Rowan Atkinson er etter mi meining ein av dei beste komikarane som fins.
Han er mest kjent frå Mr. Bean, Blackadder og Not
the Nine O'Clock News. Men han har også gjort mange
frittståande sketsjar som også er vel verd å sjå. Mange fins på Rowan Atkinson Live.
Ein av dei klassiske er denne, som noken stader blir kalla 'Headmaster Sketch', og andre stader School Master Sketch. Uansett: den handlar om læraren som gir tilbake innleveringar - med kommentarer. Noken som kjenner seg igjen? Denne versjonen vart framført under Secret Policeman's Ball frå 1979:
Sketsjen må ikkje forvekslast med ein annan sketsj der Rowan Atkinson også er skulemester. Denne gong i møte med ein litt fortvilt forelder: FATAL BEATINGS. På den andre sida har han også fått gjennomgå som elev, som i denne sketsjen frå Not the Nine O'Clock News igjen. Og når vi først er inne på skulestoff, så har jo sjølsagt også Monty Python laga sketsjar om dette, som feks. Sexundervisninga frå Life of Brian og Italian lesson, sjøl om den siste kanskje ikkje er av dei beste.

Kommentarer
Legg inn en kommentar