Gå til hovedinnhold

Chaplin og Keaton i duett

To av dei største navna frå stumfilmens tid, ved sida av Harold Lloyd, var Charlie Chaplin og Buster Keaton. Disse to var aldri ein duo. Om noko, så var dei meir rivalar og konkurrentar. Rett nok fins det opptak av dei saman, som i denne parallell-boksekampen, men karakteristisk nok, boksa dei jo ikkje mot kvarandre her. Og i offentligheten skal dei ha unngått å snakka om kvarandre då dei begge var på høyden.

Seinare gjekk Keaton sin karriere på ned, og då Chaplin laga sin nydelige film Limelight i 1952, var Keaton nesten blakk. Kanskje derfor, inviterte Chaplin han til å vera med på filmen. Limelight er ein lydfilm, og heller ingen komedie. Men denne historiske* scenen, som er eit lite teaterstykke i filmen, er både (nesten) stum og komisk. Så her er noko så sjeldent og fantastisk som Charlie Chaplin og Buster Keaton i duett:



* Litt meir historie: Limelight er i dag rekna som ein av klassikarane, men det var ikkje slik i 1952. Til tross for ein varm mottakelse i Europa, så var den boycotta av mange filmteater i USA som, feigt nok, ikkje ville assosierast med ryktene om Chaplin sine påståtte kommunist-sympatier. Dette var jo på høyden av det samfunnsviruset, som McCarthyismen og antikommunismen var i USA. Og bare dagar før Londonpremieren hadde ein eller annan general ved navn James P. McGranery trukke tilbake Chaplin sin tillatelse til å komma tilbake til USA. I verkeligheten, dvs. eit godt stykke unna USA, var jo Chaplin slett ikkje kommunist - som om det ville vore så forferdelig. Men i denne tøysete parodien av eit land, blir du jo kalla det hvis du er imot landets folkemord eller hvis du er for ein fungerande helseteneste. Anyway: resultatet av denne latterlige avgjerda var at Chaplin valgte å flytta til Sveits for resten av sitt liv. Til tap for USA, men til beste for han og for Sveits.

LENKER

Criterion Puts Charlie Chaplin in a Different 'Limelight'.
So, About Buster And Charlie’s “Limelight” Scene…
Chaplin and Keaton – Two Friends in the Limelight.
Were Chaplin And Keaton Rivals?.
Buster Keaton the Inventor and Charlie Chaplin the Conjurer.
MI5 spied on Charlie Chaplin after FBI asked for help to banish him from US

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

شاپرک خرسندی

Ifølge Shappi Khorsandi sjøl, så kjem stadig folk bort og spør "unnskyld, er du Omid Djalili?" (som vi presenterte i forrige post Ein stor tøysekopp ). Men den einaste likheten er at dei begge har iransk bakgrunn. Familien hennar forlot Iran etter den islamske revolusjonen sidan faren, satirikaren og poeten Hadi Khorsandi, hadde publisert eit dikt som var kritisk til det nye regimet. Alstå omtrent som å skriva bok om orangutangen i det kvite hus i dag. Ho driv fremdeles med komedie, men har sjølsagt gjort litt av kvart. Feks, har ho skrive fleire bøker, som "A beginners guide to Acting English", og ho var president i Humanists UK frå 2016 - 2018. Ho har opptrått på Live at the Apollo fleire gonger, og eg trur dette var den første: Shappi Khorsandi - Live At The Apollo . Shappi Khorsandi Live At The Apollo .

Kommunistkviss

Forrige post handla om SNL sitt Celebrity Jeopardy med Tom Hanks i fri dressur . Men no skal vi høyna kjendisfaktoren med Monty Python sin " Communist Quiz ", også referert til som "World_Forum". Denne sketsjen gjekk først på lufta den 15 desember 1970, og var då med i den tolvte episoden frå sesong 2 av Monty Python's Flying Circus. Men dette er bittelitt annan versjon frå Monty Python Live at the Hollywood Bowl , der Eric Idle er verten, Terry Jones spelar Marx, John Cleese er ein usedvanlig stille Lenin, mens Michael Palin er Che Guevara og Terry Gilliam ein gul Mao. Eg føler verkeleg med Lenin akkurat i denne sketsjen (men forøvrig vil eg ha meg frabedt samanlikning ...), sidan det ofte er slik eg føler meg på ein quiz. Vi har nok begge ein litt for nerdete tilnærming til fakta. Korfor skal ein kunna, og ikkje minst meina, det alle andre kan liksom? Teksten . Italiensk f...

Stugägare Kenneth Lindeman

Svenskane var velsigna med eit av dei store komikarpara gjennom alle tider, nemlig Hasse og Tage (Hans Alfredson og Tage Danielsson). Dei jobba saman frå sist på 1950-talet til Danielssons døydde i 1985, først i Sveriges Radio, seinare i revyar og filmar. Som sagt i forrige post ( One Leg Too Few ) var eit av formata den tøysete samtalen på lavt nivå. Ein gjengangar her var herr Lindeman . Hans Alfredson gjorde denne figuren utallige gonger på scenen. Grunnkonseptet var at Tage presenterte et dagsaktuellt tema, gjerne henta frå avisene, og gav Lindeman  eit yrke og eit fornavn (ofte Malte), som Hasse då improviserte over. Dei fleste av disse sketsjane fins bare med lydspor, som feks. Bigamisten Malte Lindeman . Dette var jo på den tid svenskane begynte å få betre råd, og hyttebyande skaut opp. Men ikkje alle hadde likevel råd til egen hytte, og då vart deling løysinga. Så også for hytteeig...