Gå til hovedinnhold

Tim Brooke-Taylor

Den 12 april fekk vi meldinga om at Tim Brooke-Taylor var død av Corona. Han er ikkje veldig godt kjent i Norge, men kondolansane strømma inn på nettet frå engelskmenn flest, og frå andre komikarar spesielt. Som ein liten hyllest til Tim, har eg funne fram denne snutten frå TV-serien Assaulted Nuts.



Tim Brooke-Taylor vart ein del av britisk komedie då han vart ein aktiv medlem av  Cambridge Footlights saman med John Cleese tidlig på 60-talet, og det tok ikkje lang tid før han fant seg sjøl i TV-show, som On the Braden Beat.

I 1967 vart Brooke-Taylor tekstforfattar og deltakar i den surrealistiske og banebrytande TVserien At Last the 1948 Show, også no med John Cleese. Dessuten var Graham Chapman og Marty Feldman med. Den opprinnelige "Four Yorkshiremen"- sketsjen (som er den første posten på Komiklipp) var skriven og utført av disse fire.

Brooke-Taylor var også med i David Frost sitt pilotprogram How to Irritate People i 1968. Mange av disse sketsjane vart seinare gjenoppliva (og forbedra) i Monty Python sitt show, slik som dette jobbintervjuet.

Av dei mange seriane som Brooke-Taylor deltok i bør nevnast TV-showet The Goodies, som gjorde han og medspelarane Graeme Garden og Bill Oddie til superstjerner på 70-talet. Og i 1972, var han saman med Garden, ein av dei opprinnelige paneldeltakarane på Radio 4 sin serie I’m Sorry I Haven’t a Clue, og dette var ein rolle han hadde resten av livet.

LENKER

Tim Brooke-Taylor: the Goodies star leaves a legacy, even without repeats.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

شاپرک خرسندی

Ifølge Shappi Khorsandi sjøl, så kjem stadig folk bort og spør "unnskyld, er du Omid Djalili?" (som vi presenterte i forrige post Ein stor tøysekopp ). Men den einaste likheten er at dei begge har iransk bakgrunn. Familien hennar forlot Iran etter den islamske revolusjonen sidan faren, satirikaren og poeten Hadi Khorsandi, hadde publisert eit dikt som var kritisk til det nye regimet. Alstå omtrent som å skriva bok om orangutangen i det kvite hus i dag. Ho driv fremdeles med komedie, men har sjølsagt gjort litt av kvart. Feks, har ho skrive fleire bøker, som "A beginners guide to Acting English", og ho var president i Humanists UK frå 2016 - 2018. Ho har opptrått på Live at the Apollo fleire gonger, og eg trur dette var den første: Shappi Khorsandi - Live At The Apollo . Shappi Khorsandi Live At The Apollo .

Kommunistkviss

Forrige post handla om SNL sitt Celebrity Jeopardy med Tom Hanks i fri dressur . Men no skal vi høyna kjendisfaktoren med Monty Python sin " Communist Quiz ", også referert til som "World_Forum". Denne sketsjen gjekk først på lufta den 15 desember 1970, og var då med i den tolvte episoden frå sesong 2 av Monty Python's Flying Circus. Men dette er bittelitt annan versjon frå Monty Python Live at the Hollywood Bowl , der Eric Idle er verten, Terry Jones spelar Marx, John Cleese er ein usedvanlig stille Lenin, mens Michael Palin er Che Guevara og Terry Gilliam ein gul Mao. Eg føler verkeleg med Lenin akkurat i denne sketsjen (men forøvrig vil eg ha meg frabedt samanlikning ...), sidan det ofte er slik eg føler meg på ein quiz. Vi har nok begge ein litt for nerdete tilnærming til fakta. Korfor skal ein kunna, og ikkje minst meina, det alle andre kan liksom? Teksten . Italiensk f...

Stugägare Kenneth Lindeman

Svenskane var velsigna med eit av dei store komikarpara gjennom alle tider, nemlig Hasse og Tage (Hans Alfredson og Tage Danielsson). Dei jobba saman frå sist på 1950-talet til Danielssons døydde i 1985, først i Sveriges Radio, seinare i revyar og filmar. Som sagt i forrige post ( One Leg Too Few ) var eit av formata den tøysete samtalen på lavt nivå. Ein gjengangar her var herr Lindeman . Hans Alfredson gjorde denne figuren utallige gonger på scenen. Grunnkonseptet var at Tage presenterte et dagsaktuellt tema, gjerne henta frå avisene, og gav Lindeman  eit yrke og eit fornavn (ofte Malte), som Hasse då improviserte over. Dei fleste av disse sketsjane fins bare med lydspor, som feks. Bigamisten Malte Lindeman . Dette var jo på den tid svenskane begynte å få betre råd, og hyttebyande skaut opp. Men ikkje alle hadde likevel råd til egen hytte, og då vart deling løysinga. Så også for hytteeig...