Gå til hovedinnhold

Not the Nine O'Clock News

Nine O'clock News er den engelske dagsrevyen eller ninyhetene om du vil. Men hvis du guuglar dette, så får du mange fleire treff på parodien Not the Nine O'Clock News. (Heretter kalla Not ...) Det var denne gjengen her: (fv.) Mel Smith, Rowan Atkinson, Griff Rhys Jones og Pamela Stephenson.

Bakgrunnen

I 1979 begynte produsenten John Lloyd å samla styrkar til eit nytt show rundt den då ganske ukjente Rowan Atkinson. Dette var jo før Blackadder og Mr. Bean. Showet var planlagt å starta 2 april, og skulle sendast på BBC2, samtidig med nyhetene på BBC1, og derav navnet. Dette vinduet var på den tid opptatt av John Cleese og Fawlty Towers (Hotell i særklasse), som bare hadde avslutningsprogrammet sitt igjen. Men dette vart utsatt pågrunn av streik :) Så Cleese sende i staden ein sketsj (i rolle som Basil) der han forklarte korfor hotellet hans ikkje var på lufta, og la til at det snart kom til å bli erstatta med ein "sjabbete vekerevy". I ettertid kunne dette betraktast som at Monty Python gav stafettpinnen vidare til ein yngre generasjon - dei såkalte "alternative" komikarane.

Men showet skulle bli ytterligare utsett fordi ein meinte det ikkje passa seg (!!!) midt i  ein valgkamp. Dette fekk den lykkelige følge at Lloyd kunne å henta inn ingen ringare enn Mel Smith og Griff Rhys Jones, samt den Newzealandske Pamela Stephenson. Drømmeteamet var eit faktum. Ikkje mindre heldig for programmet, og engelsk satire i sin alminnelighet, var det at Maggie Thatcher vart statsminister, og - som om dette ikkje var nok - at Ronald Reagan vart president i 1981! Gode tider for satire, og ikkje minst for John Lloyd som skulle fortsetta med å skapa sitt herlige Spitting Image.

Resten er historie. Not ... skulle komma til å gå i fire sesongar, frå 1979 til 1982, med til saman 27 episodar. Showet vart  kjempepopulært, og når vi ser klipp i dag, ser vi at det faktisk har halde seg forbløffande godt, ikkje minst takka være ei lang rad av framifrå tekstforfattarar, med den kjente Clive Andersson i spissen. Du kan lesa heile lista på BBC sine nettsider.

Men kor vart det av Pamela?

Vi skal ikkje skriva så mykje om herrane Rowan, Mel og Griff (for eit navn!) akkurat her, men bare noken ord om Pamela Stephenson: Før Not... hadde ho deltatt i mange seriar i heimlandet, og etter kvart også i England. Ho hadde også prøvt seg på standup, uten å lika det særlig. Og sjøl om ho seinare skulle vera med på fleire andre program, var det utan tvil Not ...  som ho hovedsakelig er kjent for. Men midt på åttitalet vart ho lei heile greia. (Eller nesten, for ingen kjendisar  klarer visst å halda seg heilt borte frå rampelyset) Ho gifta seg med Billy Connolly og utdanna seg som psykolog med ein suksessrik karriere i Beverley Hills. Ho har også skrive bøker, både om sin egen karriere og om mannen.

Episodar på Komiklipp:

Foreløpig ikkje mange, men denne parodien på John McEnroe er ikkje verst!

LENKER

Not the Nine O'Clock News. (Wikipedia)
Not the Nine O’Clock News at 40: No longer exactly topical but still surprisingly funny.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

شاپرک خرسندی

Ifølge Shappi Khorsandi sjøl, så kjem stadig folk bort og spør "unnskyld, er du Omid Djalili?" (som vi presenterte i forrige post Ein stor tøysekopp ). Men den einaste likheten er at dei begge har iransk bakgrunn. Familien hennar forlot Iran etter den islamske revolusjonen sidan faren, satirikaren og poeten Hadi Khorsandi, hadde publisert eit dikt som var kritisk til det nye regimet. Alstå omtrent som å skriva bok om orangutangen i det kvite hus i dag. Ho driv fremdeles med komedie, men har sjølsagt gjort litt av kvart. Feks, har ho skrive fleire bøker, som "A beginners guide to Acting English", og ho var president i Humanists UK frå 2016 - 2018. Ho har opptrått på Live at the Apollo fleire gonger, og eg trur dette var den første: Shappi Khorsandi - Live At The Apollo . Shappi Khorsandi Live At The Apollo .

Kommunistkviss

Forrige post handla om SNL sitt Celebrity Jeopardy med Tom Hanks i fri dressur . Men no skal vi høyna kjendisfaktoren med Monty Python sin " Communist Quiz ", også referert til som "World_Forum". Denne sketsjen gjekk først på lufta den 15 desember 1970, og var då med i den tolvte episoden frå sesong 2 av Monty Python's Flying Circus. Men dette er bittelitt annan versjon frå Monty Python Live at the Hollywood Bowl , der Eric Idle er verten, Terry Jones spelar Marx, John Cleese er ein usedvanlig stille Lenin, mens Michael Palin er Che Guevara og Terry Gilliam ein gul Mao. Eg føler verkeleg med Lenin akkurat i denne sketsjen (men forøvrig vil eg ha meg frabedt samanlikning ...), sidan det ofte er slik eg føler meg på ein quiz. Vi har nok begge ein litt for nerdete tilnærming til fakta. Korfor skal ein kunna, og ikkje minst meina, det alle andre kan liksom? Teksten . Italiensk f...

Stugägare Kenneth Lindeman

Svenskane var velsigna med eit av dei store komikarpara gjennom alle tider, nemlig Hasse og Tage (Hans Alfredson og Tage Danielsson). Dei jobba saman frå sist på 1950-talet til Danielssons døydde i 1985, først i Sveriges Radio, seinare i revyar og filmar. Som sagt i forrige post ( One Leg Too Few ) var eit av formata den tøysete samtalen på lavt nivå. Ein gjengangar her var herr Lindeman . Hans Alfredson gjorde denne figuren utallige gonger på scenen. Grunnkonseptet var at Tage presenterte et dagsaktuellt tema, gjerne henta frå avisene, og gav Lindeman  eit yrke og eit fornavn (ofte Malte), som Hasse då improviserte over. Dei fleste av disse sketsjane fins bare med lydspor, som feks. Bigamisten Malte Lindeman . Dette var jo på den tid svenskane begynte å få betre råd, og hyttebyande skaut opp. Men ikkje alle hadde likevel råd til egen hytte, og då vart deling løysinga. Så også for hytteeig...