Gå til hovedinnhold

Ikkje rare greiene

Eg legg no ut eit klipp som ikkje egentlig høyrer heime her. For det første fordi det ikkje er i nærheten av å vera morsomt og for det andre fordi det grenser opp mot både rasisme og sexisme. Så kanskje du må sjå på dette som eit debattinnlegg.

For litt sidan la eg ut posten Ikkje snakk om krigen!  som handlar om ein episode frå Fawlty Towers som vart kritisert for rasisme. Og eg kan forstå ka kritikarane meiner, for det er ikkje alltid greit å la ein karakter ausa ut rasistiske og hatefulle ytringar. Når er det egentlig greit? For å svara på det må ein sjå på både på konteksten og hensikten. I tilfellet Fawlty Towers, så hadde vi ein gjennomgåande karakter (Major Gowen) som var både senil og rasistisk. Og (meiner eg) det var tydelig at det var majoren sjøl som vart gjort til latter. Majoren var ein latterlig type med latterlige meiningar. Serien er derfor langt frå rasistisk, snarare tvert om. Så dette er greit, meiner eg.

Men hvis vi no samanliknar med dette klippet så er det langt meir problematisk. Her sit Dag Frøland og Arve Opsahl (som seg sjøl, eller i rolle? - det er ikkje lett å skilja) og serverer det som i dag framstår som plattheter på innvandrarar og andre sin bekostning. Og det var dette som var "revykongen" Dag Frøland sin "humor": å gjera narr av folk. Og publikum ler då ikkje av Frøland, men dei ler av dei som teksten hans er retta mot. Eg syns at denne sketsjen spelar opp til* rasistiske og sexistiske fordommar. Derfor er ikkje dette greit. Men det var jo dette vi hadde på seksti- og syttitalet: Ikkje rare greiene. Så eg legg det ut til skrekk og advarsel.



* Bare for å vera tydelig: Eg anklagar ikkje hverken Frøland eller Opsahl for å vera rasistar, men at dei (med vitande vilje?) serverer plattheter som rasistane syns er morsomt.

Kommentarer

  1. Midt i blinken, Gunnar! Har tenkt mye på den problemstillingen i det siste.
    Og mine tanker går i akkurat samme baner som dine. Å fremstille rasisme i form av holdninger til roller (enten det er i litteratur, film eller annet), og enten det er humor eller ikke, må være legitimt. Som du skriver, det er de som kommer med ytringene som henges ut.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

شاپرک خرسندی

Ifølge Shappi Khorsandi sjøl, så kjem stadig folk bort og spør "unnskyld, er du Omid Djalili?" (som vi presenterte i forrige post Ein stor tøysekopp ). Men den einaste likheten er at dei begge har iransk bakgrunn. Familien hennar forlot Iran etter den islamske revolusjonen sidan faren, satirikaren og poeten Hadi Khorsandi, hadde publisert eit dikt som var kritisk til det nye regimet. Alstå omtrent som å skriva bok om orangutangen i det kvite hus i dag. Ho driv fremdeles med komedie, men har sjølsagt gjort litt av kvart. Feks, har ho skrive fleire bøker, som "A beginners guide to Acting English", og ho var president i Humanists UK frå 2016 - 2018. Ho har opptrått på Live at the Apollo fleire gonger, og eg trur dette var den første: Shappi Khorsandi - Live At The Apollo . Shappi Khorsandi Live At The Apollo .

Kommunistkviss

Forrige post handla om SNL sitt Celebrity Jeopardy med Tom Hanks i fri dressur . Men no skal vi høyna kjendisfaktoren med Monty Python sin " Communist Quiz ", også referert til som "World_Forum". Denne sketsjen gjekk først på lufta den 15 desember 1970, og var då med i den tolvte episoden frå sesong 2 av Monty Python's Flying Circus. Men dette er bittelitt annan versjon frå Monty Python Live at the Hollywood Bowl , der Eric Idle er verten, Terry Jones spelar Marx, John Cleese er ein usedvanlig stille Lenin, mens Michael Palin er Che Guevara og Terry Gilliam ein gul Mao. Eg føler verkeleg med Lenin akkurat i denne sketsjen (men forøvrig vil eg ha meg frabedt samanlikning ...), sidan det ofte er slik eg føler meg på ein quiz. Vi har nok begge ein litt for nerdete tilnærming til fakta. Korfor skal ein kunna, og ikkje minst meina, det alle andre kan liksom? Teksten . Italiensk f...

Stugägare Kenneth Lindeman

Svenskane var velsigna med eit av dei store komikarpara gjennom alle tider, nemlig Hasse og Tage (Hans Alfredson og Tage Danielsson). Dei jobba saman frå sist på 1950-talet til Danielssons døydde i 1985, først i Sveriges Radio, seinare i revyar og filmar. Som sagt i forrige post ( One Leg Too Few ) var eit av formata den tøysete samtalen på lavt nivå. Ein gjengangar her var herr Lindeman . Hans Alfredson gjorde denne figuren utallige gonger på scenen. Grunnkonseptet var at Tage presenterte et dagsaktuellt tema, gjerne henta frå avisene, og gav Lindeman  eit yrke og eit fornavn (ofte Malte), som Hasse då improviserte over. Dei fleste av disse sketsjane fins bare med lydspor, som feks. Bigamisten Malte Lindeman . Dette var jo på den tid svenskane begynte å få betre råd, og hyttebyande skaut opp. Men ikkje alle hadde likevel råd til egen hytte, og då vart deling løysinga. Så også for hytteeig...