn (ofte Malte), som Hasse då improviserte over. Dei fleste av disse sketsjane fins bare med lydspor, som feks. Bigamisten Malte Lindeman . Dette var jo på den tid svenskane begynte å få betre råd, og hyttebyande skaut opp. Men ikkje alle hadde likevel råd til egen hytte, og då vart deling løysinga. Så også for hytteeig...