Gå til hovedinnhold

Innlegg

Musisk* moro

Eg visste ikkje kem denne David O'Doherty var før hin dagen då eg slo på Live at the Apollo. Då såg eg denne gig-tingen du no skal sjå. Og eg vart veldig sjarmert av denne godslige,  smårunde moromannen som akkompagnerer sine egne vitsar med sin elektriske speledåse med ferske batteri. David er irsk, som du kanskje gjetta pga denne O'en. Når du ser nettsida hans (veldig low-tech), og les hans egen biografi (uncomfortablywritten in the third person) så kan det virka som at han ikkje tar noke seriøst. Noke som tyder på at det er nettopp det han gjer. Han er, som mange av disse folka, mangsyslar. Skriv bøker og lagar rare ting som 100 facts About Pandas . Å døma etter bioen hans, så slutta han med oppstandelse i 2014, men det er vel heller slik at han ikkje har gidda å oppdatera den - eller hatt tid. For på sida med planlagte gigs , så er det masse. Antagelig er mange av dei utsett akkura...

Women: Know Your Limits!

Harry Enfield & Chums er eit sketsj-show med blant andre Harry Enfield og Paul Whitehouse . Vi har allerede møtt ein av karakterane, nemlig Kevin The Teenager ( Tenåringen Kevin ). Her møter vi ein annan: newsreel (filmavis)-opplesaren Miles Chomondley-Warner, som tar opp aktuelle saker som er viktige for å halda oppe verdiane til det britiske imperiet. Disse filmane bidrar til almuens dannelse ved å gi råd om feks. å gi gin til ungane for å sikra ei god natts søvn. I dette klippet, som er ynskt av kollega  Odrun Misje, gir han ikkje mindre viktige råd om korleis kvinner bør oppføra seg i selskapslivet. Dei to herrane som diskuterer politikk blir spelt av Enfield og Whitehouse, mens dama som trakkar uti og trur ho kan noke blir spelt av Carla Mendonça (så vidt eg kan sjå).

Fey for president!

"Palin for President!" var mitt slagord i 2008. Og då meinte eg sjølsagt Michael Palin i Monty Python. Men, som vi veit, var han dessverre ikkje valgbar i Junaiten. Det var derimot Sarah Palin. Av ulike årsaker (for det meste fordi ho var litt tett) så var ho veldig lett å parodiera. Og på eit tidspunkt gjorde Tina Fey dette til meir eller mindre sitt levebrød, ein periode. Så her er ein god del å ta av, og derfor blir det tre klipp i dag. Så kan det henda at ikkje alt som blir tillagt Palin kjem frå henne. ("I can see Russia from my house") Men hallo, ingen røyk uten ild!  I første klippet [frå Saturdy Night Live, sesong 34, 2008] ser vi Katie Couric (Amy Poehler) intervjua Sarah Palin (Tina Fey) for å snakka om turen hennar til New York, besøket hos FN der ho møtte verdens leiarar, og hennera syn på utenrikspolitikken mellom Alaska og Russland: I det neste klippet [Fremdeles SNL, f...

Dreyfus hos tannlegen

The Pink Panther Strikes Again del 2. Vi har alt sett fleire eksempel på at inspektør Clouseau (Peter Sellers) er meir enn gjennomsnittlig glad i forkledningar. ( Sjå An old salty swedish sea dog ). Og når han forkler seg, gjer han jobben grundig! I dette klippet frå The Pink Panther Strikes Again frå 1976 agerer inspektøren tannlege. Som vi høyrte i The Pink Panther Strikes Again del 1 , er sjefsinspektør Charles Dreyfus, (Herbert Lom) blitt drive til galskap av Clouseau, og no truar han alle verdens land med utsletting ved hjelp av eit massivt laservåpen, med mindre dei tar livet av Clouseau for han. Dreyfus oppheld seg i eit slott i Bavaria, og dit drar også vår helt for å skaffa seg eit rom: Deretter gjer Clouseau fleire forsøk på å komma seg inn på slottet: Tilbake på hotellet får han tilfeldigvis høyra at hans galne sjef har tannverk. Dermed forkler han seg som den eldre landsbytannlegen Dr. ...

Forhøyret

The Pink Panther Strikes Again del 1. Sidan det er bursdagen min i dag, så vil eg feira med det morsommaste klippet eg har sett - muligens minst like morsomt som det eg starta bloggen med ( Fire Yorkshiremenn ). Klippet er frå The Pink Panther Strikes Again frå 1976. Som bonus får du i dag ikkje mindre enn to klipp. Forhistorien Inspektør Clouseau (Peter Sellers) er blitt sjef for Sûreté etter at hans tidligare sjef, Charles Dreyfus, (Herbert Lom) har  blitt drive til galskap av Clouseau i forrige film The Return of the Pink Panther . No er han i ferd med å sleppa ut frå mentalsjukehuset etter å ha fått kontroll over sitt høgst forståelege raseri mot inspektøren. Men eit sjebnesvangert besøk frå vår inspektør, gjer at han ikkje uventa får tilbakefall. Og her får vi brekrefta at ein teaterrekvisitt aldri blir liggjande ubrukt! Atentatet Som venta klikkar det igjen for Dreyfus, Men han k...

Konkurransen

Denne gongen blir det meir bilder enn ord. Alle som har sett denne Seinfeld-episoden* "The Contest", vil huska at den handlar om eit veddemål om kem som kunne halda seg lengst uten å .... , vel, gjera "det". Slik gjekk det: 1) Forspillet 2) Kramer er ute 3) Elaine er ute 4) Jerry er ute Alle ute? Så då var det altså George som vant konkurransen ?!? Naaah... I førsten såg det riktignok slik ut, men i den siste episoden av Seinfeld, innrømmer George at han, typisk nok, hadde juksa, og at det faktisk var Jerry som vant. "Korfor juksa du", spør Jerry i finalen. “Because I’m a cheater.” svara George. * Dette er episode nr. elleve i sesong fire. Den gjekk på lufta den 18 november 1992. Funfacts Som meldt tidligare vart Lucille Ball sin sketsj "Lucy Does a TV Commercial" (Sjå Vitameatavegamin ) ranka som nr 2 i  TV Guide's 100 Greatest Episodes of All-Time...

Vitameatavegamin

Dagens unge anar sjølsagt ikkje kem Lucille Ball var. Men ho var verkelig stor på femtisekstisøttitalet med TV-seriane I Love Lucy (1951–1960), The Lucy Show (1962–1968) og Here's Lucy (1968–1974), som også var populære i Norge. Vi har alt møtt ho i posten Speilrutinen x 2 . Lucille var ei festlig dame med futt og fart og knallrødt hår. Dette siste oppdaga eg først etter at farge-TVen kom. Eg huskar spesielt denne sketsjen i svart-kvitt frå 1952 (Eg har nok sett det i reprise mange år seinare) der ho skal reklamera for vidunderdrikken Vitameatavegamin . Denne sketsjen kallast som regel "Lucy Does a TV Commercial" , og fins i mange versjoner. Men dette er den eg fant med best kvalitet. Den har kutta bort vesentlig informasjon frå begynnelsen, nemlig at vitameatavegamin består av vitaminer, kjøtt, grønnsaker og mineraler. Og i tillegg 23 % alkohol ... Funfacts I 1997 rangerte de...

Helpdesken

Denne nettstaden skal ikkje bare (as if!) vera for den nye vinen (eller Pepsien for meg) men også i stor grad* for dei store klassikarane. Og ein sketsj som vart ein instant classic var Øystein Bache og Rune Gokstad sin "helpdesk". Dette radarparet har mora oss som Bachstadgutane (det er dei), med show som Øystein og meg , og so burtetter. Her ser vi dei i eit direkte opptak frå middelalderen, der munk Gokstad søkjer hjelp av munk Bache med den tids informasjonsteknologi. * Hvis du syns det blir for mykje med gamlisane, så er det bare å senda inn lenker! Funfacts: Teksten er skriven av Knut Nærum . Helpdesken vart kåra til verdens morsomste tech-video av Computerworld.com . På andre plass i samme kåringen kom sketsjen om Steve Jobs som vi alt har presentert her. ( Steve Jobs på Madtv )

Franske fornærmelsar

Fornærmelsar er ikkje nødvendigvis så morsomme. Dessverre er det ein god del komikarar som ikkje har innsett dette. Men dei kan vera morsomme. Eit godt eksempel i så måte er denne scenen frå Monty Python sin film Monty Python and the Holy Grail , som på norsk, av ein grunn bare dei innvidde i oversettarlauget kan forstå, heiter "Monty Python og ridderne av det runde bord". I denne scenen har vår helt kong Arthur og hans følge kome til eit slott som er bebodd av underlige franskmenn. På anrop frå Arthur dukkar den franske representanten opp over muren, og kan fortelja at dei alt har ein gral, og at dei slett ikkje har til hensikt å sleppa Arthur og gjengen inn på slottet. Arthur blir ikkje særlig glad for dette og vil angripa. Som motsvar får han då ein tirade med dei saftigaste fornærmelsar, og deretter ein særdeles original beskytning. Etter dette hoppar klippet til slutten av filmen der Arthur og hans s...

My hovercraft is full of eals*

På tide med litt godteri for dei språkinteresserte. Vi har jo alt fått ein latinleksjon frå Monty Python ( Romanes Eunt Domus ). No skal vi få ein i ungarsk. Denne berømte sketsjen handlar om den ungarske turisten ( John Cleese ) som kjem inn i tobakkbutikken (til tobakkhandlar Terry Jones ) for å handla nødvendigheter. Sidan han ikkje er så bevandra udi det engelske språk, konverserer han forsøksvis ved hjelp av ei ordbok. Problemet er at denne ikkje er heilt på det nivået ein skulle forventa av slike bøker # . Til slutt blir ungararen rimeligvis henta av ein årvåken politimann ( Graham Chapman ). * Den gong eg var på CERN sin sommarskule, der det var samla eit anselig antal ungdomar frå heile Europa, spanderte vi ei ikkje ubetydelig mengde tid på å oversetja denne frasen til så mange språk vi klarte. No ser eg at andre også har sysla med dette. Her ser du resultatet . # Det vi ikkje får sjå i d...