Gå til hovedinnhold

Supperådet

Svenskane hadde sine Hasse og Tage (Sjå Stugägare Kenneth Lindeman) Men vi hadde Wesensteen, dvs. den norske komikarduoen Rolv Wesenlund og Harald Heide-Steen jr. Det var også navnet på ein TV-serie som gjekk på NRK1 seint på 90-talet. Som det står på Wikipedia: "Serien ble dårlig mottatt av TV-kritikerne, men hadde høye seertall." Så betre skussmål kan ein jo ikkje tenkja seg!

Men lenge før dette var Wesensteen kjent og elska av det norske folket. Heilt sidan slutten av 60-talet hadde dei forsynt oss med humor, ikkje minst i ein serie som heitte Og takk for det*. Med her var også Gunnar Haugan, Kari Simonsen og Kirsti Sparboe. Serien var svært populær, og vi som fulgte med, gjekk på den tida rundt og snakka om doble fustasjonopphengsforkoblinger og at Volvo "Sonett" hadde  seks forgassarar.

Antagelig den mest elska sketsjen disse to lagde, var den om Supperådet. Ein klassikar som denne trur eg ikkje treng ytterligare presentasjon :)



* Heile denne serien ligg på nett, (Og takk for det NRK!)
Også Supperådet ligg på NRK.
Supperådet fekk også ein oppfølgar: Rotfruktrådet.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Stugägare Kenneth Lindeman

Svenskane var velsigna med eit av dei store komikarpara gjennom alle tider, nemlig Hasse og Tage (Hans Alfredson og Tage Danielsson). Dei jobba saman frå sist på 1950-talet til Danielssons døydde i 1985, først i Sveriges Radio, seinare i revyar og filmar. Som sagt i forrige post ( One Leg Too Few ) var eit av formata den tøysete samtalen på lavt nivå. Ein gjengangar her var herr Lindeman . Hans Alfredson gjorde denne figuren utallige gonger på scenen. Grunnkonseptet var at Tage presenterte et dagsaktuellt tema, gjerne henta frå avisene, og gav Lindeman  eit yrke og eit fornavn (ofte Malte), som Hasse då improviserte over. Dei fleste av disse sketsjane fins bare med lydspor, som feks. Bigamisten Malte Lindeman . Dette var jo på den tid svenskane begynte å få betre råd, og hyttebyande skaut opp. Men ikkje alle hadde likevel råd til egen hytte, og då vart deling løysinga. Så også for hytteeig...

شاپرک خرسندی

Ifølge Shappi Khorsandi sjøl, så kjem stadig folk bort og spør "unnskyld, er du Omid Djalili?" (som vi presenterte i forrige post Ein stor tøysekopp ). Men den einaste likheten er at dei begge har iransk bakgrunn. Familien hennar forlot Iran etter den islamske revolusjonen sidan faren, satirikaren og poeten Hadi Khorsandi, hadde publisert eit dikt som var kritisk til det nye regimet. Alstå omtrent som å skriva bok om orangutangen i det kvite hus i dag. Ho driv fremdeles med komedie, men har sjølsagt gjort litt av kvart. Feks, har ho skrive fleire bøker, som "A beginners guide to Acting English", og ho var president i Humanists UK frå 2016 - 2018. Ho har opptrått på Live at the Apollo fleire gonger, og eg trur dette var den første: Shappi Khorsandi - Live At The Apollo . Shappi Khorsandi Live At The Apollo .

Oslolosen

Før Harald Eia vart seriøs og faktaorientert, så var han Norges morsommaste mann. Det er nok å nevna "Lille lørdag", "Åpen post", "Uti vår hage", "Team Antonsen" og "Tre brødre som ikke er brødre", så vil veldig mange kunna ramsa opp sketsjar og sitera morsomheter frå Eia og hans medkomediantar. Ein av hans beste karakterer er Oslolosen, eller Kjell Aronsen, som sjøl hevdar at han er ein sertifisert guide for Oslo. Ifølge statuttane (seier Aronsen) skal det "værra en person som er unnfanga, født, oppvokst – samt misbrukt – i indre Oslo by". Men kvaliteten på hans "fakta" er høyst diskuterbare. For eksempel hevdar han at Akerselva tidligare rann oppover, då den vart skubba av15-20 mann med lange stakar, eller stag. Fleire eksempel kan du finna på lokalhistoriewiki.no . Oslolosen vart lansert i TV-programmet Uti vår hage 2 , og i dette klippet se...