Gå til hovedinnhold

Innlegg

Zelig

Det er kanskje ikkje heilt PK å komma drassande med Woody Allen i dag. Men bare husk at fordi om ein liker eit kunstverk, så betyr ikkje det at ein støtter kunstnaren i ett og alt. Så dette handlar alstå om filmen Zelig, som er ein mockumentary frå 1983, der Woordy Allen sjøl spelar hovedrollen. Kem var egentlig Leonard Zelig? Etter egen oppfatning var han ingen - eit null. Men han er desperat etter å bli likt, så han tilpassar seg etter omgivelsane - i ein ekstrem grad ... I denne sekvensen fekk vi altså vita at Zelig opptrådde som Pagliacci. Og eg syns dette minnar om Clouseau sine forkledningar. (Sjå feks. An old salty swedish sea dog ). Men uansett har eg ein sterk mistanke om at Woody Allen har blitt inspirert både av Peter Sellers sjøl, og hans mange filmkarakterer. I neste sekvens får vi litt meir info om Zelig sin bakgrunn: Her fekk vi treffa Dr. Eudora Fletcher ( Mia Farrow ) som fatta interesse ...

Spitting Image: Reagan

Den satiriske TV-serien Spitting Image , som gjekk på ITV frå 1984 til 1996 vart ein stor suksess for kanalen. Programserien var basert på karikaturdokker laga av Peter Fluck, Roger Law og  and Martin Lambie-Nairn. Disse dokkene var karikaturar av politikarar og kjendisar. Noken av gjengangarane var dei engelske statsministrane Margaret Thatcher og John Major, den amerikanske presidenten Ronald Reagan og ikkje minst den engelske kongefamilien. Showet hadde ein stor gjeng med komikarar og skuespelarar som var stemmene til disse. Noken av disse har vi også møtt på komiklipp, som Harry Enfield ( Tenåringen Kevin - Women: Know Your Limits! ) og Jon Culshaw ( Ein stor tøysekopp - A misoverestimated man ). Andre, som John Thomson og Steve Coogan (Alan Partridge) bør kanskje på? Programmet samarbeida også med fleire kjente musikarar, som Phil Collins og Sting . Sistnev...

A misoverestimated man

Eg likar godt parodiar. Noken gonger blir folk parodiert fordi dei er morsomme eller spesielle, andre gonger bare fordi dei fortener å bli gjort til latter. Og det siste gjeld spesielt samtlige av dei amerikanske presidentane i moderne tid. Vi har alt hatt Tina Fey sin glitrande parodi på Sarah Palin ( Fey for president ) og Alec Baldwin sin like gode av Trump ( Baldwin for president ). No skal vi sjå litt nærmare på George Bush den vetle, dvs. jr. Han blir parodiert både fordi han er morsom, og fordi han fortener det. Denne mannen er jo lett å "ta" for hans utallige " Bushismar ", Han kan sei slikt som "They misunderestimated me" og "Rarely is the question asked: Is our children learning?" , men benektar likevel at han dysleksi. Det kan jo henda at han ikkje veit ka det betyr? Men om det bare var talefeil som var Bush sitt problem, så skulle vi (kanskje) l...

شاپرک خرسندی

Ifølge Shappi Khorsandi sjøl, så kjem stadig folk bort og spør "unnskyld, er du Omid Djalili?" (som vi presenterte i forrige post Ein stor tøysekopp ). Men den einaste likheten er at dei begge har iransk bakgrunn. Familien hennar forlot Iran etter den islamske revolusjonen sidan faren, satirikaren og poeten Hadi Khorsandi, hadde publisert eit dikt som var kritisk til det nye regimet. Alstå omtrent som å skriva bok om orangutangen i det kvite hus i dag. Ho driv fremdeles med komedie, men har sjølsagt gjort litt av kvart. Feks, har ho skrive fleire bøker, som "A beginners guide to Acting English", og ho var president i Humanists UK frå 2016 - 2018. Ho har opptrått på Live at the Apollo fleire gonger, og eg trur dette var den første: Shappi Khorsandi - Live At The Apollo . Shappi Khorsandi Live At The Apollo .

Ein stor tøysekopp

Og no over til ein stor tøysekopp: Omid Djalili. Skal ein dømma etter språket hans på mange opptredenar, så er han innvandrar. Men mannen er faktisk født i Chelsea i London, og gjer seg bare til! Men sidan han har iranske foreldre og har studert engelsk og teater, så har han mykje stoff til sin stand up. Så det blir mykje tøys med språk, kultur og etnisitet. Og han er heller ikkje redd for å tøysa med andre kulturar og språkgrupper. Dei som føljer han på Twitter fekk ganske nylig bevis for dette då han la ut bildet under med følgande kommentar: "There are worse things than being Welsh, dyslexic & having a terrible stutter. But not many" * Denne tweeten fekk ein del kritikk frå walisarar. Dei sa at det var uoriginalt og respektlaust. Men Djalili nekta å be om unnskyldning, og mange andre walisarar meinte også at dette måtte dei tåla. Og alle som har sett og opplevd engelsk humor veit at det e...

Nabil Abdulrashid

Ingen skal komma og påstå at ikkje komiklipp er oppdaterte og aktuelle! Her slår vi til med eit klipp frå årets pågåande Britain's Got Talent med Nabil Abdulrashid . Men Nabil er på ingen måte ein nykommar, For eksempel var han som 22-åring (i 2010) den yngste svarte komikaren som gjorde stand-up på Hammersmith Apollo. Og saman med Pardis Parker vant han konkurransen "Which Religion Is Funniest?", der dommarane var ikkje ukjente David Baddiel og Omid Djalili . Deretter fekk han opptre på premieren til filmen deira The Infidel . Det viste seg at den morsommaste religionen var Islam. Dette handla aldeles ikkje om å gjera narr av religion, men var ei høyst useriøs kåring av ka religionsbakgrunn som produserte mest og best komedie. Mange ville kanskje tru at det var jødedomen, men det er sikkert at det fins mange gode muslimske standupparar. Og Nabil er ein av disse. Som klippet viser...

Ei takketale

Kvart år deler John F. Kennedy Center for the Performing Arts ut den såkalte Mark Twain-prisen til "personar som har hatt betydning for det amerikanske samfunnet på liknande vis som den framståande forfattaren og essayisten frå det nittande århundre, Samuel Clemens, betre kjent som Mark Twain", som det står i statuttane. I år var det Dave Chapelle som fekk den, som nr. 22 i rekkja av amerikanske komikarar . Det starta med Richard Pryor i 1998, og blant dei som seinare har fått den er Steve Martin, George Carlin, Bill Cosby, Tina Fey, Eddie Murphy og Julia Louis-Dreyfus. Alle disse har enten alt vore, eller skal snart bli (stay tuned!), representert på komiklipp. Det gjeld også Will Ferrell , som fekk prisen i 2011, og med det vart han den trettande mottakaren  (men den ellevte kaukasiske, som han framhevar!) Will Ferrell har gjort mange komifilmar, men kanskje (syns eg) det er morsommare det...

Kommunistkviss

Forrige post handla om SNL sitt Celebrity Jeopardy med Tom Hanks i fri dressur . Men no skal vi høyna kjendisfaktoren med Monty Python sin " Communist Quiz ", også referert til som "World_Forum". Denne sketsjen gjekk først på lufta den 15 desember 1970, og var då med i den tolvte episoden frå sesong 2 av Monty Python's Flying Circus. Men dette er bittelitt annan versjon frå Monty Python Live at the Hollywood Bowl , der Eric Idle er verten, Terry Jones spelar Marx, John Cleese er ein usedvanlig stille Lenin, mens Michael Palin er Che Guevara og Terry Gilliam ein gul Mao. Eg føler verkeleg med Lenin akkurat i denne sketsjen (men forøvrig vil eg ha meg frabedt samanlikning ...), sidan det ofte er slik eg føler meg på ein quiz. Vi har nok begge ein litt for nerdete tilnærming til fakta. Korfor skal ein kunna, og ikkje minst meina, det alle andre kan liksom? Teksten . Italiensk f...

Tom Hanks i fri dressur

Oppvarming Tom Hanks er ein alle tiders skuespelar. For nordmenn er han vel best kjent for seriøse filmar som Da Vinci-koden, Bridge of Spies, Forrest Gump, Apollo 13 osv, osv.  Men før han vart ein av Hollywoods mest elska stjerner og fekk klippekort på Oscar-showet, så øvte han stand-up på klubben Comedy Strip i New York City. Og han øvte bokstavelig talt, fordi han skulle bruka dette i komedien  "Punchline" i 1987. Filmen fekk blanda kritikk, og antagelig var øvinga like morsom som sjølve filmen: Men til saken: Tom Hanks har også vore med på ein haug med SNL-sketsjar. I posten Baldwin for president! kan du sjå han som programledar i presidentdebatten mellom Trump og Clinton. I den sketsjen spelar han veldig strait den seriøse vs den surrealistiske Trump. Men i denne vi skal sjå no er det full slapstick! Det handlar om Jeopardy, noke som amerikanarane ser ut til å vera veldig opptatt av, ell...

8:46 - Dave Chapelle

Dette er ikkje moro. Men når du søkjer på komikaren Dave Chapelle, så er det denne som kjem øverst. Det er ein kommentar til Black Lives Matter og vart lagt ut 11 juni. I skrivande stund har den blitt sett 16 601 335 gonger. Eg trur ytterligare kommentarer blir overflødige: