Gå til hovedinnhold

One Leg To Few

Vi har vore borti mesteren sjøl, Peter Cook, tidligare. Og det er ikkje bare Eddie Izzard som John Cleese likar (Sjå Quid The Fuck), det gjeld i høgste grad også herr Cook. Her skal vi møta han saman med kompisen Dudley Moore. Dudley er nok meir kjent for filmar som Arthur, men dei to hadde altså eit langt og fruktbart samarbeid, både på scene og TV. Dei hadde feks sine karakterar Pete og Dud, som var to vidløftige herremenn med caps og kunnskap om det meste, i alle fall i egne auger. Typisk eksempel er denne samtalen på puben om plagsomme damer*. Dette formatet har jo mange andre også brukt med hell, med Smith og Jones og Hasse og Tage som herlige eksempel.  (Kjem tilbake til disse!)

I denne klassiske sketsjen# One Leg Too Few, møter vi Cook og Moore i andre rollar. Cook er her ein agent for eit castingbyrå, mens Moore er skuespelaren mr Spiggott (Spiggott's the name, acting's my game), som gjerne vil ha jobb (og for ein jobb...) Problemet er at han kanskje ikkje passar 100% til rollen:


* Dei "plagsomme" damene var kjente på den tid: Betty Grable, Anna Magnani, Greta Garbo og Jane Russel,
# Denne sketjsen er spelt mange gonger i mange versjonar. På nett fins feks. 1964-versjonen og 1970-versjonen.
Og ein dag du har god tid kan du også sjå dette programmet om Cook: Heroes of Comedy - Peter Cook.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

شاپرک خرسندی

Ifølge Shappi Khorsandi sjøl, så kjem stadig folk bort og spør "unnskyld, er du Omid Djalili?" (som vi presenterte i forrige post Ein stor tøysekopp ). Men den einaste likheten er at dei begge har iransk bakgrunn. Familien hennar forlot Iran etter den islamske revolusjonen sidan faren, satirikaren og poeten Hadi Khorsandi, hadde publisert eit dikt som var kritisk til det nye regimet. Alstå omtrent som å skriva bok om orangutangen i det kvite hus i dag. Ho driv fremdeles med komedie, men har sjølsagt gjort litt av kvart. Feks, har ho skrive fleire bøker, som "A beginners guide to Acting English", og ho var president i Humanists UK frå 2016 - 2018. Ho har opptrått på Live at the Apollo fleire gonger, og eg trur dette var den første: Shappi Khorsandi - Live At The Apollo . Shappi Khorsandi Live At The Apollo .

Kommunistkviss

Forrige post handla om SNL sitt Celebrity Jeopardy med Tom Hanks i fri dressur . Men no skal vi høyna kjendisfaktoren med Monty Python sin " Communist Quiz ", også referert til som "World_Forum". Denne sketsjen gjekk først på lufta den 15 desember 1970, og var då med i den tolvte episoden frå sesong 2 av Monty Python's Flying Circus. Men dette er bittelitt annan versjon frå Monty Python Live at the Hollywood Bowl , der Eric Idle er verten, Terry Jones spelar Marx, John Cleese er ein usedvanlig stille Lenin, mens Michael Palin er Che Guevara og Terry Gilliam ein gul Mao. Eg føler verkeleg med Lenin akkurat i denne sketsjen (men forøvrig vil eg ha meg frabedt samanlikning ...), sidan det ofte er slik eg føler meg på ein quiz. Vi har nok begge ein litt for nerdete tilnærming til fakta. Korfor skal ein kunna, og ikkje minst meina, det alle andre kan liksom? Teksten . Italiensk f...

Stugägare Kenneth Lindeman

Svenskane var velsigna med eit av dei store komikarpara gjennom alle tider, nemlig Hasse og Tage (Hans Alfredson og Tage Danielsson). Dei jobba saman frå sist på 1950-talet til Danielssons døydde i 1985, først i Sveriges Radio, seinare i revyar og filmar. Som sagt i forrige post ( One Leg Too Few ) var eit av formata den tøysete samtalen på lavt nivå. Ein gjengangar her var herr Lindeman . Hans Alfredson gjorde denne figuren utallige gonger på scenen. Grunnkonseptet var at Tage presenterte et dagsaktuellt tema, gjerne henta frå avisene, og gav Lindeman  eit yrke og eit fornavn (ofte Malte), som Hasse då improviserte over. Dei fleste av disse sketsjane fins bare med lydspor, som feks. Bigamisten Malte Lindeman . Dette var jo på den tid svenskane begynte å få betre råd, og hyttebyande skaut opp. Men ikkje alle hadde likevel råd til egen hytte, og då vart deling løysinga. Så også for hytteeig...