Gå til hovedinnhold

Innlegg

Har du koskräck?

Ein populær figur på åttitalet, både i Sverige og Norge var Lasse Brandeby sin karakter Kurt Olsson som med karakteristisk Elvis-sveis og storruta jakke hadde sitt eige lille tvselskap Kurt Olssons television , som sende frå svigermora si kolonihytte. Med sin kompis Arne (Hans Wiktorsson) bak kamera, og eit dameorkester i stova, kjørte dei på med utrangerte hits frå tidlig sekstital med Siw Malmkvist og Lill-Babs. Men det mest populære innslaget var nok kjendisintervjua han gjorde frå ein kjempesofa på taket av ein møbelbutikk*.  Han innleda alltid med å spørja om vedkommande hadde kuskrekk, og veldig mange vil fremdeles huska hans uforliknelige intervju den legendariske (persen på 2.42 var verdensrekord i 1986, og er fremdeles europarekord. Han er bare slått av ein mann, kubaneren Javier Sotomayor) svenske  høgdehopparen Patric Sjöberg . Eg klarte ikkje embedda dette klippet, men du kan sjå det her p
Nylige innlegg

Ikkje rare greiene

Eg legg no ut eit klipp som ikkje egentlig høyrer heime her. For det første fordi det ikkje er i nærheten av å vera morsomt og for det andre fordi det grenser opp mot både rasisme og sexisme. Så kanskje du må sjå på dette som eit debattinnlegg. For litt sidan la eg ut posten Ikkje snakk om krigen!   som handlar om ein episode frå Fawlty Towers som vart kritisert for rasisme. Og eg kan forstå ka kritikarane meiner, for det er ikkje alltid greit å la ein karakter ausa ut rasistiske og hatefulle ytringar. Når er det egentlig greit? For å svara på det må ein sjå på både på konteksten og hensikten. I tilfellet Fawlty Towers, så hadde vi ein gjennomgåande karakter (Major Gowen) som var både senil og rasistisk. Og (meiner eg) det var tydelig at det var majoren sjøl som vart gjort til latter. Majoren var ein latterlig type med latterlige meiningar. Serien er derfor langt frå rasistisk, snarare tvert om. Så dette er

Røykestopp med Dirch Passer

Nok ein klassisk sketsj, denne gong med danske Dirch Passer . Ein kan kanskje sei at med eit utsjåande som hans, så var det komikar han måtte bli. Hans eineste seriøse rolle på teateret var i 1961, der han spelte den tilbakeståande Lenny i Mus og menn av John Steinbeck. Men på det tidspunkt var hans image som komikar så grunnfesta, at folk brast i latter, så snart han viste seg på scenen. Passer skal ha tatt seg nær av dette, og forestillingen stoppa etter 11 framføringar. Passer spelte inn omkring 100 filmar med blanda mottakelse frå kritikarane, men han var elska av publikum. Ofte var Passers navn med størst skrift på plakaten, også når han bare hadde ein liten rolle. Men det var som revyartisk han slo gjennom, og dette er eit typisk revynummer som Dirch Passer har gjor mange gonger*. * Her kan du sjå same sketsjen på dansk saman med ein dansk konfirmant med slike latterlige bukser som vi gjekk i på den

Oslolosen

Før Harald Eia vart seriøs og faktaorientert, så var han Norges morsommaste mann. Det er nok å nevna "Lille lørdag", "Åpen post", "Uti vår hage", "Team Antonsen" og "Tre brødre som ikke er brødre", så vil veldig mange kunna ramsa opp sketsjar og sitera morsomheter frå Eia og hans medkomediantar. Ein av hans beste karakterer er Oslolosen, eller Kjell Aronsen, som sjøl hevdar at han er ein sertifisert guide for Oslo. Ifølge statuttane (seier Aronsen) skal det "værra en person som er unnfanga, født, oppvokst – samt misbrukt – i indre Oslo by". Men kvaliteten på hans "fakta" er høyst diskuterbare. For eksempel hevdar han at Akerselva tidligare rann oppover, då den vart skubba av15-20 mann med lange stakar, eller stag. Fleire eksempel kan du finna på lokalhistoriewiki.no . Oslolosen vart lansert i TV-programmet Uti vår hage 2 , og i dette klippet se

Zelig

Det er kanskje ikkje heilt PK å komma drassande med Woody Allen i dag. Men bare husk at fordi om ein liker eit kunstverk, så betyr ikkje det at ein støtter kunstnaren i ett og alt. Så dette handlar alstå om filmen Zelig, som er ein mockumentary frå 1983, der Woordy Allen sjøl spelar hovedrollen. Kem var egentlig Leonard Zelig? Etter egen oppfatning var han ingen - eit null. Men han er desperat etter å bli likt, så han tilpassar seg etter omgivelsane - i ein ekstrem grad ... I denne sekvensen fekk vi altså vita at Zelig opptrådde som Pagliacci. Og eg syns dette minnar om Clouseau sine forkledningar. (Sjå feks. An old salty swedish sea dog ). Men uansett har eg ein sterk mistanke om at Woody Allen har blitt inspirert både av Peter Sellers sjøl, og hans mange filmkarakterer. I neste sekvens får vi litt meir info om Zelig sin bakgrunn: Her fekk vi treffa Dr. Eudora Fletcher ( Mia Farrow ) som fatta interesse

Spitting Image: Reagan

Den satiriske TV-serien Spitting Image , som gjekk på ITV frå 1984 til 1996 vart ein stor suksess for kanalen. Programserien var basert på karikaturdokker laga av Peter Fluck, Roger Law og  and Martin Lambie-Nairn. Disse dokkene var karikaturar av politikarar og kjendisar. Noken av gjengangarane var dei engelske statsministrane Margaret Thatcher og John Major, den amerikanske presidenten Ronald Reagan og ikkje minst den engelske kongefamilien. Showet hadde ein stor gjeng med komikarar og skuespelarar som var stemmene til disse. Noken av disse har vi også møtt på komiklipp, som Harry Enfield ( Tenåringen Kevin - Women: Know Your Limits! ) og Jon Culshaw ( Ein stor tøysekopp - A misoverestimated man ). Andre, som John Thomson og Steve Coogan (Alan Partridge) bør kanskje på? Programmet samarbeida også med fleire kjente musikarar, som Phil Collins og Sting . Sistnevnte

A misoverestimated man

Eg likar godt parodiar. Noken gonger blir folk parodiert fordi dei er morsomme eller spesielle, andre gonger bare fordi dei fortener å bli gjort til latter. Og det siste gjeld spesielt samtlige av dei amerikanske presidentane i moderne tid. Vi har alt hatt Tina Fey sin glitrande parodi på Sarah Palin ( Fey for president ) og Alec Baldwin sin like gode av Trump ( Baldwin for president ). No skal vi sjå litt nærmare på George Bush den vetle, dvs. jr. Han blir parodiert både fordi han er morsom, og fordi han fortener det. Denne mannen er jo lett å "ta" for hans utallige " Bushismar ", Han kan sei slikt som "They misunderestimated me" og "Rarely is the question asked: Is our children learning?" , men benektar likevel at han dysleksi. Det kan jo henda at han ikkje veit ka det betyr? Men om det bare var talefeil som var Bush sitt problem, så skulle vi (kanskje) l

شاپرک خرسندی

Ifølge Shappi Khorsandi sjøl, så kjem stadig folk bort og spør "unnskyld, er du Omid Djalili?" (som vi presenterte i forrige post Ein stor tøysekopp ). Men den einaste likheten er at dei begge har iransk bakgrunn. Familien hennar forlot Iran etter den islamske revolusjonen sidan faren, satirikaren og poeten Hadi Khorsandi, hadde publisert eit dikt som var kritisk til det nye regimet. Alstå omtrent som å skriva bok om orangutangen i det kvite hus i dag. Ho driv fremdeles med komedie, men har sjølsagt gjort litt av kvart. Feks, har ho skrive fleire bøker, som "A beginners guide to Acting English", og ho var president i Humanists UK frå 2016 - 2018. Ho har opptrått på Live at the Apollo fleire gonger, og eg trur dette var den første: Shappi Khorsandi - Live At The Apollo . Shappi Khorsandi Live At The Apollo .

Ein stor tøysekopp

Og no over til ein stor tøysekopp: Omid Djalili. Skal ein dømma etter språket hans på mange opptredenar, så er han innvandrar. Men mannen er faktisk født i Chelsea i London, og gjer seg bare til! Men sidan han har iranske foreldre og har studert engelsk og teater, så har han mykje stoff til sin stand up. Så det blir mykje tøys med språk, kultur og etnisitet. Og han er heller ikkje redd for å tøysa med andre kulturar og språkgrupper. Dei som føljer han på Twitter fekk ganske nylig bevis for dette då han la ut bildet under med følgande kommentar: "There are worse things than being Welsh, dyslexic & having a terrible stutter. But not many" * Denne tweeten fekk ein del kritikk frå walisarar. Dei sa at det var uoriginalt og respektlaust. Men Djalili nekta å be om unnskyldning, og mange andre walisarar meinte også at dette måtte dei tåla. Og alle som har sett og opplevd engelsk humor veit at det e

Nabil Abdulrashid

Ingen skal komma og påstå at ikkje komiklipp er oppdaterte og aktuelle! Her slår vi til med eit klipp frå årets pågåande Britain's Got Talent med Nabil Abdulrashid . Men Nabil er på ingen måte ein nykommar, For eksempel var han som 22-åring (i 2010) den yngste svarte komikaren som gjorde stand-up på Hammersmith Apollo. Og saman med Pardis Parker vant han konkurransen "Which Religion Is Funniest?", der dommarane var ikkje ukjente David Baddiel og Omid Djalili . Deretter fekk han opptre på premieren til filmen deira The Infidel . Det viste seg at den morsommaste religionen var Islam. Dette handla aldeles ikkje om å gjera narr av religion, men var ei høyst useriøs kåring av ka religionsbakgrunn som produserte mest og best komedie. Mange ville kanskje tru at det var jødedomen, men det er sikkert at det fins mange gode muslimske standupparar. Og Nabil er ein av disse. Som klippet viser