Gå til hovedinnhold

Innlegg

Store meloner

Nu skal vi ha litt 'Allo 'Allo! Denne sitcomen gjekk frå 1982 til 1992 og handlar om den franske kafeeigaren René Artois og alt det som foregår i kafeen hans under andre verdenskrig. Her jobbar mellom anna den svært så imøtekommande Yvette Carte-Blanche som, av uforståelige grunnar, er ute etter René, til tross for at kona hans Edith også jobbar der. Dessuten opptrer ei rad uforgløymelige karakterar som politimann ("Goodmoaning!") Crabtree , den påtagelig homofile løytnant Huber Gruber , Roger ("it is I") LeClerc , kaptein Hans Geering , Michelle (of the Resistance) Dubois og andre. Det å beskriva denne sketsjen er omtrent det same som å oppsummera heile serien. Men det er jo egentlig ikkje så vanskelig. Så here goes: Vi møter Herr Otto Flick (Richard Gibson) frå Gestapo, og hans assist Engelbert* von Smallhausen (John Louis Mansi). Herr Flick er stadig veldig opptatt av å finna ...

Opera Borge

Dei som er gamle nok, og interessert i slikt, vil huska Victor Borge . Dåke andre har gått glipp av nåke. Så la oss bøta på det, her og no. Borge var ein dansk humorist og pianist som gjorde karriere med å miksa disse to kunstartane. Han begynte som konsertpianist men det glei etter kvart over i stand up. Og det ganske bokstavelig sidan han sit svært lite i ro ved klaviaturet. Som jøde, fant han det best å rømma fedrelandet i 1940 og kom seg til USA. Der gjorde han karriere med sine einmansshow. Han hadde likevel ofte med seg ein sopran han kunne mobba , eller ein fløytespelar som han kunne driva til vanvidd, slik han gjer med den danske fløytisten Michala Petri . Men i det klippet som eg har valgt ut her er han åleine. Men likevel framfører han - når han omsider kjem til saken - ein heil liten opera av den danske komponisten Hans Christian Mozart.

Inne i mannens hove

Forrige post Hellas - Tyskland 1972 , handla om fotball. Og det er sjølsagt mange standopparar som brukar det i sitt materiale. Ein av disse er John Bishop som sjøl spelte halvprofesjonelt for klubbar som Southport, Hyde United og Winsford United. Det du ellers treng vita om John Bishop er at han er ein ekte scouser *. Han er fødd og (delvis) oppvaksen i Liverpool, og dermed sjølsagt også Liverpoolsupporter på sin hals. Men no bur han i Manchester og har fått ein son som er "blandingsrase" sidan mora er av ManU-rasen. Så du kan tenkja deg kor vanskelig det var då den ungen mannen ville ha ManU-trøye! Men det ordna seg ... I dette klippet forklarar John Bishop litt av det som foregår inne i mannes hove når han går på fotballkamp, og sjøl om han er skalla og godt oppe i åra, fremdeles er iført drakta: * Ein av forklaringane på dette ordet er at Liverpoolianarane et det dei kallar lobscouse , ...

Hellas - Tyskland 1972

Vi som har levd ei stund huskar med glede den brasilianske fotballspelaren Sócrates . Men her skal vi møta den verkelege Sokrates som midtspiss i den vidgjetne fotballkampen* mellom dei greske og dei tyske filosofane på Olympiastadion i München i 1972. På dette knallsterke greske laget # hadde Sokrates med seg Platon, Epiktetus, Aristoteles, "Chopper" Sofokles, Empedokles, Plotin, Epikur, Heraklit, Demokrit , og Arkimedes . Mot disse stilte tyskarane med følgande lag: Gottfried Leibniz, Immanuel Kant, Georg "Nobby" Hegel, Arthur Schopenhauer, Friedrich Schelling, Franz Beckenbauer ("bit of a surprise there"), Karl Jaspers, Karl Schlegel, Ludwig Wittgenstein, Friedrich Nietzsche og Martin Heidegger. ( Marx kom inn for Wittgenstein på slutten). Hvis du ikkje huskar resultatet, så skal vi ikkje røpa det, bare sei at det var spenning til siste minutt: * Dette ...

Gjensyn med Jerry

Jerry Seinfeld har ikkje lege heilt på latsida sidan showet Seinfeld slutta i 1998. Etter ti års arbeid med serien gjorde han først ein turne 1998 kalla I'm Telling You for the Last Time . Men sjøl om vi frykta at dette verkelig var den siste gongen, så har han heile tida putla med ting. For eksempel starta han i 2012 webserien Comedians in Cars Getting Coffee , der han i kvar episode tar med ein kjent komikar i bilen og snakkar tull.  Mange av gjestene er folk som naturlig høyrer heime på komiklipp, som Dave Chappelle, Eddie Murphy, Steve Martin, Tina Fey, Chris Rock, Mel Brooks og Jerry Lewis. Serien går no på Netflix, og kan anbefalast! Men det var med stand up det begynte, og her er han på The Late Show with Stephen Colbert, og gjer det han kan best, nemlig å snakka om holet i smultringane og liknande:

Tenåringen Kevin

Harry Enfield er nok ikkje så kjent for tida. Men på nittitalet, då han slo gjennom, var han hot. På eit blunk gjekk han frå å vera ein deltids melkemann til å vera ein av Englands mest populære komikarar. Med show som Harry Enfield's Television Programme og Harry & Paul, nådde han over 13 millionar sjåarar i veka. Så forsvant han plutselig, meir eller mindre, frå skjermen, og deretter gjekk det bortover og bortover. Men i dag, dvs. så snart koronaen gir han lov, er han igjen på veien. Ka meir bør vi sei om Harry Enfield? Jo - han elskar opera! Dei som har sett Griff Rhys Jones sin vidunderlige John McEnroe , vil også kjenna igjen Harry Enfield sin karakter Kevin the Teenager . Og slik mange av oss(?) kan kjenna oss igjen i McEnroe sin oppførsel, slik kjenner også Enfield seg igjen i Kevin. "Eg  var eit snillt barn, men som tenåring var eg ganske forferdelig ... Eg var avgjort mykje verre enn K...

Dara spelar data

Forrige post, Agnes in a sticky situation , var reinspikka underbuksehumor. Og det trengs jo i kvardagen! Men vi treng også intelligent humor. Så derfor foreskriv eg no ein god dose med Dara Ó Briain .

Agnes in a sticky situation

Her kjem ein ny post frå våre abonnentar. Den er frå Ruth Johanne Stokkedal , som var utfordra av Margrete Rugtveit. (Som sende inn Steve Jobs på Madtv ). Ruth skriv: Då eg overtok stafettpinnen, var Mrs. Brown's Boys the første eg tenkte på. Det er ein engelsk sit-com laga av Brendan O'Carroll som og spelar hovudrolla som Agnes Brown. Han er heilt fantastisk! Resten av gjengen i serien er nære vener og familiemedlemmar. Det heile starta rundt 1990, men på fjernsynet frå 2012. Det er berre å håpe at det kjem fleire program og filmar med denne gjengen her. Veit ikkje kor barnevennleg dette er, men sidan det ikkje er teksta, bør det vel gå greitt. Her har eg valt ein av favorittepisodane mine, og då vil eg sitere reaksjonen til Gunnar*: - Agnes! It says here that you need a visa to enter Jordan - Jesus, she's gettin fuzzy Nyt! * Gunnar har også funne ut a...

Lynkurs i MySpace

Forrige klipp ( The Roxbury Guys ) var frå showet Saturday Night Live . Og mange av dei beste amerikanske komikarane har vore innom der. Så også Julia Louis-Dreyfus , kanskje best kjent som Elaine i Seinfeld. Ho jobba i den faste staben i SNL frå 1982 til 1985 saman med ei rekkje prominente komikarar, som Eddie Murphy og Jim Belushi . Det var også her ho møtte Larry David , som seinare skapte serien Seinfeld saman med Jerry Seinfeld. Eg fant ingen klipp frå SNL frå hennar første fase som var over middels. (Bare kom med tips). Men eg har funne ein artig liten sak frå episode 18 av sesong 31 * frå 2006 der Julia var vert. Her er ho på kurs saman med ein gjeng middelaldrande menn for å læra å bruka MySpace, og du kan muligens tenkja deg korleis det går: * Her kan du sjå holdet frå serie 31 , og vi kan feks. kjenna igjen læraren som  Andy Samberg som er ofte å sjå på TV i Brooklyn ...

The Roxbury Guys

Vi hadde ein snutt med Jim Carrey i forrige post ( Utsøkt galskap ), men eg kan ikkje dy meg og legg ut ein til. Den handlar om The Roxbury Guys* , som var ein repeterande (på fleire måtar) sketsj som gjekk på Saturday Night Live . Den handlar om to brødre ved navn Doug ( Chris Kattan ) og Steve Butabi ( Will Ferrell ) i sin uendelige søken etter fest og damer. Varemerket til Roxbury-gutane var slenging med hovet til musikken av den store dance-hiten frå 1993 av Haddaway, "What Is Love?". Som regel var det med eit tredje medlem av gjengen (kalla "Barhop"). Denne rollen vart spelt av verten for showet den aktuelle veka, som feks. Tom Hanks, Martin Short, Alec Baldwin, Steve Martin, Jack Nicolson og Sylvester Stallone . (Her er noken klipp ) Denne versjonen med Jim Carrey , er den mest populære. Vi møter gjengen i drosjen på vei til "byen": * Roxburygutane vart skapt av Ferr...