Gå til hovedinnhold

Store meloner

Nu skal vi ha litt 'Allo 'Allo! Denne sitcomen gjekk frå 1982 til 1992 og handlar om den franske kafeeigaren René Artois og alt det som foregår i kafeen hans under andre verdenskrig. Her jobbar mellom anna den svært så imøtekommande Yvette Carte-Blanche som, av uforståelige grunnar, er ute etter René, til tross for at kona hans Edith også jobbar der. Dessuten opptrer ei rad uforgløymelige karakterar som politimann ("Goodmoaning!") Crabtree, den påtagelig homofile løytnant Huber Gruber, Roger ("it is I") LeClerc, kaptein Hans Geering, Michelle (of the Resistance) Dubois og andre.

Det å beskriva denne sketsjen er omtrent det same som å oppsummera heile serien. Men det er jo egentlig ikkje så vanskelig. Så here goes: Vi møter Herr Otto Flick (Richard Gibson) frå Gestapo, og hans assist Engelbert* von Smallhausen (John Louis Mansi). Herr Flick er stadig veldig opptatt av å finna det berømte maleriet "The Fallen Madonna" av Van Klomp, og dei to herrane har fått det for seg at det det befinn seg inne på rommet til menig Helga Geerhart (Kim Hartman) , som også av uforståelige grunnar, er veldig tiltrukke av herr Flick. Løysinga er, rimeligvis, å forkle seg som kvinner. Dette kan jo ikkje gå bra!



* Smallhausen heitte visst egentlig Bobby Cedric. I alle fall var det det navnet han oppgav då han ved eit feiltak blir hypnotisert.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Oslolosen

Før Harald Eia vart seriøs og faktaorientert, så var han Norges morsommaste mann. Det er nok å nevna "Lille lørdag", "Åpen post", "Uti vår hage", "Team Antonsen" og "Tre brødre som ikke er brødre", så vil veldig mange kunna ramsa opp sketsjar og sitera morsomheter frå Eia og hans medkomediantar. Ein av hans beste karakterer er Oslolosen, eller Kjell Aronsen, som sjøl hevdar at han er ein sertifisert guide for Oslo. Ifølge statuttane (seier Aronsen) skal det "værra en person som er unnfanga, født, oppvokst – samt misbrukt – i indre Oslo by". Men kvaliteten på hans "fakta" er høyst diskuterbare. For eksempel hevdar han at Akerselva tidligare rann oppover, då den vart skubba av15-20 mann med lange stakar, eller stag. Fleire eksempel kan du finna på lokalhistoriewiki.no . Oslolosen vart lansert i TV-programmet Uti vår hage 2 , og i dette klippet se...

Ein stor tøysekopp

Og no over til ein stor tøysekopp: Omid Djalili. Skal ein dømma etter språket hans på mange opptredenar, så er han innvandrar. Men mannen er faktisk født i Chelsea i London, og gjer seg bare til! Men sidan han har iranske foreldre og har studert engelsk og teater, så har han mykje stoff til sin stand up. Så det blir mykje tøys med språk, kultur og etnisitet. Og han er heller ikkje redd for å tøysa med andre kulturar og språkgrupper. Dei som føljer han på Twitter fekk ganske nylig bevis for dette då han la ut bildet under med følgande kommentar: "There are worse things than being Welsh, dyslexic & having a terrible stutter. But not many" * Denne tweeten fekk ein del kritikk frå walisarar. Dei sa at det var uoriginalt og respektlaust. Men Djalili nekta å be om unnskyldning, og mange andre walisarar meinte også at dette måtte dei tåla. Og alle som har sett og opplevd engelsk humor veit at det e...

Zelig

Det er kanskje ikkje heilt PK å komma drassande med Woody Allen i dag. Men bare husk at fordi om ein liker eit kunstverk, så betyr ikkje det at ein støtter kunstnaren i ett og alt. Så dette handlar alstå om filmen Zelig, som er ein mockumentary frå 1983, der Woordy Allen sjøl spelar hovedrollen. Kem var egentlig Leonard Zelig? Etter egen oppfatning var han ingen - eit null. Men han er desperat etter å bli likt, så han tilpassar seg etter omgivelsane - i ein ekstrem grad ... I denne sekvensen fekk vi altså vita at Zelig opptrådde som Pagliacci. Og eg syns dette minnar om Clouseau sine forkledningar. (Sjå feks. An old salty swedish sea dog ). Men uansett har eg ein sterk mistanke om at Woody Allen har blitt inspirert både av Peter Sellers sjøl, og hans mange filmkarakterer. I neste sekvens får vi litt meir info om Zelig sin bakgrunn: Her fekk vi treffa Dr. Eudora Fletcher ( Mia Farrow ) som fatta interesse ...