Gå til hovedinnhold

Dara spelar data

Forrige post, Agnes in a sticky situation, var reinspikka underbuksehumor. Og det trengs jo i kvardagen! Men vi treng også intelligent humor. Så derfor foreskriv eg no ein god dose med Dara Ó Briain.
Dara er ein mangfoldig herremann frå Irland, som mange sikkert kjenner, og kanskje også har sett live. Han har gått på University College, Dublin (UCD), og studert matematikk og teoretisk fysikk. Eg gjentar det: Han har studert matematikk og teoretisk fysikk! Og som mange andre realistar er han godt inne i dataspill. Så langt inne at han skal laga eit TVshow basert på dataspill. Her er ein sketsj, som Dara har gjort mange gonger, der han forklarar problema med dataspill på ein måte som mange kan relatera til. Dette klippet er frå Live at the Apollo Serie 3, episode 6, der Dara også var vert*.



* Resten av denne episoden er så bra at eg sikkert legg ut meir. Dei to andre som var med var Greg Davies og Stewart Francis. Stay tuned! Og som bonus får du på slutten også sjå keeperlegenden Peter Shilton, som vart nevnt av Sean Lock i ein post for litt sidan. :D

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Oslolosen

Før Harald Eia vart seriøs og faktaorientert, så var han Norges morsommaste mann. Det er nok å nevna "Lille lørdag", "Åpen post", "Uti vår hage", "Team Antonsen" og "Tre brødre som ikke er brødre", så vil veldig mange kunna ramsa opp sketsjar og sitera morsomheter frå Eia og hans medkomediantar. Ein av hans beste karakterer er Oslolosen, eller Kjell Aronsen, som sjøl hevdar at han er ein sertifisert guide for Oslo. Ifølge statuttane (seier Aronsen) skal det "værra en person som er unnfanga, født, oppvokst – samt misbrukt – i indre Oslo by". Men kvaliteten på hans "fakta" er høyst diskuterbare. For eksempel hevdar han at Akerselva tidligare rann oppover, då den vart skubba av15-20 mann med lange stakar, eller stag. Fleire eksempel kan du finna på lokalhistoriewiki.no . Oslolosen vart lansert i TV-programmet Uti vår hage 2 , og i dette klippet se...

Ein stor tøysekopp

Og no over til ein stor tøysekopp: Omid Djalili. Skal ein dømma etter språket hans på mange opptredenar, så er han innvandrar. Men mannen er faktisk født i Chelsea i London, og gjer seg bare til! Men sidan han har iranske foreldre og har studert engelsk og teater, så har han mykje stoff til sin stand up. Så det blir mykje tøys med språk, kultur og etnisitet. Og han er heller ikkje redd for å tøysa med andre kulturar og språkgrupper. Dei som føljer han på Twitter fekk ganske nylig bevis for dette då han la ut bildet under med følgande kommentar: "There are worse things than being Welsh, dyslexic & having a terrible stutter. But not many" * Denne tweeten fekk ein del kritikk frå walisarar. Dei sa at det var uoriginalt og respektlaust. Men Djalili nekta å be om unnskyldning, og mange andre walisarar meinte også at dette måtte dei tåla. Og alle som har sett og opplevd engelsk humor veit at det e...

Zelig

Det er kanskje ikkje heilt PK å komma drassande med Woody Allen i dag. Men bare husk at fordi om ein liker eit kunstverk, så betyr ikkje det at ein støtter kunstnaren i ett og alt. Så dette handlar alstå om filmen Zelig, som er ein mockumentary frå 1983, der Woordy Allen sjøl spelar hovedrollen. Kem var egentlig Leonard Zelig? Etter egen oppfatning var han ingen - eit null. Men han er desperat etter å bli likt, så han tilpassar seg etter omgivelsane - i ein ekstrem grad ... I denne sekvensen fekk vi altså vita at Zelig opptrådde som Pagliacci. Og eg syns dette minnar om Clouseau sine forkledningar. (Sjå feks. An old salty swedish sea dog ). Men uansett har eg ein sterk mistanke om at Woody Allen har blitt inspirert både av Peter Sellers sjøl, og hans mange filmkarakterer. I neste sekvens får vi litt meir info om Zelig sin bakgrunn: Her fekk vi treffa Dr. Eudora Fletcher ( Mia Farrow ) som fatta interesse ...